Rektorinnsetjinga begynner med ein akademisk prosesjon sett saman av avgått rektor, rektor, prorektor, viserektor, dekanar, styremedlemer, universitetsdirektør og assisterande universitetsdirektør.
Prosesjonen blir fylgd av ein tale av tidlegare rektor Arild Underdal, som deretter overrekkjer rektorkjeda til etterfylgjaren sin, dagens rektor Geir Ellingsrud. Etter overrekkinga vil Geir Ellingsrud halda innsetjingstalen sin, før det blir musikalske innslag med Universitetets symfoniorkester og Akademisk korforening. Heilt til slutt vil cellokvartetten Forskjelli for celli, leidd av cellisten Aage Kvalbein spela.
Festkvelden blir avslutta med ein æresmiddag for avgått rektor Arild Underdal i Teatersalen på Hotel Continental. Berre spesielt inviterte gjester får delta på æresmiddagen, blant andre kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere