Nordiskfaget evaluert: Høgt nivå i litteratur, ujamt i språk

Nordisk på UiO har eit høgt nivå i litteratur, men held eit heller ujamt nivå i språk. Det er hovudkonklusjonen i ei evaluering av nordiskfaget som er gjort på oppdrag frå Noregs forskingsråd. - Det er både naudsynt og nyttig for alle fag å bli sett utanfrå og bli evaluerte ut frå internasjonale, kritiske standardar, synest instituttleiar Hanne Gram Simonsen og assisterande instituttleiar Per Thomas Andersen.

FLOTT: - Det er flott at både litteraturforskinga, tekstforskinga og forskinga i historisk generativ grammatikk får så god omtale, synest Hanne Gram Simonsen og Per Thomas Andersen.
Foto: Ola Sæther

I evalueringa av språkdelen av nordiskfaget, blir det dessutan peika på at fleire av forskarane har godt ord på seg internasjonalt og at det i dette miljøet og i dei tidlegare seksjonane for leksikografi og målføregransking og namnegransking blir drive solid forsking på alle kjerneområda. Men det blir også understreka at det finst medarbeidarar som konsentrerer seg nærast utelukkande om formidling. På den andre sida blir det trekt fram at "noen publiserer meget lite eller ingenting, og det er flere som utgir det meste av sine skriftlige arbeider i internpublikasjoner og derfor ikke når ut til andre." Komiteen synest heller ikkje at dette problemet blir tatt alvorleg nok i eigenvurderinga til språkmiljøet.

På den positive sida blir det peika på at dei mest lovande språkmiljøa finst i tekstforsking og historisk generativ grammatikk. Det blir vist til at publikasjonane på dette feltet viser god forankring både i allmenn tekstlingvistikk og i semiotisk teori, og at dei vekkjer interesse internasjonalt.

Lite internasjonal publisering

Eit tema som sakprosa viser at faget er samfunnsorientert, meiner evalueringskomiteen. Også miljøet i historisk generativ grammatikk held eit godt internasjonalt nivå, blir det slått fast. Grammatikken "Norsk referansegrammatikk" blir halden fram som eit godt døme på kva språkforskarane på nordisk kan få til når dei samarbeider. Forskinga i dialektologi, grammatikk, tekstforsking, språkhistorie og fonetikk/fonologi held eit høgt nivå, men få forskarar publiserer internasjonalt, registrerer komiteen.

Framhevar tekstlesinga

I nordisk litteratur blir tekstlesinga framheva. Den opnar for nye perspektiv i kjend litteratur, meiner komiteen. Sterke område på dette feltet er utforskinga av litteraturhistoriegenren sitt bidrag til nasjonsbygginga, postkolonialt perspektiv på litteratur frå 1800-talet, utforskinga av brevgenren og sjølvbiografigenren, og sist, men ikkje minst postmoderne identitetsproblematikk i den nyaste litteraturen.

Det skjer også fornyingar gjennom å kombinera litteraturvitskap med tekstvitskap, medievitskap eller musikkvitskap. Utgjevinga at den eittband store norske litteraturhistoria frå oldtida til i dag, blir omtala som ein kraftprestasjon i denne forskinga. Komiteen synest likevel litteratur før 1700-talet er for dårleg dekka.

Etterlyser forskingsstrategi

Det blir også etterlyst ein samla strategi for forskingsleiing. Dessutan bør instituttet setja i gang endå fleire felles forskingsprosjekt for å styrkja profilen til instituttet, tilrår komiteen. Aldersfordelinga og kjønnsbalansen er heller ikkje ideell, og difor ber komiteen instituttleiinga om å betra rekrutteringa og balansen mellom kvinner og menn blant dei vitskaplege tilsette. Til saman har 28 forskarar deltatt i evalueringa og 677 publikasjonar er blitt vurderte. Evalueringa blei gjort hausten 2004 og våren 2005.

- Flott med så god omtale

Instituttleiar Hanne Gram Simonsen og assisterande instittuttleiar Per Thomas Andersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium synest fagmiljøet har kome godt ut av evalueringa.

- Det er flott at både litteraturforskinga, tekstforskinga og forskinga i historisk generativ grammatikk får så god omtale, seier Gram Simonsen. - Evalueringa brukar ord som energisk, fornyande,ja, til og med lysande, om delar av forskinga, samstundes som det blir slått fast at den held eit godt internasjonalt nivå og vekkjer interesse utanfor Noreg, legg ho til.

- Framover skal me satsa endå meir på det me er gode i, og så skal me retta opp dei tinga som kan gjerast betre. Difor vil me ha skarpare skiljelinjer mellom kva som er forsking og kva som er formidling. Og me vil gjera alt me kan for å få opp forskingsproduksjonen der det trengst. På den måten kan det bli meir eiga forsking som kan formidlast, understrekar Gram Simonsen og Andersen.

- Norsk er eit internasjonalt forskingsspråk

Likevel er det ikkje alt i evalueringa som det er like lett å etterleva.

- Det blir etterlyst fleire vitskaplege artiklar på engelsk, men faktum er at norsk, altså både bokmål og nynorsk, er det internasjonale forskingsspråket som blir brukt av nordistar i heile Norden. Målsetjinga vår er at me skal publisera på norsk i dei beste vitskaplege tidsskrifta der alle artiklar først må gå gjennom ei fagfellevurdering, understrekar Gram Simonsen.

- Samstundes skal me også publisera på engelsk når konteksten krev det, presiserer ho.

- Undervisninga påverkar forskinga

Både Gram Simonsen og Andersen viser til at instituttet er godt i gang med arbeidet med å styrkja forskingsstrategien til instituttet. Men samtidig ser dei også fleire dilemma:

- Innføringa av Kvalitetsreforma fører til at undervisninga også påverkar forskinga. Det er ikkje enkelt å satsa på litteratur frå før 1700-talet, når det er 18-åringane sine val av emne og studieprogram som styrer forskinga. Og dei er meir interesserte i nyare og moderne litteratur enn litteraturen mellom oldtida og Ludvig Holberg. Om me hadde satsa meir på eldre litteratur, ville me fått svært få studentar og svært dårleg økonomi, trur Andersen og Gram Simonsen.

Evalueringa viser til at det er lite forsking på dialektologi, men det har endra seg sidan evalueringskomiteen vitja instituttet i og med at det store Upus-prosjektet, som mellom annan handlar om urbane språkvariasjonar, er starta opp sidan den gongen.

Ei anna utfordring er at nordiskfaget skal vera eit breiddeorientert og lærarutdannande fag samtidig som det skal utdanna spesialistar på eitt eller fleire forskingsområde.

- Dette er ein vanskeleg kombinasjon, men i den grad det er mogleg, vil me orientera oss i den retninga som evalueringskomiteen ber oss om å gå, lovar dei.

Emneord: Nynorsk, Forskning, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2005 15:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere