100 år med nynorsk i Slottskapellet

I 1907 inviterte kong Haakon VII studentane ved Det Kgl. Frederiks Universitet til å bruka Slottskapellet til studentgudstenester kvar sundag. Samstundes gav han velvillig løyve til at annakvar gudsteneste skulle vera på nynorsk. Slik har det vore i 100 år.

JUBILEUMSTONAR: Songlaget i Bondeungdomslaget sytte for vakker salmesong under 100-årsjubileet for den første landsmålsgudstenesta i Slottskapellet.
Foto: Martin Toft

I Slottskapellet blir du bukka inn av ein gardist når du kjem til gudsteneste. Sist sundag bukka han inn dei 70 sjelene som var der for å markera at det er hundre år sidan den aller første landsmålsgudstenesta blei halden i Slottskapellet. Det blei feira med ei festmesse der Songlaget i Bondeungdomslaget losa oss musikalsk vakkert gjennom gudstenesta, medan teologiprofessor Berge Furre heldt ei preike over skriftordet om forholdet mellom Gud og Mammon.

Men korleis kan det ha seg at nynorsk kom inn som gudstenestespråk i Slottskapellet? Då må me fylgja klokkar Alv Reidar Dale tilbake til ei av dei gamle skriftene, til ei bok skriven av landsungdomsprest Peter Hognestad. Den ber den tunge og lange tittelen Gud er attaat. Norsk preikesamling. Med bilæte og stutte livssogor og Soga um nynorsk kyrkjemaal. Boka kom ut på Olaf Norlis forlag i 1914.

Aksjon for nynorske gudstenester

I boka går det fram at det gjekk føre seg ein større aksjon for å få halda gudstenester på landsmål i hovudstaden. Den gongen var det slik at dei som ville ha nynorsk gudsteneste måtte søkja kyrkjetilsynet om løyve for kvar gong. I Kristiania var det Bondeungdomslaget som søkte, og det sette ned ei eiga kyrkjenemnd til å driva på med det. Først brukte dei Garnisonskyrkja på Akershus festning, sidan kom også Gamle Aker kyrkje inn i biletet. Johanneskyrkja i Kvadraturen blei brukt frå 1904 og framover.

Søkte kongen om løyve

Etter kvart kom kyrkjenemnda i Bondeungdomslaget på den tanken å søkja kongen om løyve til å nytta Slottskapellet, som stod heilt ledig. Kong Haakon tok saka med stor velvilje, og Bondeungdomslaget fekk løyve til å halda nynorsk gudsteneste i Slottskapellet frå september til mai, annakvar sundag klokka 11 om formiddagen. Den første gudstenesta blei halden 15. september 1907, og sidan den gongen har dei nynorske gudstenestene i hovudstaden hatt sin faste tilhaldsstad i Slottskapellet. Den første gudstenesta på landsmål i Slottskapellet blei leidd av landsungdomsprest Peter Hognestad. Ein månad seinare blei den første studentgudstenesta halden i Slottskapellet. Og sidan den gongen har altså annakvar studentgudsteneste vore på nynorsk, slik kong Haakon VII hadde gitt løyve til.

Nytt jubileum

I dag er det studentprestane i Oslo som har ansvaret for desse gudstenestene. Studentprestane Inger Anne Naterstad og Nils Jøran Riedl gjorde begge teneste under markeringa for den første gudstenesta på nynorsk i Slottskapellet. Og 21. oktober blir det eit nytt jubileum. Då skal det feirast at det er 100 år sidan den aller første studentgudstenesta. Då har dagens konge, kong Harald V lova å delta.

(Kjelder: Hognestad, Peter: Gud er attaat. Norsk preikesamling. Med bilæte og stutte livssogor og Soga um nynorsk kyrkjemaal, Kristiania, Olaf Norlis forlag, 1914 og Alv Reidar Dale)

Emneord: Studentsaker, Teologi Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2007 10:41 - Sist endra 10. des. 2008 14:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere