Ei folkekyrkje i strid med menneskerettane?

Ei fristilt sjølvstendig kyrkje, likestilt med andre trussamfunn og lagt under ei felles lovgjeving, vil vera mest i pakt med kravet om like menneskerettar for alle, mellom anna retten til trus- og livssynsfridom. Det var det stor semje om på Norsk senter for menneskerettar sitt seminar om nyordningar mellom stat og kyrkje sett i eit menneskerettsleg lys. Men det er ikkje det fleirtalet i «Kyrkje/stat-utvalet» går inn for.

GUDDAL KYRKJE: Kyrkja i Guddalen, Fjaler i Sunnfjord, står i alle fall førebels søtt på sine grunnmurar.
Foto: Alv Reidar Dale

31. januar la Gjønnes-utvalet fram si utgreiing og innstilling om ordninga av forholdet mellom stat og kyrkje i framtida, «Staten og Den norske kirke», NOU 2006:2. Allereie ei snau veke seinare sette Norsk senter for menneskerettar (SMR) ved Universitetet i Oslo kritisk søkelys på fleire sider av saka og innstillingane frå Stat/kyrkje-utvalet. Halvdagsseminaret 7. februar drøfta forholdet mellom religion og statsmakt i framtida i eit menneskerettsleg perspektiv.

Folkekyrkje med favørordningar

Sekretariatsleiar for Gjønnes-utvalet, Kristin Grimstad presenterte først konklusjonane og gjorde greie for dei tre ulike modellane som var tilrådde av ulike fleirtal og mindretal.

Spørsmålet har i hovudsak vore om statskyrkjeordninga skal førast vidare, reformerast eller avviklast. Det ligg i mandatet at arvtakaren til Den norske kyrkja (DNK) me har i dag, skal vera ei såkalla «folkekyrkje», dessutan at ho framleis skal vera ei vedkjennande, misjonerande og tenande kyrkje og at staten skal føra «ein aktivt støttande religionspolitikk», det siste til alle trus- og livssynssamfunn. Dette ligg også i botnen for det store fleirtalet i utvalet.

Eit mindretal på fire (av 20) vil ha ei heilt fristilt og sjølvstendig kyrkje utan noko form for statleg styring eller forrang framom andre religiøse grupper eller livssynssamfunn. Eit anna mindretal på 2 rår til at statskyrkjeordninga vert førd vidare, tufta på dei grunnlovsparagrafane som gjeld i dag.

Men eit fleirtal på heile 14 går inn for at den framtidige norske kyrkja skal organiserast som ei lovforankra folkekyrkje. Det vil seia at Stortinget vedtek ei eiga lov for denne kyrkja, men at Grunnlovsparagrafane om statskyrkjeordninga vert oppheva. Kyrkja blir eit sjølvstendig rettssubjekt med eigne styringsorgan på alle plan, og biskopar (og prostar) vil også bli utnemnde av kyrkjelege organ.

Fleirtalstilrådinga inneber at denne kyrkja framleis vert favorisert i forhold til andre kristne trussamfunn, andre religionar og ikkjereligiøse livssyn. Men det betyr også ei viss statleg styring med kyrkja, som ikkje andre slike samfunn har, ved at ho får ei særskild tilknyting til staten ved ei lov forankra i ein grunnlovsparagraf.

Menneskerettane framfor særinteressene

Den som gjekk sterkast ut i kritikken sin av vurderingane og konklusjonane frå utvalet, var førsteamanuensis Tore Lindholm ved SMR (biletet under t.v.), som problematiserte forholdet mellom «Statens verdigrunnlag og menneskerettane».

Han meinte at utvalet hadde snubla allereie i starten, med å sjå bort frå at nyordninga mellom stat og kyrkje skulle sikra "samfunnets verdiforankring" og i staden hadde gitt seg i kast med å definera eit "statens verdigrunnlag". Det vil fleirtalet i utvalet ha inn i ein ny grunnlovsparagraf, § 2, andre ledd, der det m.a. då skal heita «Den kristne og humanistiske Arv forbliver Statens Verdigrunnlag.»

Medan berre éin gjer framlegg om det mykje meir folkerettsleg orienterte; «Staten og dens Myndigheder skal sikre Menneskenes grundlæggende Rettigheder og Friheder efter indgaaede Traktater,...»


- Eg tek det for gitt at Norge skal respektera internasjonalt godkjende menneskerettar, som gjev visse føringar for kva som med rette kan fastsetjast som statens verdigrunnlag i Grunnlova. Både omsynet til det viktigaste verdigrunnlaget i menneskerettane, menneskeverdet, og retten til trus- og livssynsfridom, set grenser for kva som kan favoriserast og diskriminerast i lovs form. Staten har plikt på seg til å respektera alle livssyn i samfunnet, utan å diskriminera mellom dei.

- Difor er det noko paradoksalt med ein menneskerettsstat som privilegerer og til og med identifiserer seg med ein bestemt livssynstradisjon, slo han fast og kom med denne konklusjonen:

- Fleirtalsforslaget til ny paragraf i Grunnlova om «Statens verdigrunnlag» vil utgjera ei umiskjenneleg identitetspolitisk markering på vegner av - ikkje alle, men ein tenkt kompakt norsk majoritet. Tre sentrale element som i staden kunne framhevast i ein slik verdiparagraf, om no Grunnlova skal ha ein slik paragraf, er demokrati, rettsstat og menneskerettar - forutan respekt for og vern om menneskeverdet. Dette er iallfall verdiar alle innbyggjarar her i landet kan vera samde om.

Eit fjerde alternativ

Den neste som ytra seg klart kritisk til fleirtalsinnstillinga frå Gjønnes-utvalet, var stipendiat Ingvill Thorson Plesner (biletet under t.h.) ved Norsk senter for menneskerettar. Ho har nett kome ut med boka «Skal vi skilles? - veier videre for stat og kirke», der ho drøftar sterke og svake sider ved dagens relasjon mellom stat og kyrkje og alternative modellar for stat/kyrkje-forholdet i framtida.
Ho baserte sitt føredrag på delar av boka og la størst vekt på menneskerettslege dilemma, både ved dagens ordning og fleirtalstilrådinga frå utvalet.

- Eg stiller spørsmål ved om fleirtalsløysinga, ei lovforankra folkekyrkje, reelt vil vera ei avvikling av statskyrkja, i og med at ho byggjer på dei same grunnprinsippa som dagens statskyrkjeordning. Ho er innanfor det me kan kalla "establishmentmodellen", det vil seia favorisert, men også lagt strengare band på frå statsmakta, peika ho på.


- Mellomløysinga som fleirtalet går for, søkjer å sikra både større sjølvråderett for Den norske kyrkja og meir likebehandling av minoritetskyrkjer og andre livssynssamfunn. Men den nye ordninga med særlov for Den norske kyrkja, som fastset læregrunnlag, identitet og ordning, sikrar ikkje at nokon av desse omsyna vert tekne, meinte ho.

- Ei nyordning med lovforankra kyrkje, der Stortinget gjev lova, er i strid med retten til religions- og livssynsfridom, som inneber at staten ikkje skal blanda seg inn i eller ha makt over lære, profil eller ordning. At Stortinget gjev ei slik lov for eitt bestemt trussamfunn er elles i strid med prinsippet om ikkje-diskriminering, presiserte Plesner.

- Dessutan er det mogleg å sikra både dei føremåla som ligg i argumenta for lovforankra kyrkjemodell og dei omsyna menneskerettane krev, på ein ryddigare måte - ved ei fristilt, sjølvstendig kyrkje som vedtek ei eiga «kyrkjeleg grunnlov», der læregrunnlag, kyrkjeprofil og organisering vert fastlagd, m.a. ei ny kyrkjeleg valordning, t.d. ein kombinasjon av direkte og indirekte val til Kyrkjemøtet, føreslo ho.

Sekularisering eller nykristning?

Njål Høstmælingen, han også stipendiat på SMR, poengterte sterkt i sitt føredrag om menneskerettslege vurderingar av forslaga frå utvalet, at dei to viktigaste omsyna er likestilling med andre livssyn (favorisering / diskriminering) og kyrkja sitt indre liv (sjølvstyre / innblanding).

- Den norske kyrkja har ei særstilling mellom trussamfunna her i landet, samtidig som norske styresmakter har hatt kontroll med kyrkja. Fleirtalet si innstilling om ei fristilt lovforankra kyrkje ser ut til å vilja føra vidare det første og avvikla det siste. Alle tre modellane til ny framtidig kyrkjeordning nyttar ordet 'folkekyrkje', som er svært problematisk i seg sjølv. Dessutan er dagens namn, Den norske kyrkja, eigna til å verka ekskluderande, både etnisk og i forhold til andre kyrkjesamfunn.

- Eg tvilar på at ei påstått sjølvstendig folkekyrkje, som skal vera eit eige rettssubjekt basert på ei særskild lov gjeven av Stortinget, er i samsvar med menneskerettane. Når det gjeld religionsfridommen, er det sentrale å lata vera å gjera inngrep. Staten har inga plikt på seg til å fremja religion, snarare tvert om pliktar han å gripa inn overfor religionane, t.d. for å hindra rasediskriminering eller verna mot fysiske overgrep som omskjering, peika Høstmælingen på.

Garantist for ei romsleg kyrkje

I paneldebatten etter føredraga var det innlegget frå førsteamanuensis Aud V. Tønnessen på Det teologiske fakultet, UiO, som mest tydeleg tok fleirtalstilrådinga om ei lovforankra folkekyrkje i forsvar:

- Den statskyrkjeordninga me har i dag, er openbert problematisk ut frå tanken om medborgarskap, forstått som like rettar og plikter for den enkelte borgar, m.a. retten til å kunna sitja i regjering med kyrkjeleg statsråd. Ingen av dei andre modellane, lovforankra folkekyrkje eller sjølvstendig folkekyrkje, vil ha same avgrensing. Og kanskje er fleirtalsmodellen, som legg seg nær den ordninga me har, best eigna til å fremja medborgarskap, fordi han tydeleg held fast på religion som ei offentleg sak og gjev rom for ulik grad av trusengasjement og aktivitet.

- Ser me på spørsmålet om kyrkjeordning dels pragmatisk og dels prinsipielt, trur eg at fleirtalsmodellen tek vare på mange viktige sider når det gjeld medborgarskap og oppleving av aksept. Ikkje minst fordi den så klårt markerer at staten har eit ansvar for religion, utan å hindra andre som høyrer til andre kyrkjer eller religionar i å delta i samfunnslivet, t.d. i politikken fullt ut, understreka Tønnessen.

- Ei særlovgjeving for Den norske kyrkja vil samtidig sørgja for at ei historie og ein kultur som er ein del av vår felles arv her i landet, anten me er kristne, jødar, muslimar eller sekularistar, blir tekne vare på. Den viktigaste innvendinga er heller at Stortinget, der dei politiske partia rår, ikkje dei døypte, skal vedta lover for den framtidige norske kyrkja. Men det treng ikkje verta noko stort problem, meinte ho.

- Eivind Berggrav, biskop i Oslo rett etter krigen, skreiv i si tid at i tre ting måtte kyrkja vera absolutt fri frå staten; i saker som gjaldt vedkjenning, forkynning og tilsetjing ('kallelse'), og såg statskyrkjeordninga som ein garantist for ei romsleg kyrkje. Den modellen som fleirtalet går inn for, synest å ivareta det omsynet, trudde Tønnessen.

Emneord: Sentrene, Teologi Av Alv Reidar Dale
Publisert 14. mars 2006 10:27 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere