- Formidling er ikkje dårleg forsking

- Dårleg forsking som ikkje vinn fram på forskingskomponenten, skal heller ikkje kunna tena pengar på ein formidlingskomponent. Det lovar informasjonssjef Asle Haukaas ved NHH. Han sit i det nasjonale formidlingsutvalet del 2, som skal koma med eit endeleg forslag til kva indikatorar som skal takast med i ein formidlingskomponent på budsjetta til universiteta og høgskulane.

DEFINISJON: - Me har definert formidling som forsking som blir formidla til folk utanfor eige fagmiljø, seier informasjonssjef Asle Haukaas ved NHH.
Foto: Ola Sæther

- Me har definert formidling som forsking som blir formidla til folk utanfor eige fagmiljø. Ein viktig indikator kan dermed vera foredrag for helsevesenet, politikarar, økonomar, journalistar og juristar. Men også bokutgjevingar, kronikkar og inngåande populærvitskaplege artiklar og reportasjar og deltaking i mediedebattar skal telja med. Ei bokutgjeving skal derimot telja 80 gonger meir enn ein god populærvitskapleg artikkel.

- Også direkteformidling som skulebesøk, forskingsformidlingsarrangement og utstillingar skal telja med. Men tanken er at det enkelte arrangementet skal telja lite, slik at mengda av slike tiltak blir avgjerande for kor stor innverknad det vil få på formidlingskomponenten. All forsking som gir eksterne inntekter til universiteta og høgskulane og etter- og vidareutdanningsverksemd har me også foreslått som indikatorar, seier Haukaas.

- Har de nokon modell for dette?

- Me har i stor grad brukt dei same forskingsindikatorane som i rapporten "Forsking med teljekantar." I det nasjonale formidlingsutvalet del 1 blei det også foreslått å ta med all forskingsformidling på nett. Det har Kunnskapsdepartementet sett seg imot fordi dei meinte det ville vera ei umogleg oppgåve å måla graden av formidling på nett.

Nyskaping = formidling

- Men Kunnskapsdepartementet ville ha andre indikatorar enn dei de i utgangspunktet ville foreslå?

- Ja, det stemmer. Kunnskapsdepartementet har insistert på at me måtte ta med innovasjon og nyskaping som ein av indikatorane. Det er vanskeleg å tolka prosessen frå idé til patentering og selskapsetablering som forskingsformidling. Ikkje minst fordi det tar så mange år frå ideen blir presentert til den fører til ei teknologisk nyvinning, som til dømes Ipod. Når det er spørsmål om å skapa innhald til Ipod eller andre tekniske nyvinningar vil åtte av ti nye arbeidsplassar bli skapte innanfor det feltet. Nokre fagmiljø seier at me kan telja talet på patentar, medan andre fagmiljø synest dette er totalt uinteressant.

- Kva kjem de til å gjera?

- Det me kan gjera er å måla talet på lisensar som eit forskingsbasert funn resulterer i. Dessutan kan me telja talet på studentoppgåver som blir gjorde ute i næringslivet, og som eventuelt fører til etablering av nye bedrifter.

Eigenrapportering

- Korleis skal de klara å måla formidling?

- Me vil satsa på eigenrapportering og vil bruka forskingsdokumentasjonsbasar, som til dømes Frida, til det. Det som er viktig er at forskarane brukar det same systemet både for å dokumentera forsking og formidling, presiserer han.

- Det blir i dag nytta resultatbasert budsjetting på begge dei to kjerneområda forsking og undervisning. Slik sett er det naturleg at det også blir innført på det tredje kjerneområdet til forskingsinstitusjonane, altså formidling. Kor mykje formidlingskomponenten skal telja i forhold til forskingskomponenten skal departementet avgjera, understrekar Haukaas.

- Dette er viktig både for å få brukt og få nytte av den kunnskapen som blir skapt i forskingsverda, legg han til.

Og i løpet av sommaren skal det nasjonale formidlingsutvalet del 2 levera sluttrapporten sin til Kunnskapsdepartementet.

Desse sit i utvalet:
Torunn Klemp, Høgskulen i Sør-Trøndelag (leiar)
Asle Haukaas, NHH
Kathrine Skretting, NTNU
Ole Gunnar Søgnen, Høgskulen i Bergen
Grethe Christina Lingjærde, UiO
Dette er indikatorane utvalet arbeider med:
1. Omsetning: Sal av tenester og publikasjonar
2. Innovasjon
-verksemder (selskapsetableringar)
- lisensar
3. Publikasjonar
- bøker, læremiddel og faglege ressursar
- artiklar i fagtidsskrift
- aviskronikkar
4. Brukarretta samhandling
- foredrag på brukarretta fagkonferansar
- studentprosjekt
5. Massemedia og direkte formidling
(Kjelder: Asle Haukaas og Universitets- og høgskulerådet)
Emneord: Forskning, Forskningsformidling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2006 09:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere