UiO åtvarar mot inflasjon i universitet

UiO oppfordrar regjeringa til å halda fast på eit klart skilje mellom høgskular og universitet og ser ingen grunn til at Noreg skal velja ein veg som andre land har gått før og som dei no er i ferd med å forlata. Det går fram av UiOs høyringsfråsegn til utgreiinga frå Stjernø-utvalet, som blei vedtatt av Universitetsstyret denne veka.

UNDERKOMMUNISERT: - Det er underkommunisert kor arbeidskrevjande ein fusjonsprosess kjem til å bli, meiner viserektor Inga Bostad.
Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo går også imot forslaget om ein ny nasjonal institusjonsstruktur, og bed regjeringa om ikkje å svekka skiljet mellom høgskular og universitet meir enn i dag. Det vil vera feil, understrekar UiO.

Det forstår likevel godt behovet høgskulane har for å styrkja eiga forsking retta mot utviklinga av forskjellige profesjonar, men UiO meiner det bør finnast andre måtar å styrkja denne delen av verksemda deira på, enn å setja i gang store fusjonsprosessar i heile landet.

- Det er underkommunisert kor arbeidskrevjande ein slik prosess kjem til å bli, meiner viserektor Inga Bostad.

Ho har leidd utvalet som har ført høyringsfråsegna i pennen. Der blir det teikna opp eit bilete som skildrar konkurransen mellom høgskulane om å bli universitet, som uheldig.

Difor deler universitetet Marianne Hargs oppfatning i Stjernø-utvalet om at kriterium for akkreditering som universitet bør styrkjast og at det bør skje raskt.

Det blir peika på at utviklinga mot at høgskular blir akkrediterte som universitet i mange europeiske land, fører til at universiteta blir rangerte i -A-- og -B--universitet. UiO ser ingen grunn til at Noreg skal velja ein veg som andre har gått før oss og som dei no er i ferd med å forlata, går det fram av fråsegna.

- Nettverkssamarbeid

Og Inga Bostad forsvarar denne haldninga.
- I dag har me fått ein konkurransesituasjon der mange høgskular og universitet opprettar fleire nye bachelor- og masterutdanningar. Det fører til at mange fag har for få søkjarar. I lengda vil det gå ut over naudsynte ressursar til forskinga. UiO vil heller gå inn for ein større grad av nettverkssamarbeid og fagnært samarbeid, men også me vil ha konkurranse om forskingspengane, understrekar Bostad.

- Kva modell ynskjer UiO?

- Me ynskjer å ta utgangspunkt i dagens institusjonsstruktur, men at kvar høgskule og kvart universitet får ein endå tydelegare profil. Når det er sagt, synest me at Stjernø-utvalet kjem med mange fine innspel. Spesielt dei framlegga som utvalet legg fram for å styrkja profesjonsutdanningane, er positive.

- Vil UiO samarbeida meir med høgskulane i framtida om fordeling av fag?

- Universitetet i Oslo samarbeider nært med Høgskolen i Oslo om den nye lærarutdanninga. Framleis er me ikkje einige om kva institusjon som skal ta seg av bachelorstudiet og masterstudiet, presiserer ho.

- Kvifor åtvarar de mot at endå fleire høgskular skal bli universitet?

- Den gjennomgåande haldninga i rapporten, er at det finst strukturelle modellar som kan brukast for å styrkja forsking og utdanning. UiO meiner derimot at det viktigaste er å få meir tid til forsking, få utvikla ein god personalpolitikk og få læringsutbyte på den institusjonen du vel, fortel ho.

Då Stjernø-utvalet la fram fleirtalsinnstillinga si i januar, var det mange som reagerte negativt på at utvalet også hadde tatt med eit kapittel om styring og leiing på institusjonane. Fleirtalet gjekk inn for at det skulle lovfestast ein styringsmodell med einskapleg leiing med ein ekstern styreleiar, men der vald eller tilsett rektor blir sidestilt.

Delt syn på styringsmodell

I UiOs høyringsfråsegn har Universitetsstyret delt seg i eit fleirtal og eit mindretal i dette spørsmålet.

- Både i den interne høyringa på UiO og i Universitetsstyret er fleirtalet for dagens ordning, der institusjonane sjølve har valfridom til å bestemma styringsmodell. Mindretalet i styret går inn for at det blir innført ein styringsmodell med einskapleg leiing med tilsett eller vald rektor, men med ein ekstern styreleiar. Heile Universitetsstyret er likevel einige om at det er naudsynt å evaluera dagens styringsmodell ved UiO. Det skal gjerast i løpet av hausten, seier Bostad til Uniforum.

Det som likevel er klart, er at UiO gir sterk støtte til Stjernø-utvalets forslag om å styrkja forskarutdanninga. Men det blir peika på at det er avgjerande at forskarutdanninga blir gjennomført i tett kontakt med grunnforskingsmiljøa.

Derimot støttar ikkje UiO framlegget om å auka den delen av forskingsmidlane som skal gå til prioriterte område i høve til dei frie forskingspengane.

Dessutan meiner universitetet at talet på senter for framifrå forsking i dag er på eit rimeleg nivå, men at dei som SFF må ha avgrensa funksjonstid, slik at det kan haldast nye utlysingsrundar.

Det er heller ikkje overraskande at Universitetet i Oslo meiner at basisløyvingane til institusjonane må aukast og at nye stipendiatstillingar må få fullfinansiering.

På nasjonalt plan meiner UiO at Noreg bør utforma ein overordna kunnskapspolitikk som legg vekt på utvikling av fagleg kvalitet som eit langsiktig hovudmål. Dette er avgjerande for at me framleis skal gjera oss gjeldande i internasjonal forsking, heiter det i høyringsfråsegna.

Dette er Stjernø-utvalet:

- Utvalet blei oppretta av dagens regjering 24. mai 2006, med Steinar Stjernø som leiar.

- Mandatet var å leggja fram ein ny struktur i høgare utdanning for å kunna ta dei utfordringane Noreg vil møta som kunnskapsnasjon fram i dei neste 10-20 åra.

- I dag finst det 51 studiestader ved dei statlege universiteta og høgskulane, og 41 av dei har færre enn 2000 studentar og 19 færre enn 1000.

- I løpet av mai skal alle ha levert inn høyringsfråsegner til Kunnskapsdepartementet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2008 17:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere