NTL vil ikkje frita Vaktsentralen frå streiken

Vaktsentralen må få dispensasjon frå ein eventuell streik. Det ber Universitetet i Oslo om i ein formell søknad til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. -Tenestemannslaget på UiO seier nei, understrekar leiar Anita K. Solhaug. Søknaden blir formelt avgjort i forhandlingar mellom staten og LO Stat.

TRYGGLEIK: Det er omsynet til liv og helse, tryggleik og risiko for store økonomiske tap, som er hovudårsaka til at me ber om dette, seier juridisk rådgjevar Håvard Pedersen i OPA. (Arkivfoto)
Foto: Martin Toft

Om partane ikkje blir samde før midnatt, går 320 tilsette ved UiO til streik frå onsdag morgon kl. 06.00. Både Tenestemannslaget, Parat og Forskarforbundet har varsla streik for nøkkelpersonell både på dei odontologiske klinikkane, i Sentraladministrasjonen, på Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum, ved fakultetsadministrasjonane på HF og Jus og i Teknisk avdeling.

I den sistnemnde avdelinga har Tenestemannslaget varsla streik for medlemane sine i Vaktsentralen, Bodsentralen og Reprosentralen. Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen har på vegner av UiO som arbeidsgjevar, sendt inn ein søknad om dispensasjon for dei tilsette på Vaktsentralen og for alle som arbeider med avvikling av eksamen.

- Det er omsynet til liv og helse, tryggleik og risiko for store økonomiske tap som er hovudårsaka til at me ber om dette, seier juridisk rådgjevar Håvard Pedersen i Organisasjons- og personalavdelinga til Uniforum.

NTL-leiar Anita K. Solhaug har bede LO Stat om å seia nei til søknaden om dispensasjon for Vaktsentralen.

- Arbeidsgjevaren vår nekta å gå inn for forslaget vårt til løysing på det problemet, så difor kan me ikkje gå med på å gi dispensasjon.

- Kva går det forslaget ut på?
- Me gav arbeidsgjevar tilbod om å ha ein døgnopen streikekomité som kunne gi dispensasjon etter vurdering i kvart tilfelle. Arbeidsgjevar ville ikkje det, og me vil ikkje gå med på at arbeidsgjevar skal gjera den vurderinga åleine.
Solhaug synest det er underleg at det blir argumentert med kor viktig dei tilsette i Vaktsentralen er nett no.

- Kvar einaste gong me har hatt lønnsforhandlingar for dei tilsette i Vaktsentralen, har arbeidsgjevar gitt oss klar melding om at dette er tenester UiO også kan kjøpa utanfor universitetet. No er dei brått blitt svært viktige. Sidan dei også tilhøyrer dei lågtlønna, som organisasjonane ynskjer å gi eit løft under dei sentrale lønnsforhandlingane i år, står me fast på at dei ikkje skal få nokon dispensasjon frå streiken, seier Solhaug.

Men ho understrekar at NTL også har vist eit visst storsinn.

- Jau, me let dei tilsette som tar natt-turnusen om å jobba ut vakta til klokka 07.00, om det blir streik frå klokka 06.00. Då vil dei vanlege driftsfolka koma på vakt og jobba fram til klokka 15.00. Og dei har me ikkje varsla streik for. Difor er det først etter klokka 15.00 at det vil merkast at Vaktsentralen er tatt ut i streik, seier ho.

Solhaug ser likevel ikkje bort frå at NTL vil gi dispensasjon.
- Berre dersom det er fare for liv og helse, vil me rå til at det blir gitt, slår ho fast.

Vil ikkje råka studentane

Juridisk rådgjevar Håvard Pedersen i OPA presiserer at UiO heller ikkje vil at studentane skal bli skadelidande dersom det blir streik.

- Bakgrunnen for denne dispensasjonssøknaden er at me deler ynsket til dei tre organisasjonane om ikkje å ramma nokon tredjepart. Og me vil ha dei tilsette i Vaktsentralen på jobb fordi det er heilt naudsynt både for liv, helse, tryggleik og for å kunna ta godt vare på både bygningar og utstyr på UiO, fortel Pedersen.

Forskarforbundet har også varsla at personalsjef Johannes Falk Paulsen blir tatt ut i ein mogleg streik. - Han har me også søkt om dispensasjon for, seier Pedersen.

Dispensasjonar på odontologi og i OPA

I går kveld blei det klart at Parat og NTL ville gå inn for at det blir gitt dispensasjon frå streiken for to av dei tilsette ved sterilsentralen ved dei odontologiske klinikkane. Dessutan støttar dei at det blir gitt dispensasjon for ein av Parat-medlemane i Organisasjons- og personalavdelinga, som er ein nøkkelperson i utbetaling av lønn ved UiO. Men fagforeiningane går imot å gi dispensasjon for arkivleiaren ved Kulturhistorisk museum, sa Parat-leiar Ole Martin Nodenes til Uniforum måndag kveld.

Svaret på dispensasjonssøknaden frå staten og hovudorganisasjonane i staten vil ikkje koma før ein gong ut på dagen onsdag 24. mai. Håvard Pedersen trur likevel ikkje det får store konsekvensar i første omgang.

- Dei som har dagvakt på Vaktsentralen fram til klokka 15 på onsdag, er ikkje tatt ut i streik. Det er dei som kjem på jobb frå klokka 15.01, som det er gitt streikevarsel for, seier han.

Det er i alle fall klart at dersom det blir streik, vil Sentraladministrasjonen få merka det. Då vil nemleg medlemar dei tre organisasjonane har i Økonomi- og planavdelinga (ØPA), Organisasjons- og personalavdelinga (OPA) og Forskingsadministrativ avdeling leggja ned arbeidet frå onsdag 24. mai kl. 06.00. I tillegg vil altså alle medlemane til NTL på Vaktsentralen, Bodsentralen og Reprosentralen i Teknisk avdeling halda seg borte frå jobb, dersom det blir streik og ingen får dispensasjon frå den moglege streiken. Lønningsseksjonen til OPA og alle som jobbar med eksamen på dei to uttekne fakultetsadministrasjonane, blir altså haldne utanfor streikevarselet.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2006 16:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere