Europas beste avhandling i molekylærbiologi

Postdoktor Marina Aspholm ved Institutt for molelylær biovitskap har fått doktoravhandlinga si premiert som Europas beste i molekylærbiologi i 2005. Det er selskapet GE Healthcare og tidsskriftet Science som står bak kåringa. Ho er plukka ut som vinnar på grunnlag av eit 1000 ord stort essay basert på doktoravhandlinga hennar om magesårbakterien helicobacter pylori.

VANN: Postdoktor Marina Aspholm på Institutt for molekylær biovitskap har fått doktoravhandlinga si premiert som Europas beste i molekylærbiologi.
Foto: Ola Sæther

Aspholm var ei av dei fem i verda som vann konkurransen Young Scientist Award 2005. Den tyrkiske forskaren Ahmet Yildiz frå Istanbul, som i dag arbeider ved eit amerikansk universitet, vann til slutt hovudpremien. Derimot blei Aspholm altså europeisk vinnar av Young Scientist Award og får ein premie på 5000 dollar eller rundt 35 000 kroner.

- Eg blei både overraska og glad for å få tildelt ein slik pris som ei fylgje av doktoravhandlinga mi frå Umeås universitet. Den kan nok også bli viktig å ha den å visa til når eg skal søkja stillingar og forskingpengar i framtida, seier ho. Asholm er med i forskargruppa til professor Michael Koomey. I dag forskar ho på bakterien neissena gonorrhorae saman med resten av forskargruppa.

- Målet mitt er å danna ei eiga forskargruppe som kan forska vidare på sjukdomsframkallande bakteriar. Kanskje blir det magesårbakterien helicobacter pylori. Etter det eg forstår er det gjort lite forsking på det i Noreg, seier Aspelund. Og ho har ingen planar om å driva forsking i USA.

- Nei, det er jo ein amerikansk forskar som leier forskingsgruppa mi her på UiO. Eg jobbar i ei svært bra forskingsgruppe her og eg trur at eg kjem til å ha svært gode sjansar til å driva god forsking i Noreg. Om eg vil læra meg noko nytt i USA, kan eg alltids dra dit for ein kortare periode eller samarbeida med eit amerikansk laboratorium, seier ho.

Emneord: Biologisk institutt, Forskning Av Martin Toft
Publisert 8. mars 2006 12:55 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere