Den tyske nobelprisvinnaren i litteratur, Günter Grass , skal lesa frå romanen sin "Mitt århundre" i Universitetets Aula torsdag 13. januar kl. 18.00. Heile opplesinga vil gå føre seg på tysk.
Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Den tyske nobelprisvinnaren i litteratur, Günter Grass , skal lesa frå romanen sin "Mitt århundre" i Universitetets Aula torsdag 13. januar kl. 18.00. Heile opplesinga vil gå føre seg på tysk.
Matematikkprofessorene Erling Størmer og Ola Bratteli er tildelt 500 000 kroner fra Wedel Jarlsbergs fond ved Universitetet i Oslo. I november mottok de to Norges forskningsråds Pris for fremragende forskning .
Den siste oppdaterte lista over norske statsborgarar som er sakna etter flodbylgja i Sør-Asia, viser at den 39 år gamle UiO-studenten Anita Anabel Jarl og den eitt år gamle sonen hennar Julian Ombir Jarl er blant dei sakna. Ingen tilsette ved UiO er lenger registrert på denne lista.
Tre studentar frå Universitetet i Oslo står på lista over dei 242 sakna norske statsborgarane etter flodbylgja i Sør-Asia. Etter at det tidlegare blei meldt om ti sakna studentar, har sju av dei meldt seg. Universitetet har også fleire studentar frå dei flaumråka landa India, Sri Lanka og Indonesia. - Me vil stilla opp for om mogleg å gjera situasjonen lettare for dei studentane som direkte eller indirekte er råka av denne katastrofen, seier rektor Arild Underdal .
Syskena Mathias, Sara, Mia og Fredrik har i dag stått på Blindern og samla inn over 1000 kroner til dei flaumråka i Sør-Asia. Faren Knut Gørvel fortel at dei også klarte å samla inn 1000 kroner på nyttårsaftan ein annan stad i Oslo.