HIV-forsking kan gi kreftmedisin
Arbeidet med å utvikla ein medisin som kan stimulera immunsystemet til HIV-pasientar, har ført forskarar på UiO på sporet av ein medisin som også kan få immunforsvaret til å gå til åtak på hurtigveksande kreftsvulstar. Det opplyser direktør Kjetil Taskén ved Bioteknologisenteret til Uniforum.

Det var under testing og utvikling av medisinar som vil kunne brukast til å stimulera immunforsvaret hos HIV-pasientar, at det blei oppdaga at ein av dei også hadde ein gunstig effekt på kreftceller.
- Under arbeidet med å kartleggja molekylære endringar i immunforsvaret hos HIV-pasientar og finna ut korleis dei verkar, oppdaga me at eit medikament også hadde ein gunstig effekt på andre immunsviktsjukdomar. Det vil til dømes kunna bli mogleg å stimulera anti-tumoraktivitet for å få immunforsvaret til å gå til åtak på vondarta og hurtigveksande kreftsvulstar, fortel medisinprofessor Kjetil Taskén. Etter planen skal dei første resultata av denne forskinga omtalast i fleire artiklar, og den første er snart klar for publisering i eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift.
Utsette resistens
- Målet vårt med forskinga på immunterapi i samband med HIV, er å kunna utvikla medisinar som kan stimulera immunforsvaret så mykje at det hjelper dei anti-virale medikamenta til å halda viruset i sjakk. Kan ein utsetja eller unngå samanhengjande anti-viral terapi, vil det kunna ta lenger tid frå ein pasient byrjar å bruka eit anti-viralt medikament til HIV-viruset blir resistent mot dette medikamentet.
- I dag brukar HIV-viruset i kroppen mindre tid på å bli resistent mot eit medikament enn den tida det tar å utvikla eit nytt medikament. Så dersom me klarer å utsetja anti-viral behandling med eitt år med eit medikament som kan stimulera immunforsvaret til å setja bremsene på, kan norsk helsevesen spara 150 000 kroner i året i utgifter til anti-virale medikament for kvar HIV-pasient. Og viss me klarer å utsetja denne tida med ti år, vil staten spara 1,5 millionar kroner for kvar pasient, understrekar Taskén.
- For viss dei HIV-smitta ikkje får behandling, vil dei utvikla AIDS. HIV-viruset vil dei aldri bli kvitt. Difor håpar me å kunna utvikla ein medisin som pasienten kan ta utan å gå til lege kvar gong, legg han til.
Klinisk utprøving enno ikkje starta
Utprøvinga av medikamenta skal gjerast av selskapet Lauras, som blei stifta i 1998 av forskarane som utvikla teknologien.
- Selskapet har gjort to kliniske studiar med eit medikament som eksisterer på marknaden, og er i ein forskingsfase og i ein tidleg preklinisk fase med sitt eige medikament. Vidare preklinisk dokumentasjon er naudsynt før tidleg klinisk utprøving kan starta. Dei grunnleggjande tinga for utviklinga av denne medisinen, er gjort av forskingsgruppa mi på Bioteknologisenteret, fortel Taskén.
Forskinga på å finna fram til medikament som kan gi
HIV-pasientar immunstimulerande behandling, er eit samarbeid
mellom Bioteknologisenteret, Noregs forskingsråd, EU, Lauras
og dei infeksjonsmedisinske avdelingane ved Ullevål
universitetssjukehus og Rikshospitalet.
Kreftprosjektet er eit samarbeid mellom Bioteknologisenteret,
Gastrokirurgisk avdeling ved Ullevål universitetssjukehus,
Kreftforeininga og Noregs forskingsråd.
Tar prøver frå HIV-pasientar
På Infeksjonsmedisinsk avdeling ved Ullevål universitetssjukehus arbeider overlege dr.med. Dag Kvale, som er ein av Noregs fremste HIV-ekspertar. Han er godt nøgd med samarbeidet med Bioteknologisenteret for å utvikla medisinar som kan stimulera immunforsvaret.
- Nye behandlingsformer på HIV-pasientar må prøvast ut på
menneske i ein tidleg fase. Det er liten vits i å prøva dei
ut på mus, fordi immunsystemet deira er heilt forskjellig frå
vårt. Difor tar me prøver av lymfecellene i blodet til alle
HIV-pasientar som får behandling her og testar dei i
laboratoriet vårt. Dei blir brukte til grunnforsking her og i
samarbeid med Bioteknologisenteret for å finna ut korleis
ulike medisinar kan påverka T-cellene som er ein type av dei
kvite blodlekamane i blodet, fortel Kvale.

HIV-viruset går til åtak på T-cellene og det fører til ei nedbryting av immunforsvaret. Førebels har forskingsprosjekta fått 1 million kroner frå Noregs forskingsråds program Global helse.
Fem av hundre HIV-pasientar får behandling
- Det vil vera svært viktig for HIV-pasientar i den tredje verda om forskarane klarer å utvikla ein medisin som bremsar farten på HIV-sjukdomen eller utset behovet for dei HIV-medikamenta som me har i dag. Desse medisinane er framleis så dyre at berre fem prosent av verdas HIV-pasientar får høve til å bruka dei. Ein annan utveg kan vera å utvikla effektive HIV-vaksinar som også kan vera nyttige for dei som allereie er smitta, seier han.
- Det som forskarane interesserer seg spesielt for, er kvifor rundt to prosent av HIV-pasientane kan leva i opptil 25 til 30 år med viruset sitt, seier Kvale.
Gjennom samarbeid med selskapet Bionor Immuno har dei også forska på slike vaksinar. Som ein del av dette arbeidet har dei deltatt i Globinf (Centre for Prevention of Global Infections) på Det medisinske fakultetet.
Nordisk nettverk
- Me har dessutan vore med på å etablera eit nordisk nettverk for klinisk HIV-forsking. På den måten har me mange gode samarbeidspartnarar og idéar. Hovudproblemet er at klinisk forsking og utprøving av ny behandling kostar mykje meir enn grunnforsking. Det er grunnen til at me har hatt for vane å overlata slike prosjekt til legemiddelindustrien. Gjennom dette samarbeidet prøver me å gjera noko med det, fortel Kvale.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere