Jon Fosse: - Nynorsken døyr ikkje
- Nynorsken døyr ikkje. Du døyr, eg døyr, men nynorsken skal leva, slo dramatikaren Jon Fosse fast i ein prolog han framførte på lanseringa av det sjette bandet av Norsk Ordbok tysdag 6. mars.

- Når Norsk Ordbok er ferdig, er nynorsken død. Det sa ein
vestlending til meg ein gong, sa Jon Fosse. Han slo sjølv den
utsegna i hel med å visa til korleis nynorsken heile tida
blir brukt av nye grupper og på nye område.
Både prorektor Haakon Breien Benestad frå UiO,
forlagsdirektør Nina Refseth i Det Norske Samlaget og
hovudredaktør Oddrun Grønvik tok ordet under den storstilte
lanseringa i Georg Sverdrups hus. Og bokmålsbrukaren Haakon
Breien Benestad, framførte dessutan talen sin på eit perfekt
nynorsk, om ein skal tru dei svært språkkunnige personane som
høyrde på. Dei var svært nøgde med at han også kalla Norsk
Ordbok 2014 for ei kjerneverksemd.
Prosjektdirektør Kristin Bakken opna tilskipinga med å visa til alle dei morosame orda på k som ordboksredaksjonen hadde samla i det 6. bandet.
- Tenk berre på ord som kar og kone og koma. Og ikkje minst: klima, kvalitet og klasse. Dette bandet er det første som har tatt i bruk nynorskkorpuset vårt, og det er det første som er blitt redigert digitalt frå første til siste ord. Det er det første bandet som er blitt til fullt og heilt etter nyordninga i Norsk Ordbok. Og for nokre av redaktørane er dette bandet det første dei er med på. Og til saman inneheld den siste boka over 25 000 oppslagsord på k, fortalde Kristin Bakken ei talrik forsamling.
Det førre bandet til Norsk Ordbok blei lansert i 2005 og planen er at heile ordboka skal vera fullført til grunnlovsjubileet i 2014. Det Norske Samlaget sette i gang arbeidet med Norsk Ordbok i 1930, og grunnmanuskriptet kom ut i 1940. Det var på 13 500 maskinskrivne sider. I dag er Norsk Ordbok eit prosjekt under Institutt for lingvistikk og nordiske studium, men det får mesteparten av finansieringa si frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
(Kjelde. Norsk Ordbok 2014)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere