- Vil rekruttera dei aller beste

- Eg vil arbeida for å rekruttera dei aller beste folka til UiO, samtidig som eg vil gjera det eg kan for at dei aller beste på universitetet blir verande her, understrekar Anita Sandberg. I august tar ho til i jobben som UiOs HR-direktør og overtar etter tidlegare organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen.

GOD PERSONALPOLITIKK: - Eit godt teikn på det er ein arbeidsplass med høg trivsel og medarbeidarar som er interesserte i å utvikla seg, slår nytilsett HR-direktør Anita Sandberg fast.
Foto: Ståle Skogstad

Karrieren til Anita Sandberg byrja som deltidstilsett ved Teknologisk institutt ved sida av hovudfagsstudiet i arbeids- og organisasjonssosiologi på Universitetet i Oslo. Til slutt blei deltidsjobben heiltidsjobb, og hovudfaget blei lagt på hylla.

I jobben på Teknologisk institutt heldt ho kurs i kunnskapsformidling og bedriftsetablering i by og bygd over heile landet.

Vegen tilbake til Blindern har i stor grad gått på spor. Ho har nemleg bakgrunn som personal- og organisasjonssjef i NSB Gods og som verkstadsjef i Oslo Sporveier, men også frå
personaladministrasjonen til Telenor.

No forlet ho stillinga som dagleg leiar ved Norsk legesenter i Oslo for å bli HR-direktør (HR=Human Resources) ved UiO. Sandberg trur ikkje overgangen blir for stor.

- Eg likar å jobba i store organisasjonar som har viktige samfunnsoppgåver. Dessutan så likar eg store og tydelege utfordringar.

- Kva trur du blir den største utfordringa på UiO?

- Eit viktig område er arbeidet med fagprioriteringa. Sjølv skal eg på ingen måte ha noko med den faglege biten å gjera, men eg kan vonleg bidra i prosessane rundt dette arbeidet. Dessutan har eg fanga opp at det er viktig å setja universitetet i ein posisjon som kan gjera det mogleg for institusjonen å profilera seg endå meir i framtida, understrekar Sandberg.

- Må halda på dei dyktigaste

Generasjonsskiftet på universitetet opptar henne, som ei av fleire utfordringar ho har fått varsel om.

- Me må passa på å trekkja til oss nye dyktige medarbeidarar, men på same tid må me vera opptekne av å halda på dei dyktigaste medarbeidarane på universitetet. Dette er alltid svært viktig i store organisasjonar som har både mykje gamal historie og mykje kultur i veggane.

Akkurat som i Oslo Sporveier og i NSB Gods. Og på slike arbeidsplassar er det heile tida noko som må endrast, registrerer ho. Sandberg har også ei klar oppfatning av kva som er god personalpolitikk.

- Med det tenkjer eg mest på resultatet av personalpolitikken. Eit godt teikn på at ein lukkast er ein arbeidsplass med høg trivsel og medarbeidarar som er interesserte i å utvikla seg i den jobben dei er tilsette i, slår ho fast.

Det nye personal- og lønnssystemet POLS er ikkje heilt ukjent for henne.

- Eg synest dei som har arbeidd med dette prosjektet, har gjort ein framifrå innsats, og dei klarer å få betalt ut rett lønn til folk til rett tid er eit viktig og grunnleggjande krav, synest ho.

- Kva er inntrykket ditt av UiO?

- På mange måtar er til dømes både NHH og BI meir profilerte enn UiO. Men det blir meir forståeleg når ein ser på alle faga universitetet femner om, konstaterer ho.

- Vil lytta til medarbeidarane mine

Når ho byrjar i jobben i august, vil ho først halda ein låg profil.

- Den viktigaste jobben min blir då å lytta til medarbeidarane mine og vera ein del av leiargruppa. Eg vil sjølvsagt lojalt fylgja opp alle avgjerder som universitetsleiinga har tatt før eg byrja i jobben. Så eg vil slett ikkje starta jobben med å setja i gang eigne prosjekt.

- Og så gler du deg vel til dei lokale lønnsforhandlingane kjem i gang?

- Då vil eg stola fullt og heilt på medarbeidarane mine, som kan rutinane og som veit korleis dette går føre seg på UiO. Det vil vera frykteleg vanskeleg å koma inn som heilt ny og tru at du kan gjera sånt heilt åleine, understrekar ho.

Anita Sandberg reknar med å tilbringa mykje tid i Administrasjonsbygningen på Blindern. Men i fritida skal ho halda fram med å kopla av med hest.

- Eg har ei dotter som driv med hest og som deltar i konkurransar i sprang, dressur og felt. Det fører til at me drar på stemne i lag både i Noreg og i Sverige. Det er ein fin måte å koma seg ut av byen på, tykkjer ho.

Emneord: Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2008 10:07 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere