Blindern stasjon blir ny i 2011

Arbeidet med å planleggja nye Blindern stasjon blir sett i gang rett etter sommarferien, og arbeidet skal vera ferdig til Universitetet i Oslos 200-årsjubileum i 2011. Det lovar Kollektivtransportproduksjon AS, melder Aftenposten. Rektor Geir Ellingsrud ynskjer også at stasjonen skal skifta namn til "Universitetet" på same vis som trikkehaldeplassen på Blindern.

BLIR NY: Blindern stasjon skal bli ny til UiOs 200-årsjubileum i 2011.
Foto: Ola Sæther

Det var i vår UiO-rektor Geir Ellingsrud tok kontakt med Kollektivtransportproduksjon A/S og byrådsleiar Erling Lae med bønn om at prosjektet for å rusta opp den nedslitne Blindern stasjon blei sett i gang så snart som mogleg. UiO meiner 200-årsjubileet i 2011 er eit passande høve til å opna ein splitter ny stasjon, skriv Aftenposten i dag.

UiO-rektor Geir Ellingsrud vil også ha eit nytt namn på stasjonen. Han viser til Stockholm der stasjonsnamna "Universitetet" og "Tekniska høgskolan"" møter studentane. Og trikkehaldeplassen på Blindern heiter nettopp "Universitetet".

Emneord: Rehabilitering, Renovering, Universitetspolitikk, Oppussing på UiO Av Martin Toft
Publisert 25. juli 2007 11:13 - Sist endret 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere