Skal jubilera for 24 millionar kroner

Opning av den nyrestaurerte Universitetets Aula og rockekonsert på Rådhusplassen. Det er berre litt av det som skal skje når UiO markerer 200-årsjubileet sitt i 2011. Førebuinga og jubileet vil kosta 24 millionar kroner.

I TO HUNDRE: Prosjektdirektør Inger Stray Lien (i midten), Ulla Heli og Dag Gjestland er i full gang med førebuingane til 200-årsjubileet.

Foto: Ståle Skogstad

- Me vil gjerne invitera både universitetet, byen og dei andre universiteta til å delta i arbeidet med å laga eit innhaldsrikt universitetsjubileum i 2011, seier Inger Stray Lien, som er prosjektdirektør for UiOs 200-årsjubileum.

Ho er glad for at Universitetsstyret har gitt jubileet ei ramme på 24 millionar kroner. Dette er pengar som skal dekka både planlegging og gjennomføring av sjølve jubileet.

Det planlagde programmet for jubileumsåret skal leggjast fram for Universitetsstyret til sommaren, og då skal også det endelege budsjettet for markeringane i 2011 spikrast fast.

- Det står sjølvsagt mykje igjen enno, men ideane og planane for jubileet er under utvikling og tar til å ta form. Ein god dialog med fakulteta og musea er heilt avgjerande for å gi jubileumsarrangementet eit spennande innhald, understrekar Stray Lien.

Får konkurranse frå VM på ski

- Tidleg på året i 2011 er det VM på ski i Oslo. Me må innsjå at me ikkje klarer å hamla opp med det om medieinteressa i den tida det arrangementet går føre seg. Dei første jubileumsarrangementa vil difor bli retta mot studentar og tilsette på universitetet.

- I 2011 vil det også vera 75 år sidan Blindern blei tatt i bruk som universitetsområde. Kong Haakon VII opna Blindern universitetsområde den 18. januar 1936, og 18. januar 2011 har me eit ynskje om å skipa til den store alumnusdagen for tidlegare studentar, seier Stray Lien.

- Me håpar at mange vil ta imot ein invitasjon og møta att det gamle fakultetet sitt, slik det er i dag. Dessutan har me tru på at fagmiljøa vil by på spennande program, seier ho.

Litt seinare på våren ynskjer jubileumskomiteen å senda mange av dei beste formidlarane universitetet har på turné til vidaregåande skular på Austlandet.

- Saman vil dei kunna slå eit kraftig slag for verdien av kunnskap og inspirera dei som står framfor val av studium og studiestad. Slik vil dei bli dei fremste faglege ambassadørane for UiO, understrekar Stray Lien, som også er oppteken av å trekkja inn både Oslo og resten av landet i jubileet.

Ei nasjonal hending

- Jubileet må bli ei markering av at det var 200 år sidan Noreg fekk sitt første universitet. På den måten er det også ei hending som har stor nasjonal interesse, samtidig som det sjølvsagt også er UiOs fødselsdag, presiserer ho.

Komiteen ynskjer å arbeida saman med andre nasjonale kulturinstitusjonar i hovudstaden og har møtt stor interesse frå dei som er kontakta så langt.

- Me har tankar om utstillingar både ved Nasjonalmuseet, Arkitekturmuseet og Munch-museet, og samarbeider med dei for å utvikla gode idear som kan passa inn i deira utstillingsprogram i jubileumsåret. Og når det først er snakk om museum, så inkluderer med meir enn gjerne grunnsteinsnedlegginga for eit nytt kulturhistorisk museum på Sørenga i programmet vårt, seier Stray Lien.

Ho trur likevel at mykje må falla på plass før den tid, om det skal lykkast.

- Jubileumsåret vil vera eit viktig omdømmeprosjekt for universitetet. Sjølv om det vil vera mykje ekstra som hender i 2011, må me ta utgangspunkt i eit heilt vanleg universitetsår, peikar Stray Lien på.

Rockekonsert på Rådhusplassen

Så langt har ho og dei to andre i jubileumskomiteen, Ulla Heli og Dag Gjestland, plotta inn rundt 50 små og store arrangement. Dei spenner frå opning av den nyrestaurerte Universitetets Aula til rockekonsert på Rådhusplassen. Men ho er også opptatt av at dei tilsette skal vera med på jubileet og har utfordra Velferdsutvalet til samarbeid om korleis det kan gjerast, og dei er allereie i gang med idékasting.

- Dessutan blir også Forskingsrådet ein viktig samarbeidspartnar for oss. Me håpar at Forskingsdagane 2011 kan få ein jubileumsvariant, foreslår ho.

Men det skal også skje fleire ting på universitetet.

- I 2010 vil den nye informatikkbygningen i Gaustadbekkdalen, IFI II, stå klar, og heile området vil stå fram på ein heilt annan måte enn før, når me skal feira jubileum. Det er det mange som gler seg til og Institutt for informatikk har planar om å feira med ein stor studentfest for alle UiO-studentar i jubileumsåret, avslører ho. På nasjonalt plan vil det henda svært mykje innanfor norsk polarhistorie.

Polarjubileum

2011 er eit viktig år for norsk polarforsking. Då vil det vera 150 år sidan Fridtjof Nansen blei fødd, og 100 år sidan Roald Amundsen planta det norske flagget på Sørpolen, understrekar ho.

Seinare på hausten skal Observatoriet gjenopnast, etter ei ombygging der tverrfløya på nytt kan opnast for publikum.

- Dette var universitetet sin første eigne bygning, og det var eit svært viktig hus i Christiania både for vitskapen og som kulturell møtestad, fortel prosjektdirektøren.

Presenterer bokverk om UiO

Mange år med forsking i regi av Forum for universitetshistorie skal presenterast i eit bokverk som kjem ut i 2011. Dag Gjestland er redaksjonssjef for bokverket. Dagleg leiar for Forum for universitetshistorie, Ulla Heli, er sekretær for prosjektgruppa.

- Dette er berre eit lite innblikk i det me arbeider med, men enno er det idear som ikkje har kome langt nok til at me kan snakka høgt om dei. Det får koma etter kvart, enno er det langt fram.

- Så langt har den aller beste gåva vore meldinga frå regjeringa om at Aulaen skal pussast opp til jubileet. Det er på høg tid. Aulaen kjem difor til å bli stengt frå sommaren 2008, men då får me berre sjå fram til at den blir opna igjen i 2011, konstaterer Stray Lien.

I 2008 skal jubileumskomiteen også lysa ut prosjektmidlar på til saman éin million kroner. Pengane skal gå til utvikling av aktivitetar som skal vera med i jubileumsprogrammet. Søknadsfristen er 10. mars. Meir informasjon finst på denne nettsida: http://www.admin.uio.no/prosjekter/2011/midler.html

Inger Stray Lien har med seg desse i styringsgruppa:
Rektor Geir Ellingsrud, psykologiprofessor Fanny Duckert, styreleiar i SiO, Egil Heinert. teologiprofessor Trond Skard Dokka, kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum og kulturdirektør Gro Balas i Oslo kommune.

I referansegruppa møtest folk frå alle fakulteta, musea, organisasjonane og fleire studentar.

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2008 11:16 - Sist endra 5. nov. 2009 10:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere