Krise for lærarutdanninga ved UiO

- Dei foreslåtte nedskjeringane på rundt to millionar kroner på 2006-budsjettet til Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling er så alvorlege at me tolkar dei som eit signal om at det ikkje skal vera lærarutdanning ved UiO. Det seier Rolf Mikkelsen som er nestleiar ved instituttet. Konsekvensen kan bli reduksjon eller full stopp i opptak av studentar på den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) i 2006.

MANGLAR PENGAR: - Forslaget til nedskjeringar kan føra til stans i opptaket på den praktisk-pedagogiske utdanninga, fryktar nestleiar Rolf Mikkelsen ved ILS.
Foto: Ola Sæther

Det er ein ny finansieringsmodell som fører til at universiteta no får mindre pengar til lærarutdanning. UiO får 17,8 millionar kroner mindre i året for eit kull på 350 studentar enn det allmennlærarutdanninga får.

Bakgrunnen er at Utdannings- og forskingsdepartementet har innført ei eiga kategoriseringsordning for lærarutdanninga. I denne ordninga får den fire år lange allmennlærarutdanninga betre betalt for kvar student dei tre første åra enn det ein student på lærarutdanninga på universiteta får. Det er berre det fjerde året med praktisk-pedagogisk utdanning som får like godt betalt som eitt år på den tradisjonelle lærarutdanninga.

Det fører til at universiteta får 51 000 kroner mindre for kvar lærarstudent på dei fire åra utdanninga varer enn det høgskulane får.

Kan stansa opptaket

- Det er dette systemet som er rota til dei økonomiske problema ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling, meiner nestleiar Rolf Mikkelsen. Han viser til at instituttet allereie har klart å spara inn nesten fem millionar kroner etter at det blei sett under administrasjon av universitetet sentralt våren 2004.

- Men dersom fakultetsstyret vedtar fakultetsadministrasjonen sitt forslag til budsjett for neste år, må me spara to og ein halv millionar kroner til. Det er det som får oss på tanken om å ta opp færre studentar på den praktisk-pedagogiske utdanninga i 2006, seier Mikkelsen. Mesteparten av budsjettet er bunde opp i løn og andre faste utgifter.

- Dermed blir dei einaste pengane me kan spara inn, dei mellom seks og sju millionar kronene instituttet betaler til partnarskulane våre for at dei let studentane våre få ha praksisperioden sin der. Men det er ikkje mogleg å ta opp studentar til ei praktisk-pedagogisk utdanning utan å gi dei praksis. Difor vurderer me altså å redusera eller stansa opptaket i 2006, opplyser han til Uniforum.

Skal skåna lektor- og adjunktutdanninga

Samtidig understrekar han at dei studentane som allereie er i gang med lektor- og adjunktutdanninga (LAP) ved UiO, skal skånast for desse innsparingane.

- Desse 120 studentane skal få den oppfylginga dei har krav på. Men det er tvilsamt om me kan ta opp 60 ekstra studentar på dette studiet, slik me opphavleg hadde planar om, seier han.

- Alle desse tiltaka vil bli dramatiske på litt lengre sikt fordi me vil mista pengar på grunn av færre avgitte studiepoeng. Desse pengane blir alltid betalt etterskotsvis, så me vil først merka det om to til fire år, understrekar han.

Denne månaden klarte ikkje fakultetstyret ved UV-fakultetet å vedta eit budsjettforslag for 2006. Difor må det samlast til eit ekstraordinært møte i oktober for å kunna bli samde om eit budsjettforslag som det skal senda vidare til Universitetetsstyret. Allereie no ser det ut til at innsparingane også kan få andre fylgjer.

Dårlegare tilbod

- Det fagdidaktiske tilbodet er redusert frå 24 til 11 fag. Det vil seia at til dømes biologi, kjemi og fysikk er slått saman til fagdidaktikk i naturfag. Dessutan ynskjer fakultetet å slå saman fransk og tysk til fagdidaktikk i framandspråk. Dei fagdidaktiske tilboda i spansk, økonomi og andre små fag er allereie likviderte. Dei er nemleg ikkje lønsame i eit slikt marknadstilpassa system, konstaterer han.

Stort behov for realfagslærarar

Rolf Mikkelsen synest det er trist at dette skjer samtidig som behovet for lærarar i den vidaregåande skulen og i ungdomsskulen er større enn nokon gong.

- I den vidaregåande skulen er 55 prosent av lærarane over 50 år. Berre i realfaga er 62 prosent av lærarane over 50 år, medan gjennomsnittsalderen er 60 år. I løpet av dei neste fire åra vil elevtalet auka med 15 prosent, det vil seia at det blir 60 000 fleire elevar. På ungdomstrinnet har om lag 25 prosent av lærarane som underviser i engelsk, norsk og matematikk, mindre enn fem vekttal eller 15 studiepoeng i det faget dei underviser i. For at talet på lærarar med hovudfag i realfag skal oppretthaldast, må rekrutteringa bli fire gonger større enn i dag, slår han fast.

- Difor er det trist at det ikkje løner seg å satsa på lærarutdanning ved Universitetet i Oslo. Ved NTNU i Trondheim har dei valt å mellomfinansiera lærarutdanninga medan dei ventar på ei betre finansiering frå departementet. Det hadde me håpa at leiinga ved UiO også hadde gjort, i staden for å byggja ned lærarutdanninga her, seier Mikkelsen.

Emneord: Undervisning, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 20. sep. 2005 13:06 - Sist endra 10. des. 2008 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere