Meir rom for psykologi og medisin

Det nye tilbygget til Harald Schelderups hus i Forskningsveien blei i går offisielt opna ved at rektor Geir Ellingsrud fekk overrekt nøkkelen frå ekspedisjonssjef Toril Johansson i Kunnskapsdepartementet. Statsbygg eig bygningen som skal leigast ut til Psykologisk institutt og til Institutt for helseleiing og helseøkonomi og sekretariatet til Det medisinske fakultetet. Psykologisk institutt får dermed utvida arealet og samlokalisert alle sine 130 tilsette og 1300 studentar.

OPNA TILBYGG: Geir Ellingsrud, Toril Johansson og Øivind Christoffersen
Foto: Ola Sæther

Tekst: Martin Toft
Foto: Ola Sæther

Universitetsdirektør Hanne Harlem såg på opninga av tilbygget til Harald Schelderups hus som ein milepæl.
- Den set endeleg sluttstrek for arbeidet med å samlokalisera Psykologisk institutt og samtidig oppfyller det UiOs lovnad om å gi betre arbeidsvilkår for dei tilsette ved sekretariatet til Det medisinske fakultetet. Dei kan markera slutten på tida i Søsterhjemmet på Ullevål universitetssjukehus, understreka ho før ho gav ordet til administrerande direktør Øyvind Christoffersen i Statsbygg.

Han nytta høvet til å visa til kor mange universitets- og høgskulebygningar Statsbygg hadde bygd dei siste åra.

- Og alle brukarane av dei 40 bygningane i Noreg og på Svalbard er svært nøgde med oss som byggherre og eigar. Sidan dei leiger bygningane av oss, blir det også meir pengar til kjerneverksemda deira, meinte han, før han gav husnøkkelen til ekspedisjonssjef Toril Johansson i Kunnskapsdepartementet.

Ein god test

- Med tanke på diskusjonen om kven som skal eiga universitetsbygningane i framtida, så er eg sikker på at dette kan bli ein god test på korleis Statsbygg vil klara oppgåva med å vera eigar av ein bygning som blir leigd ut til Universitetet i Oslo. Statsbygg får høve til å visa korleis ein slik modell fungerer, sa ho og gav husnøkkelen vidare til rektor Geir Ellingsrud. Han tok utgangspunkt i opprettinga av Psykologisk institutt i 1909.

- Det lova landet

- Den gongen klarte instituttet med velvilje frå professor Torup å få rom hos Fysiologisk institutt i Midtbygningen i sentrum. I 1920 fekk instituttet eigne lokale i Vestbygningen. I 1968 flytta instituttet inn i Eilert Sundts hus på Blindern, men kraftig vekst førte til at instituttet etter kvart blei fordelt på fire forskjellige bygningar. Eg veit ikkje om dei tilsette ved Psykologisk institutt såg på Gaustabekkdalen som det lova landet, då dei kom hit i år 2002 med Gaustadbekken i staden for Jordanelva, men dette tilbygget er ei ny påbygging av helseaksen frå Vinderen psykiatriske til Gaustad og Rikshospitalet. UiO er svært stolt av det som veks fram i denne dalen, slo Ellingsrud fast.

UiO leiger altså Forskningsveien 3A og tilbygget av Statsbygg. Tilbygget er delfinansiert med ei eingongsløyving frå Utdannings- og forskingsdepartementet på 22,2 millionar kroner. Både inventar, utstyr og årlege leige- og driftskostnader blir dekka innanfor ei eiga ramme, går det fram av plan- og eigedomssjef Helga Sagsveens omtale av bygningen.

Emneord: Psykologi Av Martin Toft
Publisert 3. mars 2006 11:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere