Det fusjonerande universitetet

Fusjon eller ikkje fusjon. Det er spørsmålet folk er opptekne av på Aarhus Universitet, som både har tilsett rektor, ekstern styreleiar og eksternt styrefleirtal. Og blant dei eksterne styremedlemane finst også tidlegare UiO-rektor Arild Underdal.

VALD: Prorektor Kathrine Richardson er i dag den einaste i rektoratet som er vald til vervet sitt.

Foto: Ståle Skogstad

Aarhus Universitet vil bli eitt av dei fem attverande universiteta i Danmark, når sju av dagens tolv universitet forsvinn. Det er grunnen til at universitetet har foreslått å fusjonera Danmarks Journalisthøjskole, Handelshøjskolen i Århus, Den Sociale Højskole og dei tre forskingsinstitutta Danmarks Miljøundersøgelser, Danmarks Fiskeriundersøgelser og Danmarks Jordbrugsforskning med Aarhus Universitet. Tanken er blitt pressa fram av regjeringa som har som målsetjing at det berre skal vera eitt universitet i kvar av dei fem nye regionane som har erstatta dei gamle fylka i Danmark. Oseanograf og prorektor Kathrine Richardson viser til at universitetet har tatt utfordringa på strak arm og sjølv kome med utspelet om kva institusjonar Århus Universitet kan fusjonera med.

Behov for akademisk arbeidskraft

- Århus-regionen er den regionen som har størst spennvidd i tilbod av høgare utdanning i heile Danmark. Samtidig er det den regionen som har størst behov for akademisk arbeidskraft. Difor vil også dei små verksemdene gjerne at universitetet skal samarbeida meir med dei og gi dei akademisk etterutdanning.

- Berre gjennom ein fusjon kan me oppfylla næringslivet sitt behov for kunnskap utan at forskarane våre treng lata vera å forska fordi dei må banka på dørene til småbedriftene i Jylland. Dei beste forskarane våre skal nemleg gjera det dei er best til, og det er å forska og halda seg oppdaterte på sitt forskingsfelt, understrekar Richardson.

- Aarhus Universitet kjem i alle fall til å bestå, og det kan føra til at Århus blir utdanningsbyen i Danmark, spår ho. Prorektor Kathrine Richardson er vald til vervet sitt i motsetning til rektor Lauritz B. Holm-Nielsen som er tilsett, slik alle universitetsrektorar i Danmark er.

- Definisjonen på ein god leiar er ikkje om vedkomande er vald eller tilsett. Men med ein tilsett rektor har me oppnådd to gode ting. Rektor får høve til å utøva ei konsekvent leiing, og han kan også seiast opp, argumenterer ho. Richardson har heller ikkje opplevd stor motstand mot denne styringsmodellen.

- Me styrer etter mottoet "Universitetet er medarbeidarane våre", og om me skulle tre noko nedover hovudet på dei som dei var imot, ville det vera å kasta dei akademiske verdiane våre ut av vindauget, slår ho fast.

- Mange andre universitet strir med rekrutteringa til dei naturvitskaplege faga, medan Århus Universitet klarer å hevda seg i den europeiske konkurransen og er på topp i Norden. Korleis klarer universitetet det?

- Fakultetet har heile tida satsa på jamn rekruttering, slik at det er god aldersfordeling blant forskarane. Eg trur dessutan den jyske mentaliteten med å byggja stein på stein og vera nøysam, har noko å gjera med at fakultetet er blitt så bra. Det var også bakgrunnen for at folk i Århus stifta Universitetssamrådet og byrja å samla inn pengar til eit eige universitet i Århus, som stod ferdig i 1928. I dag fungerer Universitetssamrådet som representantskapet til Aarhus Universitet, fortel Richardsson.

Sjølv har ho ikkje gløymt at ho eigentleg er biologisk oseanograf.
- Eg håpar difor eg får vera med forskarkollegaene mine på det danske havforskingsskipet Galathea når det startar på det verdsomfattande toktet sitt til hausten.

Mr. Nanotek

På Det naturvitskaplege fakultetet er nanoforskar og professor Flemming Besenbacher den store guruen og har fått tilnamnet Mr. Nanotek. Han leier Center for Interdisciplinær Nanoteknologi og har nettopp fått rektor og universitetsstyret til å vedta planane om eit eige nanosenter på Aarhus Universitet.

Fagbladet Ingeniøren kåra han nyleg til den tredje mest mektigaste person innanfor dansk forsking, etter blant andre statsminister Anders Fogh-Rasmussen. Sjølv ler han av denne samanlikninga.

- Dette er som å samanlikna eple med pærer. At eg skulle ha like stor påverknadskraft på dansk forskingspolitikk som statsminister Anders Fogh-Rasmussen, det finst det ikkje noko vitskapleg grunnlag for å seia. Derimot trur eg at eg har ei viss gjennomslagskraft for mine synspunkt både på fakultetet mitt og på Aarhus Universitet, seier Besenbacher. Dessutan er han svært nøgd med forskingspolitikken som den danske regjeringa fører.

- Me får gode meldingar frå dagens regjering, og det gir oss grunn til ein viss optimisme, synest han. Men Besenbacher er meir oppteken av å visa fram resultatet av samarbeidet mellom næringlivet på Jylland og nanoforskarane på Center for Interdisciplinær Nanoteknologi.

- Det me har klart, er å utvikla ein ny måte å fjerna svovel frå olja på. Det er ein patent som det danske firmaet Haldor Topsøe A/S har bestemt seg for å satsa vidare på. Det er ein av grunnane til at næringslivet i Danmark har fått augene opp for nanoteknologien, trur Besenbacher.

Overlevde økonomisk krise

Dekan Bodil Due på Det humanistiske fakultetet synest derimot noko er riv ruskande gale med den danske forskingspolitikken.

- Det blir satsa altfor mykje på teknologi og naturvitskap og altfor lite på humaniora, konstaterer ho. Fakultetet ho leier har vore gjennom ein tøff økonomisk snuoperasjon der ho varsla at 24 av dei 750 tilsette kunne bli sagt opp.

- Eg er glad for å kunna seia at me slapp å seia opp folk, fordi det var mange nok som takka ja til førtidspensjonering, seier Due. Men den største prestasjonen hennar er at ho klarte å redusera talet på institutt frå 23 til sju.

- Det var stor diskusjon om det då det stod på, men no trur eg folk er tilfredse med resultatet. Me kunne ikkje lenger ha institutt der det var like mange tilsette som studentar. No samarbeider dei ulike fagmiljøa mykje meir enn tidlegare og det har skapt eit mykje betre og lettare forhold mellom fakultetsleiinga og instituttnivået. Det var ganske vanskeleg å halda oppe kontakten med 23 instituttleiarar, men med sju får me eit svært godt leiarforum, synest ho.

Til skilnad frå Det humanistiske fakultetet på UiO har ikkje språk og litteraturdelen på framandspråka skild lag. Men til liks med HF på UiO, har fem av dei nye institutta også flytta saman fysisk.

- Det er viktig ikkje minst av administrative årsaker. Me opplever no at det kjem fleire initiativ til tverrfagleg forsking.

Ingen feminisme, takk!

Kristin Ørjasæter er lektor i norsk språk og litteratur ved Det humanistiske fakultetet. Ho har tidlegare jobba på HF ved UiO.

- Eg kom frå ei omorganisering til ei anna då eg kom hit for tre år sidan. Men det går litt saktare i svingane her, slår ho fast. Og det var ikkje lett for henne å introdusera "Et dukkehjem" av Henrik Ibsen for dei danske studentane.

- Nei, dei gav meg klar melding om at noko feministisk litteratur ville dei ikkje ha noko av. Etter kvart har eg klart å få dei til å forstå at Henrik Ibsens drama framleis har noko å seia oss, fortel ho. Men ho trur at denne haldninga til feminisme er noko som gjennomsyrar heile det danske samfunnet.

- Det nyttar ikkje å snakka om kjønnskvotering i Danmark, og det er få av dei danske professorane som er kvinner. Eg blei svært sjokkert over det, då eg kom hit. Menn vil ikkje ta ut farspermisjon fordi dei ikkje vil ta permisjonstid frå mødrene, seier ho.

Når deg gjeld det reint faglege, så er ho nøgd med at det er innført obligatorisk eksamen i norsk og svensk på studieprogrammet Skandinaviske studier.

- På den måten må studentane ta det alvorleg, og eg klarer å få introdusert forfattarar som Jon Fosse, Hanne Ørstavik og Dag Solstad for dei danske studentane, seier ho.

Helga 19.-20. mai skal derimot stå i Ibsens teikn.
- Då skipar me til ein konferanse om Ibsens teater med blant andre professor Atle Kittang frå Bergen og teaterinstruktøren Terje Mærli som innleiarar, fortel ho.

Studentane støttar tilsett rektor

Etter universitetsreformene i Danmark, er det berre studentane som vel representantane sine. Teologistudent Freja Boe-Hansen, som er nestformann i Studenterrådet, synest det er heilt i orden.

- Eg synest det er positivt med tilsett rektor og det har heller ikkje vore særleg store protestar mot det her på universitetet, seier ho. Men sjølv om Boe-Hansen ikkje vil ha vald rektor, så er både ho og dei andre studentpolitikarane opptekne av å få opp valdeltakinga til studentane.

- I fjor haust sette me difor i gang ein kampanje der me hengde opp plakatar på alle dame- og herretoaletta på universitetet med oppfordring til å stemma. I tillegg gav me alle som stemte ein fribillett til ein fest på eit skip i Århus hamn. Resultatet blei ein valoppslutnad på nesten 19 prosent, og lista til Studenterrådet, som eg representerer, vann valet med 85 prosent av stemmene, fortel ho nøgd.

Boe-Hansen ser mørke skyer i horisonten for studentvelferda i Danmark.

- I dag får alle studentar utbetalt 4000 kroner i stipend i månaden. No ynskjer regjeringa å venta med utbetalinga av 1000 kroner av dette stipendet til etter at studenten har stått til eksamen. Det vil føra til at mange studentar må jobba meir enn før og dermed får mindre tid til å førebu seg til eksamen. Det er jo logikk for perlehøns. Det er ei sak som i alle fall kan få studentane i København til å demonstrera i gatene, trur ho.

Fakta om Århus Universitet:
-grunnlagt i 1928
- 21 000 studentar (2005)
- 1965 forskarårsverk
-1652 tekniske-administrative tilsette
- sju fakultet
- rektor Lauritz B. Holm-Nielsen.
- Jens Christian Skou får nobelprisen i kjemi i 1997
- Nordens beste universitet i naturvitskap, nummer 1 i Danmark i medisin, i verdstoppen i økonomi og i europatoppen i statsvitskap.(Kjelde: Informationskontoret)
Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2006 15:41 - Sist endra 28. jan. 2013 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere