Får 5,5 millionar til forsking på naturfag

InterMedia er tildelt 5,5 millionar kroner frå EUs 7. rammeprogram for å finna ut korleis digitale læringsmiljø kan vera med på å gjera læring av naturvitskap meir interessant og motiverande. Prosjektet vil sysselsetja rundt åtte forskarar og utviklarar dei neste fire åra.

MILLIONAR: Prosjektleiar Anders Kluge er svært nøgd med at InterMedia får tildelt 5,5 millionar frå EUs 7. rammeprogram.
Foto: Ola Sæther

Forskingsprosjektet starta 1. mars i år og skjer i nært samarbeid med forskarar frå 12 institusjonar i sju europeiske land og Canada. InterMedias forskarar står bak 10 prosent av forskingsprosjektet, som til saman vil gi arbeid til mellom 40 og 60 forskarar i fire år.

Oppgåva blir å utvikla eit digitalt læringsmiljø der elevar skal arbeida både åleine og saman med andre for å løysa oppdrag knytte til matematikk, vitskap og teknologi. Ved hjelp av dette læringsmiljøet skal dei både læra naturvitskap og finna ut på kva måte naturvitskaplege spørsmål har noko å seia i samfunnet. Prosjektleiar Anders Kluge er svært nøgd med at InterMedia har fått i hamn dette forskingsprosjektet, som har fått tittelen "Science Created By You (SCY)".

Internasjonalisering

- Det fører til at me kan tenkja langsiktig både når det gjeld rekruttering av stipendiatar og utvikling av teknologien til prosjektet. Dessutan ser me dette som ei heilt klar fylgje av det internasjonale forskingssamarbeidet me har hatt i nettverket Kaleidoscope, som er blitt leidd av senterleiaren vår, Sten Ludvigsen, understrekar Kluge.

Han trur også at den store forskingsløyvinga vil gi InterMedia høve til å få stor innverknad på prosjektet, både den pedagogiske og den teknologiske delen.

- Denne gongen vil me lata pedagogikken koma inn i nært samvirke med teknologien, slik at dei kan utfylla kvarandre utan at pedagogane må ofra ein del av sine idear til fordel for teknologane. Tidlegare har anten teknologien eller pedagogikken kome i første rekkje, og så har dei andre delane av prosjekta måtta tilpassa seg etter kvart. I teknologistimulert læring er det heller ikkje bra med steile pedagogar som ikkje gir ressursar til utvikling av teknologi.

- I dette prosjektet skal pedagogikk og teknologi verka saman, slik at ein får eit reelt tverrfagleg prosjekt med data for både pedagogisk og teknologisk forsking, understrekar Kluge. Han viser gjerne korleis dei har tenkt å utvikla desse ideane.

Bør det forskast på befrukta egg?

- Elevane får i oppdrag å svara på samfunnsrelevante spørsmål innanfor naturvitskap, som til dømes om det bør forskast på befrukta egg. Då skal me tilby dei eit sett av verktøy som dei skal kunna bruka for å undersøkja, simulera og integrera svara på det spørsmålet.

- Dei kan henta informasjon om temaet frå Internett, og så kan dei bruka den informasjonen for å laga eit simuleringsobjekt. Det vil seia at dei til dømes saman med dei andre i klassen kan laga eit bilete av det norske samfunnet i 2024. Samtidig vil læringsmiljøet gi dei høve til å utveksla liknande informasjon med elevar i Estland eller på Kypros, fortel Kluge.

Han legg til at dei satsar på å bruka elevar i siste klasse i ungdomsskulen eller dei første klassane i den vidaregåande skulen. Målet er også å støtta samarbeid og samvirke mellom elevane sine eigne bidrag og faktainformasjon, og gjera elevane sjølve i stand til å produsera informasjonspakker som gir eit bilete av undersøkingane deira av eit verkeleg tilfelle.

Kluge viser til at elevane kan få i oppdrag å byggja eit CO 2-nøytralt hus og finna ut kva som er årsakene til diabetes og koma med moglege tiltak.

- I forskingsfronten

- Alle institusjonane som deltar er i front innanfor det teknologisk-pedagogiske forskingsfeltet. InterMedia skal blant anna vera med på å laga læringsmiljø, pedagogiske scenarium, teknologisk arkitektur, analyser av bruk og evaluering, og me skal leia den aller største arbeidspakka i prosjektet, fortel han. For InterMedia kan to viktige resultat koma ut av prosjektet.

- Me kan sjå kva som skal til for å gjera undervisning i naturfag spennande og me kan setja i gang noko som kan gi interessant forsking om teknologi og læring. Det blir svært interessant for oss å finna ut korleis elevane vil velja å ta i bruk det nye læringsmiljøet me skal utvikla, og sjå det i samanheng med dei pedagogiske grunnideane våre, understrekar han. Det er også andre grunnar til at dette prosjektet er viktig for forskingsmiljøet til InterMedia.

- Me får prøvd eiga forsking internasjonalt og får på den måten ein god målestokk å måla oss mot. Det er svært lærerikt for fagmiljøet vårt, meiner Kluge.


Desse landa deltar i prosjektet:
Nederland
Frankrike
Tyskland
Estland
Kypros
Canada
Noreg
Budsjett: 7 millionar euro over fire år
Forskingsprosjektet skal leiast frå Universitetet i Twente i Nederland

-

Emneord: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Forskning Av Martin Toft
Publisert 3. apr. 2008 16:20 - Sist endret 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere