Granskingskommisjon treng endå meir tid
Kommisjonen som arbeider med Sudbø-saka om forskingsfusk klarer ikkje å bli ferdig med rapporten sin før 30. juni. Det har leiaren for kommisjonen, medisinprofessor Anders Ekbom, i dag varsla leiinga ved Rikshospitalet-Radiumhospitalet om, opplyser informasjonsrådgjevar Børge Einrem til Uniforum.

I utgangspunktet var det meininga at kommisjonen skulle presentera resultatet av granskinga si før 1. april. Nokre dagar før denne datoen gav professor Ander Ekbom leiinga ved Rikshospitalet-Radiumhospitalet melding om at omfanget av arbeidet var mykje større enn det først såg ut til. Difor ville arbeidet ta lenger tid enn dei hadde rekna med, men Ekbom meinte likevel at dei kunne gi ein ny dato for når rapporten skulle bli ferdig før påske.
I påskeveka kom det så ei melding om at det heller ikkje var mogleg å fastsetja ein endeleg dato før dei første dagane etter påske. Den dagen kom altså i dag, og den endelege datoen blir 30. juni, altså like før fellesferien startar i Noreg.
Det var etter avsløringa av forskingsfusket til overlege Jon Sudbø ved Radiumhospitalet-Rikshospitalet det blei sett ned ein granskingskommisjon under leiing av professor Anders Ekbom frå Karolinska Institutet i Sverige. Sudbø var også førsteamanuensis II ved Universitetet i Oslo fram til han sa opp den stillinga i mars.
Granskingskommisjonen har også fått mandat til å sjå på rolla til medforfattarane i samband med dei vitskapelege artiklane Jon Sudbø skreiv i det velrenommerte vitskaplege tidsskriftet The Lancet.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere