Opna andedam i Botanisk hage

I ein gummibåt væpna med årer og ei hagesaks, opna teknisk direktør Frode Meinich den nyrestaurerte andedammen i Botanisk hage. Det gamle bekkeløpet frå andedammen er også blitt restaurert og skaper ei naturleg forlenging av dammen. - Arbeidet har kosta UiO rundt rekna 1 million kroner og det er godt innanfor budsjettet, opplyser prosjektleiar Bent Aaby til Uniforum.

GODT: - Det er godt å sjå den nyrestaurerte andedammen ferdig, synest overgartnarane Kathrine Strøm og Oddmund Fostad.
Foto: Martin Toft

- Det største problemet var å få dammen heilt tett. Men entreprenørselskapet la inn ein gummimembran, som skal halda i minst 50 år i botn av dammen. Dammen og bekkeløpet er bygd i eit lukka system, slik at det er det same vatnet som blir resirkulert heile tida ved hjelp av ei eiga pumpe. Sidan også me får drikkevatnet vårt frå Maridalsvatnet, kunne me sjølvsagt ikkje sløsa med det, fortel overgartnar Kathrine Strøm som saman med den andre overgartnaren, Oddmund Fostad, har hatt ansvaret for restaureringa.

Både ho og Fostad er spesielt stolte over ein liten detalj av restaureringsarbeidet.
- Det er laga ei lita renne som vatnet renn gjennom frå dammen og ut i bekkeløpet. Tidlegare gjekk vatnet gjennom eit røyr før det kom ut i bekkeløpet, fortel Strøm.

Andedammen eksisterte som ein av to dammar i eit naturleg bekkeløp då Botanisk hage blei grunnlagt for to hundre år sidan. Den øvste av desse dammane blei fylt igjen då kjellaren til Botanisk museum blei gravd ut på byrjinga av 1900-talet. I dag ligg den under ein stor graskledd haug midt mellom Andedammen og Botanisk museum. Kaskaden av granittkar nedover bekkeløpet blei truleg bygd som vassplantebasseng på slutten av 1800-talet. Det historiske bekkeløpet var ei sidegrein til Tøyenbekken. Resten av Tøyenbekken som gjekk frå Rodeløkka og ut i fjorden, er blitt lagd i røyr, står det i ei pressemelding frå Naturhistorisk museum.


Prosjektet er eit samarbeid mellom Teknisk avdeling og Naturhistorisk museum, medan selskapet Løvold AS har vore entreprenør. Og prisen på arbeidet ligg altså på rundt 1 million kroner.

- Dette har skattebetalarane betalt og det viser at det er viktig at me kan gi noko positivt tilbake til brukarane av Botanisk hage, sa Frode Meinich før han klipte over snora og kunngjorde at Andedammen no var opna. Og den første anda tok han på ordet. Den plaska opp i bassenget rundt fem minuttar etter opninga.

Emneord: Museene, Botanisk hage Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2006 16:22 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere