Deler ut 30,2 millionar kroner

Dei 30,2 millionar kronene som UiO fekk tildelt i det reviderte statsbudsjettet, skal delast mellom alle fakulteta og einingane ved UiO. Det avgjorde Universitetsstyret 17. juni. Til saman har UiO kutta 120 millionar kroner på budsjettet for 2008.

FÅR PENGAR TILBAKE: MN-fakultetet får tilbake 5,3 millionar kroner av dei pengane dei skar ned på 2008-budsjettet. (Arkivfoto)
Foto: Trine Nickelsen

Alle einingane får tilbake ein prosentdel som svarar til det kuttet dei tidlegare har gjennomført. Det vil seia at dei som har skore mest ned, vil få mest tilbake.

Dermed får Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet mest tilbake, med 5,3 millionar kroner. Det medisinske fakultetet får tilbake 4,4 millionar, medan Det humanistiske fakultetet får 4,3 millionar.

I tillegg får Teknisk avdeling rundt 3,5 millionar kroner. Deretter fylgjer Det samfunnsvitskaplege fakultetet med
2,7 millionar kroner. Det juridiske fakultetet, som i fjor haust hadde fleire krisemøte om den vanskelege økonomiske situasjonen sin, får rundt 1,5 millionar kroner tilbake.

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2008 10:06 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere