Kjøper MR-skannar til 18 millionar kroner

Intervensjonssenteret på Rikshospitalet kan kjøpa inn ein ny og hypermoderne høgfelts MR-skannar til 18 millionar kroner. Det er klart etter at Forskingsrådet og UiO til saman har løyvd 8 millionar kroner til MR-forsking. Rikshospitalet dekkar resten av kostnadane. - Denne satsinga er naudsynt for å halda tritt med den teknologiske utviklinga, meiner avdelingssjef Erik Fosse.

NAUDSYNT: - Satsinga er naudsynt for å halda tritt med den teknologiske utviklinga, meiner Erik Fosse, og viser fram eit TV-bilete av dagens MR-skannar.
Foto: Ståle Skogstad

- Denne investeringa er viktig for samarbeidsavtalen me nyleg har underteikna med selskapet GE Healthcare om utvikling av kontrastvæske for MR-skannarar, opplyser Erik Fosse til Uniforum. Han trur den nye MR-skannaren vil vera ein nyttig reiskap for framtidas medisinske forsking.

- Heilt sikkert. Høgfelts MR kan ikkje berre gi eit bilete av anatomiske strukturar, men også funksjon og små molekylære strukturar. Intervensjonssenteret vil forska på og nytta denne teknologien til behandling, seier han. Og han held fram:

- Stamcelleforskinga gjer det mogleg å dyrka nytt vev og nye celler. MR-teknologien kan overvaka denne behandlinga. Den gjer det også mogleg å overvaka destruksjon av kreftsvulstar med såkalla fokusert ultralyd. Dei nye teknologiane både i biletbehandling og i pasientbehandling flyttar forståinga vår av sjukdom frå eit makroanatomisk til eit mikroanatomisk nivå. Det vil seia at det vil vera mogleg å gå inn på kvar einskild celle i kroppen, trur Fosse.

Opnar nytt PET-senter

Etter planen skal den nye høgfelts MR-skannaren byggjast på Intervensjonssenteret, men lokala må byggjast ut for rundt fem millionar kroner. Samtidig skal Rikshospitalet opna eit eit nytt PET-senter (senter for positron-emisjons-tomografi), vegg i vegg med Intervensjonssenteret.

- I PET-senteret vil ein syklotron produsera radioaktive isotopar, til dømes radioaktivt sukker. Det blir injisert inn i kreftpasientar, fortel Fosse.

Sidan kreftceller treng meir energi enn friske celler, vil meir radioaktivt sukker samla seg i kreftcellene. Når legane tar bilete med PET-teknikk (positron-emisjons-tomografi), lyser dei radioaktive delane av kroppen opp. Slik er det mogleg å sjå om pasienten har spreiing og om pasienten bør opererast eller sparast for inngrep.

Visualiseringssenter

I tilknyting til PET-senteret vil Rikshospitalet byggja eit stort forskingssenter for diagnostikk og behandling ved hjelp av bilete, som får namnet Visualiseringssenteret.

- Det manglar framleis 150 millionar kroner før det er fullfinansiert, men det vil gi oss eit unikt høgteknologisk behandlingstilbod for til dømes kreftpasientar, fortel Fosse.

- Rikshospitalet prøver å vera i front når det gjeld denne teknologien. Det er viktig at norske helsestyresmakter konsentrerer løyvingane til slik behandling til universitetssjukehusa i Oslo og til Universitetet i Oslo og at me byggjer opp eit internasjonalt samarbeid. Om me skal konkurrera med Karolinska Institutet i Stockholm, Sahlgrenska sjukhuset i Gøteborg eller Imperial College i London, må me satsa på store senter, slår Fosse fast. Han viser til at meir enn 2,5 millionar nordmenn bur i regionane til Helse Aust og Helse Sør og soknar til universitetssjukehusa ved UiO. Samtidig understrekar han at eit nasjonalt tverrfagleg samarbeid med sterke miljø er viktig for å kunna konkurrera internasjonalt.

- Me samarbeider nært med Institutt for teleteknikk ved NTNU. I tillegg samarbeider me med Institutt for informatikk, Fysisk institutt og Psykologisk institutt ved UiO. Det er heilt avgjerande, meiner Fosse.

Emneord: Medisin, Forskning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2006 09:25 - Sist endret 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere