Skal få ungdom til å bli realistar

"get REAL" oppfordrar ei ny nettside som Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet står bak. Håpet er at den nye nettsida saman med mange andre tiltak i sum skal føra fleire studentar til realfaga på Universitetet i Oslo. No sender fakultetet ut blant andre studentane Kjetil Aas og Thea Charlotte Størkersen for å marknadsføra realfaga på dei vidaregåande skulane.

REALFAGSAGENTAR: Studentane Kjetil Aas og Thea Charlotte Størkersen marknadsfører realfaga på dei vidaregåande skulane.
Foto: Martin Toft

- Me vil visa at realfag er samfunnsrelevant, slår informasjonsrådgjevar Ingrid Stensland fast. Det er det inntrykket Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ynskjer å gi gjennom dei nye rekrutteringssidene på web "get REAL". Der har dei intervjua tre tidlegare realfagsstudentar, som i dag arbeider for å gjera verda litt betre innanfor miljø, klima og helse.

Saman med lektorstudenten Kjetil Aas og astronomistudenten Thea Charlotte Størkersen, som skal på turné ut i skulen, og informasjonsbrosjyren "get REAL", skal nettsida "get REAL" også gi realfaga ein ny giv som får endå fleire ungdomar til å velja realfagstudium. Det blir den mest synlege delen av realfagsatsinga til MN-fakultetet.

- Me har trykt opp 10 000 eksemplar av informasjonsbrosjyren og har allereie distribuert over 5000 av dei til alle vidaregåande skular, alle bibliotek og til alle NAV-kontor over heile landet, fortel Stensland. Ho vil at også idealistisk ungdom skal velja realfag.

- Meir enn nerdefag

- Realfaga er noko meir enn nerdefag. Dei er også for ungdomar som til dømes vil redda klimaet. Det er fullt mogleg å ha eit idealistisk perspektiv på livet og ta eit realfag. Dei er slett ikkje berre for genia, understrekar ho.

No håpar ho at nettsidene "get REAL" saman med skulebesøka som fakultet organiserer, skal lykkast med å få rekruttert fleire studentar til realfaga før søknadsfristen er ute 15. april.

Nettsida "get REAL" er blitt til i nært samarbeid med selskapet Halogen, institutt ved fakultetet, Naturfagsenteret og Informasjonsavdelinga ved UiO.

- Eg er også glad for samarbeidet me har hatt med alle involverte. Samarbeidet og satsinga har verkeleg vore eit ordentleg løft for rekrutteringsarbeidet til fakultetet, meiner ho.

SATSAR: Står bak realfagsatsinga: F.v. Lise Faafeng, Birger Kruse, Kristoffer V. Larsen, Pål F. Andersen, Sigrun Vedø Lien, Andreas Habel, Ingrid Stensland, Thea Charlotte Størkersen, Knut Fægri, Mona Bratlie, Kjetil Aas og Anja Lyngmo Bækken. (Foto: Martin Toft)

Emneord: Naturfag, Studentforhold, Fakultetene, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2008 09:06 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere