- Eit åtak på det akademiske sjølvstyret

- Stjernø-utvalets forslag om å innføra ekstern styreleiar kan ikkje sjåast på som noko anna enn eit åtak på det akademiske sjølvstyret. Det meiner Live Rasmussen og Bjørn Øgaard, som er hovudstillitsvald og leiar i Forskarforbundet ved Universitetet i Oslo.

ÅTAK: Stjernø-utvalets forslag om å innføra ekstern styreleiar er eit åtak på det akademiske sjølvstyret, seier hovudtillitsvald Live Rasmussen i Forskarforbundet.
Foto: Martin Toft

Det var i går Stjernø-utvalet la fram forslaget sitt til ny struktur for dei norske utdanningsinstitusjonane. Forskarforbundet ved UiO reagerer sterkast på at utvalet også kjem med framlegg til ny styrings- og leiingsstruktur. Hovudtillitsvald Live Rasmussen og leiar Bjørn Øgaard er svært misnøgde med forslaget om å ha ekstern styreleiar for alle institusjonane.

- Det vil føra til ein for stor avstand mellom grunnivået og leiinga for styret, slår dei fast.

- Svekkar den faglege leiinga

Dei viser til at Stortinget for få år sidan konkluderte med at institusjonane sjølve skulle få velja styringsordning.

- Likevel foreslår utvalet no å lovfesta einskapleg leiing, ekstern styreleiar og sidestilling av valt og tilsett rektor. Forskarforbundet meiner framleis at einskapleg leiing svekkar den faglege leiinga, samtidig som den undervurderer den administrative kompetansen som ligg i stillinga som universitetsdirektør, seier dei.

- Innføringa og gjennomføringa av til dømes Kvalitetsreforma viser svært tydeleg at todelt leiing ikkje er til hinder for utøving av omstilling og tydeleg styring. Me reknar med at rektor Geir Ellingsrud også vil seia klart ifrå om at han ikkje vil støtta eit slikt forslag, uttrykkjer dei overfor Uniforum.

Burde lært av helseregionane

Dei synest også at Stjernø-utvalet kunne ha sett litt på røynslene til helseregionane.

- Ei slik organisering av sjukehusa har berre ført til kamp om ressursar mellom sjukehusa, medan ein ekstern styreleiar prøver å stansa gemytta. Me har ingen tru på at dei gode institusjonane vil gjera dei dårlege gode. Dei gode vil sjølvsagt samarbeida med andre gode institusjonar, også internasjonalt, er dei overtydde om.

Samtidig fryktar dei at forskinga sine vilkår blir endå meir svekka.

- I dag har forskarane ved universiteta rett og plikt til å bruka halvparten av arbeidstida til forsking og halvparten til undervisning. Den ordninga kan stå i fare ved slike fusjonar som no blir føreslått, fryktar Rasmussen og Øgaard i Forskarforbundet.

Uniforum nett no kjem med fleire reaksjonar på forslaga til Stjernø-utvalet i morgon.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2008 10:04 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere