Kan utvikla enklare og betre kreftbehandling

- Me håpar at me kan finna fram til meir presis diagnostikk for kva behandling ein vel for pasientar med tjukk- og endetarmskreft. Det seier forskarane Ragnhild A. Lothe og Harald Stenmark ved Senter for kreft- og biomedisin på Rikshospitalet-Radiumhospitalet og UiO.

NYE BIOMARKØRAR:- Det viktigaste for oss er å identifisera nye biomarkørar som hjelper oss til å stilla korrekt tidleg diagnostikk, seier Harald Stenmark og Ragnhild A. Lothe.
Foto: Ståle Skogstad

Det var rett før jul det blei kjent at Senter for kreft- og biomedisin (Centre for Cancer Biomedicine) ved Rikshospitalet-Radiumhospitalet og UiO var tildelt 100 millionar kroner av Forskingsrådet, fordi det hadde fått status som senter for framifrå forsking. Senterleiar og professor Harald Stenmark fekk nyhendet frå kunnskapsminister Øystein Djupedal personleg med eit fjernsynsteam frå Dagsrevyen på slep.

- Eg blei både svært glad og overraska over at me er tildelt eit slikt forskingssenter. Samtidig føler eg personleg eit sterkt press, fordi det er eit stort ansvar å leia eit slikt senter, sidan me har så ambisiøse målsettingar, seier han til Uniforum. Professor Ragnhild A. Lothe leier ei av forskargruppene ved senteret og er sjølvsagt svært glad for millionløyvinga.

- No kan me tenkja langsiktig, og samtidig gir dette forskarlaget vårt ein skikkeleg Petter Northug-effekt, der me tar ein ordentleg innspurt når me får måla i sikte, seier ho.

- Me er ute etter å rekruttera unge og svært lovande postdoktorstipendiatar eller doktorstipendiatar. No har me høve til å sikra dei økonomisk ei god stund framover, noko som også gir rom for meir risikoprega forskingsprosjekt med større fallhøgd, men også med større suksess om me lykkast. Stipendiatane håpar me å rekruttera frå biologi, farmasi, medisin, informatikk og frå sivilingeniørstudiet ved NTNU i Trondheim, fortel Stenmark og Lothe. Dei fleste stipendiatane og masterstudentane vil også framover koma frå Universitetet i Oslo.

- Det er her me har det viktigaste rekrutteringsgrunnlaget vårt. Difor håpar me at UiO også får dei pengane universitetet treng, for det vil også koma oss til gode i form av stipendiatar og masterstudentar frå medisin, biologi eller farmasi. Men akkurat no opplever me stor konkurranse frå mange sterke forskingsmiljø om rekruttering av dei gode hovuda, understrekar Stenmark.

Tverrfagleg forskingsmiljø

Han legg stor vekt på det tverrfaglege miljøet på senteret.
- Det blir to typar forskarar: grunnforskarar i cellebiologi, som meg sjølv, og translasjonsforskarar som samarbeider med klinikarar om å analysera svulstmateriale, for å finna ut kva gen som kan bidra til utvikling av den krefttypen pasienten har fått.

- Me cellebiologar forskar på kva det genet gjer i cella. Dessutan får me hjelp frå ei tredje gruppe, nemleg statistikarane. Det er så store datamengder det er snakk om her, at me treng hjelp frå dei for å dra informasjon ut frå alt dette datamaterialet, forklarar han.

Til saman vil over 100 personar jobba ved senteret, når det kjem i drift til sommaren. Det er fleire ulike kreftformer senteret vil forska på.

- Det er tjukktarmkreft, prostata og ulike lymfomar. Men me skal også sjå nærare på meir sjeldne kreftformer, som har molekylære endringar som kan vera generelle for fleire krefttypar, fortel Lothe.

- Det aller viktigaste for oss er å identifisera nye biomarkørar som hjelper oss til å stilla korrekt tidleg diagnostikk. I tillegg prøver me å identifisera markørar som på førehand kan varsla tilbakefall etter at ein pasient har fått diagnostisert kreften. Og det kan få mykje å seia for behandlinga me kan gi kreftpasientane, seier Stenmark og Lothe.

Betre diagnosar for tjukktarmkreft

Ei av kreftformene som dei vil granska, er altså tjukktarmkreft. Over 3500 nordmenn får årleg den krefttypen, og halvparten av dei døyr i løpet av fem år. Krefttypen har difor ein dårlegare prognose enn både prostata- og brystkreft. Dei to forskarane håpar forskinga kan gi legane høve til å stilla betre diagnosar for dei som får denne krefttypen.

- Pasientane kan få stor nytte av ein ny diagnostikk, som vil gi dei ei enklare og betre behandling. I dag blir dei klinisk grovt klassifiserte i fire grupper og får behandling i samsvar med kva gruppe dei er i og i kva stadium sjukdomen er. Nokon blir difor behandla med cellegift utan at det er naudsynt, medan andre som hadde trengt denne tilleggsbehandlinga, ikkje får den. Dette er eit døme på at gjennom bruk av meir presis molekylærassistert diagnostikk kan me hjelpa til med å gjera slike behandlingsval betre tilpassa kvar einskild pasient, fortel Lothe.

- Ein biomedisinsk markør kan vera så informativ at me ikkje treng ha informasjon om korleis den fungerer. Men ofte er det nettopp slik kunnskap som er naudsynt for å velja ut dei beste markørane, både med tanke på diagnostikk og ny målretta behandling, legg ho til.

- Då kan me cellebiologar undersøkja desse biomarkørane og finna ut kva slags funksjonar dei har i cella. Me nyttar oss blant anna av bananflugemodellen. På den andre sida oppdagar cellebiologane enkelte gonger nye mekanismar eller endringar i visse protein som kan ha noko å seia for kreft, og då kan desse testast nærare ut av translasjons-forskarane, som kan finna ut om dei har noko å seia for den medisinske behandlinga, forklarar Stenmark.

Raskare framgang

- Til saman vil sju forskargrupper delta i senteret, som førebels skal fordelast på to etasjar i dagens lokale. Men når den nye forskingsbygningen ved sida av Radiumhospitalet står klar i 2008, skal me flytta inn der. Det er viktig at heile senteret held til på same gang, synest han. Med seg i Centre for Cancer Biomedicine får Harald Stenmark og Ragnhild A. Lothe selskap av toppforskarar som Sjur Olsnes, Knut Liestøl, Kirsten Sandvig, Erlend B. Smeland, Antoni Wiedlocha og Håvard E. Danielsen. Og Stenmark og Lothe trur senteret vil få mykje å seia for kreftforskinga.

- Når me no får ressursar til å sameina kreftene, vil det kunna føra til ein raskare framgang i diagnose og behandling av ein del utvalde krefttypar. Ikkje minst har det mykje å seia at me tilhøyrer eit komplett kreftsjukehus med både grunnforsking, klinisk forsking og eit kreftregister. Det er unikt i Noreg og sjeldan i Europa, slår dei fast.

Emneord: Forskning, Medisin, SFF - Senter for fremragende forskning Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2007 08:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere