Gir ut norsk faglitteratur i Russland

Norsk faglitteratur i samfunnsvitskaplege fag skal bli lærebøker på russiske universitet. Det blir resultatet av eit samarbeid mellom Herzen pedagogiske universitet i St. Petersburg, UiO, Det Norske Samlaget og det russiske forlaget Rech . Doktorstipendiat og prosjektkoordinator Katarina Rodina skal omsetja den første boka som kjem ut i 2007.

OMSET FAGBOK: Doktorstipendiat Katarina Rodina er i gang med å omsetja Edvard Befrings teoribok Forskingsmetode, etikk og statistikk (2002) til russisk.
Foto: Ståle Skogstad

Den 23. mai kjem rektor Gennady A. Bordovsky i brodden for ein stor delegasjon frå Herzen pedagogiske universitet på besøk til Universitetet i Oslo. Han er den næraste rådgjevaren til president Vladimir Putin i utdanningspolitiske spørsmål. Delegasjonen frå St. Petersburg skal blant andre møta rektor Arild Underdal.

Besøket er kome i stand som ein del av arbeidet Katarina Rodina har gjort for å få i gang eit nærare samarbeid mellom norske og russiske forskarar innanfor det utdanningsvitskaplege fagfeltet. Rodina er frå St. Petersburg og har studert både ved Herzen pedagogiske universitet og ved Statsuniversitetet i St. Petersburg.

Det er Edvard Befrings teoribok Forskingsmetode, etikk og statistikk (2002), Samlaget, som først skal omsetjast og utgjevast i Russland. Katarina Rodina brukar også boka som ein del av faglitteraturen på doktorgradsprosjektet sitt. Ho har også underskrive ein eigen omsetjaravtale med Det Norske Samlaget og det russiske forlaget "Rech."

Vil publisera fleire bøker

- Dette blir aller første gong norsk faglitteratur innanfor forskingsmetodikk blir gitt ut på russisk. Målet er å få publisert fleire norske fagbøker i Russland som pensumlitteratur for russiske studentar, fagfolk og andre med interesse for moderne forskingsmetodar. Herzen pedagogiske universitetet har sagt seg villig til å marknadsføra desse fagbøkene i Russland, fortel Katarina Rodina til Uniforum. Ho har allereie byrja å omsetja boka til Edvard Befring, og ho reknar med at boka blir ferdig omsett i 2007. NORLA - Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet gir økonomisk støtte til bokutgjevinga

- Det er ei lang kø av forskarar som gjerne vil at eg også skal omsetja fagbøkene deira til russisk, konstaterer ho.

Stor interesse for russiske teoretikarar

Dei siste åra har Rodina notert stor interesse i Vesten for dei vitskaplege teoriane til russiske forskarar både innanfor pedagogikk, psykologi, psykolingvistikk og litteraturvitskap.

- Ikkje minst i samband med Kvalitetsreforma, er det mange som er interesserte i å læra meir om teoriane til Leo Vygotsky, Michail Bakhtin og Lentiev. Allereie på 1920-talet publiserte Vygotsky teoriane sine om funksjonshemma barn sin psykologi og på 1930-talet lanserte han teoriane sine om integrering av funksjonshemma barn i skulen.

- Fleire av teoriane brukar eg i doktoravhandlinga mi om denne kulturhistoriske vitskapsskulen. Oppgåva vil eg skriva på norsk og på den måten kan ho vera med og vekkja interessa for dei vitskaplege tesane til desse teoretikarane i Noreg. Håpet mitt er at UiO og Herzen pedagogiske universitet kan læra av kvarandre og setja i gang gjensidig utveksling av forskarar og stipendiatar, seier ho.

- Noreg vil truleg ha minst like mykje å læra av Russland i eit slikt samarbeid som omvendt. Det Russland truleg kan læra mest av er den norske forskarutdanninga, som eg reknar som den beste i Europa, legg ho til.

Emneord: Internasjonalisering, Russland Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2005 14:20 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere