Tove Kristin Karlsen ny assisterande universitetsdirektør

Tove Kristin Karlsen er tilsett som ny assisterande universitetsdirektør etter Inger Stray Lien. Det vedtok Universitetsstyret i går, stadfestar rektor Geir Ellingsrud overfor Uniforum. Tove Kristin Karlsen er i dag direktør ved Noregs musikkhøgskule.

Det er stillinga til tidlegare assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien Tove Kristin Karlsen overtar når ho kjem tilbake til Universitetet i Oslo. Stray Lien har takka ja til andre oppgåver i Sentraladministrasjonen. Tove Kristin Karlsen har tidlegare vore fakultetsdirektør ved SV-fakultetet. Fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes ved UV-fakultetet har vikariert i stillinga som assisterande universitetsdirektør sidan mai i fjor.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2006 13:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere