Sankthansorm gav lys idé

- Eg var på hytta og såg sankthansormar lysa opp den mørke sommarkvelden, då eg fekk idéen om at lysgenet i sankthansormen kunne sprøytast inn i mus for å visa om eit gen er skrudd av eller på, fortel ernæringsforskar Rune Blomhoff. Med fødselshjelp frå Birkeland Innovasjon har han og partnaren Harald Carlsen vidareutvikla idéen og etablert selskapet Cgene.

LYSANDE MUS: Ernæringsforskarane Rune Blomhoff (til høgre) og Harald Carlsen viser fram ei av dei lysande forsøksmusene som dei har tatt patent på.
Foto: Yngve Vogt

Ernæringsforskar Rune Blomhoff presenterte idéen sin for den dåverande doktorgradsstipendiaten Harald Carlsen, og saman laga dei sine første transgene "lysande mus" i 1997.

Det var første gong det var mogleg å visa verknaden av legemiddel, næringsmiddel og miljøfaktorar i eit intakt levande pattedyr.

- Teknologien kan fortelja oss korleis slike stoff påverkar kroppen, når verknaden skjer og kor lenge og i kva vev i kroppen det skjer. Denne teknologien kan vera svært verdifull for legemiddelindustrien når den vil testa ut effekten og tryggleiken til nye legemiddel, fortel Rune Blomhoff og nytilsett dagleg leiar for Cgene, Glenn Gundersen til Uniforum.

I 2002 publiserte postdoktor Harald Carlsen fleire oppsiktvekkjande resultat i forskingstidsskriftet "Journal of Immunology." Saman etablerte han og Blomhoff selskapet MiceTech som no altså har skifta namn til Cgene. Rune Blomhoff fortel gjerne enda meir om korleis denne teknologien fungerer.

Forsøksmusene overlever

- Lyset blir til ved at lysgenet frå sankthansormen blir sett inn i mus. Dermed kan musemodellane lysa veg gjennom dei indre organa sine utan at dyret tar skade av det. Dei brukar lys for å visa om eit gen er slått av eller skrudd på. Genet kan styrast av genetiske brytarar og gi informasjon om verknaden av til dømes eit legemiddel. Dessutan kan dyra brukast om igjen fleire gonger. Patentet sparer dermed mange museliv, fortel Blomhoff.

Sparer millionar

Dagleg leiar for selskapet, Glenn Gundersen, ser ei lys framtid for Cgene.

- På denne måten blir det lettare og meir treffsikkert å velja ut dei beste stoffa til eit legemiddel. Det kan føra til at tida det tar frå ein medisin blir testa ut til den når marknaden, kan kortast ned. På den måten kan legemiddelindustrien spara mange millionar kroner på utviklingskostnader. I dag kostar det rundt fem milliardar kroner å laga eit legemiddel frå oppdaging til godkjend medisin, seier Gundersen.

I framtida vil selskapet også kunna bruka desse musemodellane til å studera verknaden av ulike vitamin, antioksidantar og giftstoff i naturen.

- Elskar å forska

Rune Blomhoff er godt nøgd med fødselshjelpa selskapet har fått av UiOs teknologioverføringsselskap Birkeland Innovasjon.

- Eg elskar å forska. Alt som kan avbryta meg i forskinga mi, forstyrrar meg. Og som forskar ville eg gjerne halda fram med å gjera det eg er god på. Difor er det flott at Birkeland Innovasjon har gitt Cgene nok pengar til at me kunne tilsetja Glenn Gundersen som dagleg leiar. Då kan Harald Carlsen og eg engasjera oss for fullt i forskinga vår. Og kommersialiseringa av patentet vårt gir ein kraftig synergi til forskargruppa vår, som får meir pengar. Dersom det blir vellykka, vil det drypa endå meir pengar ned til forskinga vår, fortel Blomhoff.

Han vedgår at han var skeptisk til at UiO skulle etablera Birkeland Innovasjon.

- Tidlegare følte eg at forskaren ofte blei skvisa ut på sidelinja. No er eg svært nøgd med måten det fungerer på, legg han til.

Første selskap på eigne bein

Dagleg leiar for Birkeland Innovasjon, Frank Larsen strålar også over at det første selskapet dei har vore fødselshjelpar for, snart kan stå trygt på eigne bein.

- Birkeland Innovasjon hjelper dei med oppstartingskostnader og betaler løn til den daglege leiaren det første året. Seinare skal Cgene klara seg på eiga hand. Og det er eg ikkje i tvil om at dei klarer. Musemodellane til selskapet vil vera etterspurde av forskingsinstitusjonar over heile verda, er han overtydd om. Han meiner Birkeland Innovasjon gjennom etableringa av Cgene har oppfylt ei av dei viktigaste oppgåvene sine.

- Jobben vår er å bringa forskarane i kontakt med entreprenøren som kan ta selskapet framover, akkurat som det klassiske samarbeidet bak Norsk Hydro med Kristian Birkeland og Sam Eyde i førarsetet. Me har hjelpt forskarane Rune Blomhoff og Harald Carlsen, og me har funne fram til Glenn Gundersen som skal vera entreprenøren i selskapet, understrekar han.

60 idéar i året

Frank Larsen trur Birkeland Innovasjon vil få inn 60 idéar i løpet av eitt år.

- Det finst mange gode idéar blant desse, men det er berre dei svært gode idéane me har høve til å utvikla vidare slik at dei kan danna grunnlag for eit levedyktig selskap, slik som Cgene, meiner han. Cgene har blant anna testa ut nye medisinar mot leddgiktsmerter.

- Når lyset i desse lysande musene blir slått av, vil det seia at medisinen verkar. Lyset i musa er altså eit symbol på sjukdom som reflekterer sjukdomsutviklinga, seier Blomhoff.

Selskapet er i ferd med å laga ein musemodell for sjukdomane Alzheimer og Parkinson som også skal nytta dei lysande musene.

- Me vil no studera korleis fosfatgrupper blir slått på og brotne ned ved hjelp av protein. Utfordringa er å laga ein modell som kan visa korleis protein påverkar andre sjukdomar. Me ynskjer å laga ein musemodell som viser korleis dette verkar, seier Blomhoff.

Ingen konkurrentar

Både han og Gundersen ser ein stor marknad for selskapet.
- Cgene har ingen konkurrentar sidan kvar dyremodell er unik. Dessutan har selskapet fått gode avtalar med det amerikanske bioteknologiselskapet Xenogen. Det er eit selskap som driv på med den same teknologien gjennom produksjon av utstyr. Både oppdrettsnæringa og produsentar av kosttilskot og næringsmiddel vil truleg nytte seg av musemodellane våre, trur Glenn Gundersen og Rune Blomhoff.

Emneord: Forskning, Medisin, Birkeland Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2005 12:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere