Erik Møse får UiOs menneskerettspris

Dommar Erik Møse ved Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda, er tildelt UiOs menneskerettspris for 2008. - Eg er svært glad for prisen, seier Møse til Uniforum på telefon frå Arusha i Tanzania. Møse var i åra 2003-2007 også president for denne straffedomstolen.

MENNESKERETTSPRIS: Dommar Erik Møse ved Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda , er tildelt UiOs menneskerettspris. (Foto: ICTR)

- Gratulerer med UiOs menneskerettspris, Erik Møse!

- Tusen takk for det!

- Kva vil det seia for deg å få denne prisen?

- Eg er svært glad for å bli tildelt prisen. I tillegg til å vera ei personleg anerkjenning, får tildelinga synt fram kor meiningsfullt det viktige arbeidet som blir utført av FNs straffedomstol for Rwanda, er.

- Dei tiltalte er leiarane under folkemordet i 1994. Det er viktig både for Rwanda, Afrika og verdssamfunnet at også leiarar blir stilte for retten for å få avklart om dei er skuldige eller ikkje, og få straffa si for grove menneskerettsbrot. Pristildelinga inneber ei støtte til dette arbeidet, seier Møse til Uniforum.

Det var Universitetsstyret som denne månaden formelt avgjorde at UiOs menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris, i år skulle gå til den norske dommaren Erik Møse.

Sidan 1999 har han arbeidd ved FNs domstol for behandling av saker som gjeld folkemordet i Rwanda i 1994. Frå 1999 til 2003 var han visepresident for domstolen, medan han overtok som president frå 2003 til 2007.

Første dom mot ein statsleiar for folkemord

No er Erik Møse dommar ved Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda.

- Synest du at Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda får den merksemda den fortener i høve til straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia?

- Jugoslavia- og Rwandadomstolen utfører begge banebrytande innsats. Dei blir fylgde nøye av FN og styresmaktene i medlemslanda, interesserte juristar og
menneskerettsorganisasjonar. Likevel veit nok, til dømes europearar, meir om arbeidet til Jugoslavia-domstolen. Det er lettare både for media og folk flest å ha eit forhold til konfliktar som ligg nære.

- "Alle" kjenner Milosevic-saka, medan færre veit at den første dommen mot ein statsleiar blei kunngjort i Arusha, då statsminister Jean Kambanda blei domfelt for folkemord.
Blant Rwanda-domstolen sine over 70 tiltalte, er det 14 ministrar. Pristildelinga kan vera med på å gjera arbeidet vårt meir kjent.

God mediedekning i Aust-Afrika

- Korleis er interessa for arbeidet ditt blant media i Afrika?

- Særleg i Aust-Afrika blir det skrive ein god del om domstolen, ikkje minst i rwandesisk og tanzaniansk presse. Eit eige pressebyrå, finansiert av fleire europeiske land, blant andre Noreg, fylgjer rettssakene våre kontinuerleg og publiserer mange artiklar kvar dag. Dei blir sende til nyhendebyrå verda rundt.

- Når reknar du med at arbeidet til straffedomstolen er ferdig?

- Planen har vore at rettssakene skal avsluttast ved utgangen av 2008, medan ankebehandlinga blir fullført i 2010. Men fleire av våre tiltalte er framleis på frifot, og nokre er nyleg blitt pågripne. Det er grunnen til at rettssakene vil måtta halda fram inn i 2009. På lengre sikt er det viktig å finna ei løysing som forhindrar straff-fridom for tiltalte som blir pågripne i framtida, seier Møse.

Han har tatt juss ved Universitetet i Oslo, og fram til 1986 arbeidde han i Justisdepartementet. Seinare var Møse advokat hos Regjeringsadvokaten og lagdommar. Møse er framleis knytt til UiO som gjesteforelesar.

Dessutan har han vore sterkt delaktig i arbeidet med å utarbeida Den europeiske menneskerettskonvensjonen og for å få lagt inn menneskerettslovgjeving i norsk rett. Tidlegare i år blei han utnemnd til Kommandør av Den Kongelege Norske Fortenestordenen for arbeidet sitt med å fremja menneskerettane.

Oppretta av Leo Eitinger

UiOs menneskerettspris ber namnet til den internasjonalt kjende psykiateren Leo Eitinger (1912-1996) , som oppretta prisen i sitt eige og i kona sitt namn for å heidra personar som hadde kjempa for menneskerettane. Tidlegare har blant andre den første sametingspresidenten, Ole Henrik Magga og den pakistanske menneskerettsadvokaten, Asma Jahangir fått tildelt denne prisen.

Den aller første prisen blei tildelt i 1986. Då gjekk prisen til den amerikanske forfattaren og humanisten Elie Wiesel, som det same året også fekk tildelt Nobels fredspris. Priskomiteen blir i dag leidd av prorektor Haakon Breien Benestad.

UiOs menneskerettspris blir delt ut til Erik Møse i Gamle Festsal i Urbygningen. måndag 27. oktober kl. 16.00. Prisvinnaren får 30 000 kroner og eit trykk av Frans Widerberg.

(Kjelder: Erik Møse, Wikipedia, Aftenposten, NRK, Amnesty, Det Norske Nobelinstitutt)

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 30. juni 2008 11:15 - Sist endra 10. des. 2008 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere