Tre vil inn i Universitetsstyret

Då fristen hadde gått ut, hadde tre personar meldt seg som kandidatar til plassen for dei mellombels tilsette i Universitetsstyret. Dei tre kandidatane er noverande representant, Kristin Bliksrud Aavitsland, Marit Brochmann og Frida Slagstad Gullestad.

VIL STYRA UiO: Tre personar vil gjerne delta i styringa av UiO på vegner av dei mellombels tilsette.
Foto: Ola Sæther

Kristin Bliksrud Aavitsland er i dag postdoktorstipendiat ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) og ho har sete i Universitetsstyret sidan 1. august i fjor. Marit Brochmann er doktorstipendiat ved Institutt for statsvitskap. Frida Slagstad Gullestad er doktorstipendiat ved Psykologisk institutt.

Valet skal haldast frå og med 26.mai til og med 28. mai. Den som får styreplassen skal sitja i eitt år frå 1. august i år.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2008 16:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere