Med lov og rett i hyllene

Domus Bibliotheca byrja som eit bibliotek for heile universitetet i 1850. Men i 2006 markerte det 50-årsjubileum som Det juridiske fakultetsbiblioteket. Det ligg ei lang historie bak.

STILREINT: Overbibliotekar Pål Bertnes viser fram galleriet i møterommet i fellesbiblioteket.
Foto: Ola Sæther

Bak dei store hovuddørene i Domus Bibliotheca finn du både lesesalar, møterom og kontor. Men går du rett fram, og så til venstre, vil du koma inn i det bygningen opphavleg blei bygd som - eit bibliotek. Og går du gjennom eit par dører til, kjem du til Oslos flottaste og mest sentrale hjørnekontor - kontoret til overbibliotekar Pål Bertnes.

- Utsikta kan eg ikkje klaga på. Det er mange som har bede meg om å få låna kontoret for å få orkesterplass når 17. mai-toget går opp Karl Johan. Så glad i prosesjonar er ikkje eg, vedgår han. Det juridiske fakultetsbiblioteket husar i dag dei samlingane som var grunnlaget for opprettinga av eit eige universitetsbibliotek knytt til Det Kongelige Frederiks Universitet i 1811. Både Peter Fredrik Suhms boksamling på 30 000 bind og Colbjørnsens samlede bibliothek blei gitt som gåve frå eigaren kong Frederik til det nye universitetet i Christiania.

Frå bibliotek til dyrestall

På byrjinga av 1900-talet var biblioteket fylt opp med 500 000 bind, dobbelt så mange bøker som det eigentleg var plass til. Dermed blei Universitetsbiblioteket på Drammensveien bygd. Då det stod ferdig i 1913, blei boksamlingane i moderbiblioteket Domus Bibliotheca flytta dit.

Etter ei total ombygging forsvann bokgalleria, og lesesalen med overlys i taket blei bygd om til auditorium. Bygningen fekk eit heilt anna innhald. Inn kom kontor for ulike universitetsfag, laboratorium, dyrestallar og undervisningslokale. Medisinarane flytta ut først i 1990 og det var behov for både rehabilitering og ombygging.

Først i 1994 kunne bygningen opna dørene igjen og visa fram korleis den hadde fått tilbake mest mogleg av stilen og innhaldet frå stordomstida som universitetsbibliotek. Samtidig hadde kunstnaren Bjørn Carlsen med måleria sine sytt for at biblioteket også hadde eit visst preg av det meir moderne.

- Også i dag dannar dei første samlingane grunnlaget for den rettshistoriske samlinga til Det juridiske fakultetsbiblioteket. Dei eldste bøkene er frå 1500-talet og svært verdifulle. Difor er det låst inne i solide magasin i kjellaren. Desse bøkene var kjernelitteraturen ved opprettinga av både Det teologiske fakultetet og Det juridiske fakultetet, då universitetet blei grunnlagt i 1811, fortel Bertnes. Biblioteket har ei historie som altså er like lang som historia til universitetet.

50 år som fakultetsbibliotek

- Men det har berre ei 50 år lang historie som Det juridiske fakultetsbiblioteket. Det blei starta av forgjengaren min, Kaare Haukaas i 1956, då han kom frå Universitetsbiblioteket for å få rydda opp i boksamlingane til institutta og få etablert eit eige fakultetsbibliotek.

- Og me har halde oss til den gamle modellen med eigne instituttsamlingar i tillegg til fellesbiblioteket i 1. etasje i Domus Bibliotheca. Grunnen er at forskingsmiljøa gjerne vil ha oss i nærleiken. Men studentane brukar oss også mykje meir enn det dei gjorde då eg var jusstudent. Årsaka er at studentane i dag må skriva ei avhandling, og dei treng difor fordjupa seg meir i litteratur enn før. Dei kjem også hit for å finna stoff i Lovdata og andre juridiske kjelder på nettet. I 2006 hadde me over 100 000 besøkjande i dette biblioteket, fortel overbibliotekaren. Også for bibliotekarane har tidene endra seg.

- No driv me faktisk undervisning i juridisk kjeldebruk, juridisk referansebruk og søking etter juridiske nettkjelder. Kursa er ikkje obligatoriske, men sannsynlegvis nyttige, for i 2006 hadde me over 1500 studentar på desse kursa.

- Eit anna døme som viser at bibliotekarane kan nyttast til meir enn å finna bøker, er alle invitasjonane dei får om å halda kurs for juristar i kvar dei finn dei beste nettkjeldene om EU-rett, menneskerettar og folkerett.

- Etter kvart blir bibliotekarane så spesialiserte i juridisk faglitteratur at juristane byrjar å sjå på dei som fagfeller, skryter Bertnes. Han er også stolt over at dei i samarbeid med dei andre juridiske fakultetsbiblioteka i Noreg, har laga ein eigen juridisk nettvisar med oversikt over juridiske nettkjelder fordelte etter land og tema.

300 000 bøker

I dag finst det også 300 000 bøker i samlingane til biblioteket.

- Det er den same mengda med bøker som for ti år sidan, men fleire er det ikkje plass til. Difor leverer me bøker til magasinering i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana eller til UB i Georg Sverdrups hus på Blindern, før me kjøper inn nye, seier Bertnes.

Så reiser han seg, viser oss gjennom to dører, før det openberrar seg eit møterom med bokreolar frå golv til tak og med eit galleri med endå fleire bøker. Kamuflert bak lukka skapdører er det montert moderne konferanseutstyr.

- Dette var opphavleg eit lokalt instituttbibliotek, og det er truleg det som liknar mest på dei gamle bokgalleria den gongen Domus Bibliotheca var universitetsbibliotek. Det er ikkje utan grunn at NRK-mannen Torkjel Berulfsen brukar dette rommet når han skal gi fjernsynssjåarane eit akademisk inntrykk, smiler han. I fellesbiblioteket dominerer måleria til kunstnaren Bjørn Carlsen.

- Me er krye over at hovudverka hans, som til dømes, -Gjøkungen- heng hos oss. Atmosfæren her er så god, at mange studentar brukar fellesbiblioteket som lesesal, medan universitetsleiinga brukar det til mottakingar etter årsfesten og andre store arrangement, registrerer Bertnes.

Renessanse for Rettshistorisk samling

Ein etasje opp held Rettshistorisk samling til. Den blir vakta over av bibliotekar Karen Danbolt.

- Her slepper me berre inn folk med eigen nøkkel eller som har ein avtale med meg, seier ho myndig, før ho lét oss gå inn. Også her er det bøker i hyller frå golv til tak. Svært gamle bøker.

- Den eldste originalboka har eg her. Det er -Forordninger 1660-1778- og boka handlar om nye lover som blei vedtekne i samband med at Frederik III innførte det opplyste eineveldet i 1660, seier Danbolt. Ho har notert seg ei aukande interesse for denne boksamlinga.

- Etter kvart som det eine forskingsmiljøet etter det andre skipar til konferansar og seminar i samband med markeringa av 1905 og 1814, blir det fleire og fleire forskarar på tvers av faggrensene som kjem hit for å finna stoff til artiklar.

- Ja, det har til og med kome teologar som skulle finna opplysningar i dei eldste bøkene me har, som i stor grad er ei blanding av teologi og gamle lover, legg Bertnes til.

Dagleg skattejakt

Karen Danbolt trur det er få andre som har ein like spennande jobb som ho har.

- Kvar dag er ei skattejakt. Nokon bed meg om å finna ei bok, og i jakta på den, finn eg kanskje ei heilt anna bok, som me ikkje visste me hadde. Når det gjeld den islandske lovsamlinga -Jóns bok-, så fann eg ut via ein nettstad i USA at me hadde eit eksemplar. Det er rett nok ein kopi frå 1700-talet av originalen som er frå 1200-talet. Den er likevel svært verdifull, slår ho fast. Både Karen Danbolt og Pål Bertnes trur det ville vore mogleg å få litt meir orden på boksamlinga.

- Med nokre millionar kroner ekstra ville me ha klart å ta betre vare på bøkene og funne meir ut av kva bøker me har. Difor vil me gjerne setja i gang eit prosjekt der me finn ut kor mange språkfolk, juristar, teologar og historikarar me treng for å få det til. Det er lettare å gleda seg over desse bøkene, når me veit kva bøker det er, synest Bertnes og Danbolt.

Fakta:
- Det juridiske fakultetsbiblioteket har i tillegg til fellesbiblioteket ni bibliotek på ni institutt og senter ved Det juridiske fakultetet
- biblioteket blei tildelt prisen som -Årets bibliotek- 2000
- formelt danna i 1956 av overbibliotekar Kaare Haukaas
- sidan 1981 har jurist Pål Bertnes vore overbibliotekar
- har 300 000 bøker
- hadde 100 000 besøkjande i 2006

(Kjelder: Pål Bertnes, Karin Danbolt, boka -På rett hylle i 50 år. Det juridiske fakultetsbibliotek ved Universitetet i Oslo 1956-2006-)

Emneord: Universitetsbiblioteket, Fakultetene, Jus Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2007 10:09 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere