Braksuksess i Kosovo for norsk lærebok i demokrati

Ei lærebok om demokrati skriven av norske forskarar har blitt ein braksuksess blant politikarar og akademikarar i Kosovo. - Etter at presidenten for parlamentet i Kosovo hadde lese boka, tinga han eit eksemplar av boka til alle medlemane i parlamentet, til alle ordførarane og til leiande folk i statsadministrasjonen, fortel pensjonert professor i statsvitskap Knut Midgaard til Uniforum.

STERKT INNTRYKK: : - Det gjer sterkt inntrykk å oppleve at ei lærebok i demokrati får ei slik mottaking,seier Knut Midgaard.
Foto: Ola Sæther

Det var læreboka "Politisk tenkning" av Knut Midgaard og Raino Malnes som blei ein braksuksess blant politikararar og akademikarar i Kosovo, då ho kom ut på albansk i vår.

I løpet av hausten vil ho også koma ut på fleire andre språk på Balkan. Dei komande åra skal også to andre lærebøker: "Demokrati. Ideer og organisering"av Bjørn Erik Rasch og "Demokrati - vilkår og virkninger" av Knut Midgaard og Bjørn Erik Rasch omsetjast til fleire balkanske språk, i første omgang albansk, og bli gjevne ut i Kosovo.

I neste omgang blir bøkene omsette til serbisk, makedonsk, montenegrinsk, tyrkisk og bosnisk og utgjevne i Makedonia, Albania, Montenegro og Serbia. Malnes, Midgaard og Rasch er alle professorar i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Knut Midgaard fann seg sjølv som midtpunktet under lanseringskampanjen for den første boka.

- Då boka for nokre månader sidan blei lansert i Kosovo, heldt eg ei forelesing der eg drøfta kva som kjenneteiknar eit legitimt, rettferdig og godt politisk styre, på det juridiske og det filosofiske fakultetet ved det offentlege universitetet i Pristina. Også det private universitetet inviterte meg til å halda den same forelesinga der, fortel Midgaard. Men det stansa ikkje der.

- Den store lanseringsdagen blei skipa til i Nasjonalbiblioteket i Pristina. Då kom det så mange folk at ikkje alle kom inn. Men det var trykt opp 2500 eksemplar, slik at alle som kom, kunne få med seg boka. Me blei også intervjua både i radio og fjernsyn. Det gjer sterkt inntrykk å oppleva at ei lærebok i demokrati får ei slik mottaking , seier Knut Midgaard.

Politikarar fekk boka

Ein av dei som fekk boka var presidenten i parlamentet, forfattaren Kola Derisha.

- Han gjekk heim og sette i gang med å lesa boka og brukte heile natta på det. Deretter kom han tilbake til forlaget og tinga eitt eksemplar til medlemane av parlamentet, til alle ordførarane i Kosovo og til leiande folk i statsadministrasjonen. Det er ikkje alltid ei lærebok i demokrati blir etterspurt på den måten, konstaterer Midgaard.

Han gir ein stor del av æra for gjennombrotet til denne boka i Kosovo til leiaren for Venstres Opplysningsforbund, Astrid Megard Sollid og til spesialomsetjar Ermir Pulaha.

- Dei fekk ideen frå den no heimvende kosovoalbanske flyktningen Islam Azemi. Resultatet blei prosjektet "Fundament for utvikling av demokratiet på Balkan", der norske lærebøker blei omsette til albansk, først til bruk i den vidaregåande skulen og altså no sist på universiteta. Hausten 2007 går dei i gang med å omsetja lærebøker i samfunnsfag for ungdomsskulen, fortel Midgaard.

Etter planen skal dei to andre lærebøkene i demokrati for universitet og høgskular vera omsette til albansk i løpet av to år. Heile prosjektet er fullfinansiert av Utanriksdepartementet, og realisert av Venstres Opplysningsforbund. I prosjektet inngår det også illustrerte barnebøker om kjærleik og toleranse.

- Håp for demokratiet

Professor Knut Midgaard er fagleg rettleiar for lærebøkene for universitet og høgskular. Han legg ikkje skjul på at han er imponert over prosjektet, og han har også masse godord å koma med om dei kosovoalbanske politikarane og akademikarane han trefte.

- Dersom dei er representantive for andre politikarar og akademikarar, ser eg absolutt eit håp for demokratiet i Kosovo. Det er likevel heilt naudsynt at det internasjonale samfunnet er til stades for å skapa tryggleik i dette landområdet. Eg har derfor fått stor respekt for det arbeidet som FNs spesialutsending til Kosovo, Martti Ahtisaari, har gjort, understrekar han. No oppfordrar Knut Midgaard fagfellane sine til å utvida den akademiske kontakten.

- Det hadde vore spennande å få til eit samarbeid mellom statsvitskapsmiljøa i Noreg og i Kosovo, trur han.

Emneord: Internasjonalisering, Balkan Av Martin Toft
Publisert 26. juli 2007 14:30 - Sist endra 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere