Den internasjonale sommarskulen opna

Forskingsminister Tora Aasland heldt talen under den offisielle opninga av Den internasjonale sommarskulen i Universitetets Aula tysdag kveld. 530 studentar frå 90 land deltar på årets sommarskule.

SOMMARSTUDENTAR: 530 studentar frå 90 land deltar på kursa til Den internasjonale sommarskulen, som blei offisielt opna i Aulaen denne veka.
Foto: Sissel Drevsjø

Den internasjonale sommarskulen ved UiO varer frå 21. juni til 1. august.

Den offisielle opningsseremonien fann stad i Universitetets Aula tysdag 24. juni, med rektor Geir Ellingsrud til stades, medan forskingsminister Tora Aasland heldt opningstalen.

Kurstilbodet ved Sommarskulen inneheld i år norsk språk og emne innanfor norsk kultur, demokratisk statsforvalting og internasjonal politikk, men også masterkurs på fagområde som spesialpedagogikk, fredsforsking, helsevesen, energiplanlegging/miljøvern, kjønnsforsking og internasjonale utviklingsstudium.

I tillegg til kursa kan studentane på Sommarskulen nyta godt av eit rikt tilbod av kulturelle og sosiale aktivitetar.

Emneord: Internasjonalisering, Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2008 08:48 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere