- UiO skal tilhøyra den europeiske meisterligaen

- UiO kjem til å tilhøyra den europeiske meisterligaen av gode forskingsuniversitet i 2009. Det er rektor Arild Underdals store draum og hovudmålsetjinga i Strategisk plan for UiO 2005-2009, som blei vedtatt av Universitetsstyret 14. juni. Eit anna hovudmål er at universitetet skal utdanna kandidatar med fagkompetanse på høgt europeisk nivå. - Eg er glad for at me har kome i mål og at eit samrøystes styre stemte for denne planen, understrekar UiO-rektoren.

REKTORDRAUMEN: -UiO skal tilhøyra den europeiske meisterligaen av forskinsuniversitet i 2009, drøymer Arild Underdal om.
Foto: Ola Sæther

Eit hovudpunkt i den strategiske planen er altså at UiO skal satsa på å styrkja stillinga si som forskingsuniversitet av høg internasjonal standard. Rektor I>Arild Underdal meiner universitetet allereie er godt i gang med å arbeida seg fram mot dette målet.

- Men me må markera oss enda sterkare som eit forskingsuniversitet for å få vera med i den europeiske meisterligaen. Det er ein posisjon som me må slåst for, men allereie no har dei aller beste forskarane ved UiO mykje betre arbeidsvilkår enn tidlegare. No vil me satsa på å gi fleire forskarar betre vilkår for å hevda seg på høgt europeisk nivå, er visjonen hans. Han viser til at UiO framleis skal vera eit allmennvitskapleg universitet, og viser til at forskingsprisvinnarane dei siste åra kjem frå fag som femner frå molekylærbiologi til klassisk kinesisk filologi.
- Det er eit klart døme på den store spennvidda som finst innan forskinga ved UiO, legg han til.

- Må fokusera meir på læringskompetanse

I Strategisk plan er eit anna overordna mål at universitetet skal utdanna kandidatar med fagkompetanse på høgt europeisk nivå. For at det skal kunna gjennomførast ser Underdal eit behov for å fokusera på andre sider at studiereforma enn det som er blitt gjort til no.
-Så langt har me vore mest opptekne av å innføra ein ny gradsstruktur, å leggja om undervisningsformene og testa nye prøveformer. Me må ta me oss dette vidare, men samtidig skifta hovudfokus frå læringsmiljø til læringskompetanse. Det aller viktigaste er kva kunnskap studentane går ut med når dei er ferdige med ein bachelor- eller mastergrad frå UiO, synest han.

-Må prioritera eiga verksemd

I løpet av tida fram til 2009 trur han UiO har tatt fleire steg mot å retta seg etter eit landskap i rask utvikling.

- Stadig fleire nye universitet og institutt blir bygde opp i Noreg samtidig som den internasjonale konkurransen innan forsking og utdanning stadig blir hardare. I denne situasjonen må me prioritera eiga verksemd tydelegare og skarpare enn før. Difor skal me byggja på styrkje og satsa på det som UiO kan gjera godt. Ein annan konsekvens av dette er at me skal samarbeida enda meir medvite både lokalt og internasjonalt. I framtida må me jobba enda tettare saman med Oslo kommune og andre universitet.

- Dersom Universitetet i Bergen har eit enda høgare nivå på forskinga og undervisninga i statsvitskap enn UiO, kan me overlata det faget til Bergen og så kan me satsa på fag der UiO er betre enn UiB. Lat meg understreka at dette var eit tenkt døme, og at situasjonen slett ikkje er slik, smiler han.

Hardare prioriteringar

I den strategiske planen blir det understreka at det vil bli stilt skjerpa krav til internasjonal kvalitet på både forsking og undervisning.
- Det vil også føra til hardare prioriteringar frå universitetet si side, understrekar han.

- I strategisk plan blir det nemnt at det kan bli aktuelt å fasa ut fag som ikkje held høg nok kvalitet. Korleis skal det gå føre seg?

-Me må støtta oss til eksterne evalueringar av ei faggruppe eller me kan gjera eigne evalueringar. Vitskapleg publisering i fagtidsskrift eller på forlag som stiller høge krav, er eit viktig kriterium. Evalueringa vil i stor grad bli delegert til fakulteta, men det beste er nok at Universitetsstyret får det siste ordet i ei så alvorleg sak, meiner han.

400 blir pensjonistar

I løpet av tida fram til 2009, vil over 400 av dei tilsette ved UiO gå av med pensjon.

- Dette blir ei stor utfordring både for det nye rektoratet og det nye universitetsstyret. Som marxist-leninistane alltid sa det på 1970-talet: Dette har ei god side og ei dårleg side. Den gode sida er at dette gir universitetsleiinga høve til å få til mykje nytt. Det er slett ikkje sikkert at dei som går av, skal erstattast på akkurat den same plassen. Men leiinga får høve til å tilsetja unge og nye krefter som vil syta for ny kreativitet og nye initiativ. Slik kan nye forskarar koma inn og setja dagsorden.

- På den dårlege sida finn du det faktum at det blir svært vanskeleg å erstatta ein eliteforskar som til dømes, Per Brandtzæg, når han snart går av med pensjon. Det blir ei stor utfordring for eit nytt rektorat og eit nytt styre å halda styr på denne handlingsfridomen, trur Underdal. Han er likevel overtydd om at den nye strategiske planen vil vera ein god reiskap for at det skal gå bra.

- Ingen egotripp

- Universitetsstyret eg har leia, fekk gode føringar og god hjelp til å stilla inn kursen gjennom langtidsplanen som rektoratet og kollegiet til tidlegare rektor Kaare R. Norum hadde vedtatt. Og det viktigaste med ein slik plan er at heile organisasjonen har deltatt i arbeidet med den. Planen er ingen egotripp frå rektor si side. Då ville den ikkje ha fungert, slår han fast.

Hovudpunkt i Strategisk plan for UiO 2005-2009
- UiO skal satsa på å styrkja stillinga si som forskingsuniversitet av høg internasjonal standard.
- UiO skal utdanna kandidatar med fagkompetanse på høgt europeisk nivå
- UiO skal arbeida aktivt for at forskingsbasert kunnskap blir nyttiggjort i samfunnet og for å gi folk flest innsikt i vitskapleg tenking og oppdatert kunnskap om resultata av forskinga.
- UiO skal søkja, og sjølv bidra til å utvikla medarbeidarar som kombinerer kompetanse, engasjement, sjølvstendeog ansvarsmedvit. Som arbeidsplass skal UiO pregast av likeverd og respekt, deltaking og medverknad.
- UiO skal vera ein utviklings- og handlingsdyktig organisasjon, som aktivt søkjer impulsar frå samfunnet, nyttiggjer seg idear og innspel frå medarbeidarar og studentar, og evnar å prioritera for å innfri faglege ambisjonar
- UiO skal ha eit økonomisk grunnlag som gjer det mogleg å realisera ambisjonane sine, og sjølv bruka dei midlane universitetet disponerer målretta og effektivt.
Emneord: Universitetspolitikk, Strategisk plan Av Martin Toft
Publisert 24. juni 2005 12:06 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere