Universitetshistorie for alle på nett

71 artiklar om UiOs historie ligg klare og ventar på lesarar på den nye nettstaden til Museum for universitets- og vitskapshistorie. I går blei nettstaden opna av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i tradisjonsrike Gamle festsal i Urbygningen.

GLADE: Dei er glade for at den nye nettstaden til Museum for universitets- og vitskapshistorie er opna: F.v. Torill Sand, Anne Vaalund, Bjørn Vidar Johansen og Anette Clason Lund.
Foto: Martin Toft

No ligg vegen open for alle dei som ynskjer å leita etter bilete av bestemor, bestefar eller far og mor då dei var unge og ambisiøse studentar ved Universitetet i Oslo.

Og om dei også var tilsette i administrasjonen eller som forskarar på universitetet, aukar sjansane for å sjå bilete av eller å kunna lesa artiklar om nære slektningar. Det er no blitt mogleg takk vere den nye nettstaden til Museum for universitets- og vitskapshistorie, muv.uio.no.

Den blei offisielt opna av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe under lanseringa i Gamle festsal i Urbygningen i går ettermiddag.

- Det er flott å sjå korleis eit slikt tverrfagleg prosjekt er blitt ein suksess. Nettstaden viser oss UiOs historie, og eg er sikker på at den vil få eit svært stort nedslagsfelt.

- Det er nettet som blir framtida. Difor er eg sjølvsagt også svært stolt over at det er UiO som etablerer Noregs første universitets- og vitskapshistoriske nettstad, sa Bjørneboe, før ho markerte at nettstaden er formelt opna.

Då steig ein storskjerm opp frå golvet, slik at alle dei frammøtte kunne sjå den nye nettstaden.

- Ein merkedag

Den som truleg var aller mest stolt, var Bjørn Vidar Johansen, som er dagleg leiar ved Museum for universitets- og vitskapshistorie. Prosjektet blei fødd hausten 2005. Og no kan det altså gå på nettet ved eiga hjelp.

- Dette er ein merkedag for dei to og ein halv tilsette som arbeider ved dette museet. Alle medarbeidarane våre har vist stort engasjement for prosjektet, og me har fått verdifull hjelp frå heile universitetet, blant anna frå Eining for digital dokumentasjon og USIT. Ikkje minst må eg retta masse takk til prosjektleiar Anette Clason Lund, som kom inn og fekk staka ut retninga til prosjektet, slik at det blei ein mykje betre nettstad enn den elles ville blitt, sa Johansen.

Han var oppteken av å få fram at dei ikkje ville ha ein klassisk museal nettstad.

- Me ville ha noko som var mykje breiare enn det, for å kunna formidla og visa fram historia til Universitetet i Oslo. Målet vårt er å nå studentar og tilsette ved UiO, innbyggjarane i Oslo og alle dei som er fagleg interesserte i universitetshistorie.

- 71 artiklar frå interne og eksterne skribentar har me allereie fått inn. Dersom me skriv dei ut, får me ei svært tjukk bok, slo han fast og viste fram permen med utskriftene av alle artiklane.

100 år sidan glansperioden

- Både små og store historier skal få plass på denne nettstaden. Målet er at den skal visa den historiske arven vår og historia som ligg framfor oss, la han til.

Så overlet han ordet til Anne Vaalund som demonstrerte korleis det var mogleg å søkja i den historiske fotobasen, medan studentane Ditte Marie Bræin og Jon Ludvig Hansen sytte for dei musikalske bidraga.

Universitetshistorieprofessor John Peter Collett kåserte om glansperioden til universitetet.

- Det var for om lag 100 år sidan, då det faktisk var eit forskingsuniversitet på eit høgt internasjonalt nivå, konstaterte Collett.

Og på den nye nettstaden kan me lesa om fleire av forskarane som har markert seg. Blant andre om alle Nobelprisvinnarane frå UiO.

Emneord: Universitetshistorie, Museene Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2008 14:41 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere