Fanny Duckert foreslår elektronisk røysting

Rektorkandidat Fanny Duckert foreslår at det blir innført elektronisk røysting under rektorvalet til hausten. - Berre slik kan valdeltakinga blant studentar og tilsette auka, seier Duckert og valkampgeneralen hennar, Liv Finstad .

ELEKTRONISK RØYSTING: - Elektronisk røysting kan gi auka valdeltaking under rektorvalet til hausten, meiner Liv Finstad og Fanny Duckert.
Foto: Ståle Skogstad

Rektorkandidat og psykologiprofessor Fanny Duckert og kriminologiprofessorLiv Finstad ser med gru på at valdeltakinga skal bli like dårleg ved rektorvalet til hausten som ved rektorvalet i 2001. Då brukte berre 5 prosent av studentane og rundt 45 prosent av dei UiO-tilsette røysteretten sin.

- Det gir dårleg legitimitet for universitetsdemokratiet. Difor er det naudsynt med tiltak som kan få opp valdeltakinga. Innføring av elektronisk røysting trur med kan vera eit viktig tiltak for å få det til. Studentane er vande til å få gjort ting berre med eit tastetrykk. Om det også vil vera mogleg når det gjeld røystinga under rektorvalet, er me overtydde om at valdeltakinga kjem til å gå opp, seier Finstad og Duckert til Uniforum.

- Det er mogleg

Dei viser til rektorvalet ved Universitetet i Bergen i april. Der auka valdeltakinga blant studentane frå 5 prosent til 13 prosent etter innføringa av elektronisk røysting. Blant dei tilsette kom valdeltakinga for første gong over 50 prosent.

- Dette viser at det er mogleg å gjera noko for å få dette til. Me vil sjølvsagt også at dei UiO-tilsette skal få høve til å røysta elektronisk. I samråd med Tenestemannslaget foreslår me at det blir sett opp PC-stasjonar over heile universitetet slik at dei som jobbar i Teknisk avdeling og ikkje har tilgang til PC på jobben også kan stemma elektronisk, understrekar dei to. Dei har sendt forslaget til leiar for Valstyret, Aanund Hylland, slik at det kan bli handsama i Universitetsstyrets møte 11. mai.

Håpar på støtte

- Dette er eit forslag me er overtydde om at dei fire andre rektorkandidatane kjem til å støtta. Ei auka valdeltaking er viktig for å demokratisera og legitimera valprosessen på universitetet, understrekar Duckert og Finstad. Dei håpar dessutan at det vil bli sett i verk andre tiltak som kan skapa meir blest og oppslutnad om rektorvalet enn tidlegare.

- På ein eller annan måte må det gå an å få i stand informasjonsmøte som både kan gi innsikt og samtidig ha eit visst underhaldningsaspekt, meiner dei.

Får støtte

Rektorkandidat Kristian Gundersen støttar framlegget:

- Eg synest det er ein god idé dersom det reint teknisk kan gjennomførast på så kort varsel, seier han. Også rektorkandidat Stein A. Evensen synest det er eit godt tiltak.

- Eg stiller meg positiv til alle velførebudde tiltak som kan bidra til å auka valgdeltakinga, slår han fast. Det er rektorkandidat Geir Ellingsrud heilt einig i.

- Eg trur også det kan få opp deltakinga og støttar det, seier han til Uniforum. Den femte rektorkandidaten, Lars Walløe meiner at det er opp til Valstyret å avgjera om det skal innførast elektronisk røysting ved UiO.

Det har ikkje lykkast Uniforum å koma i kontakt med IT-direktør Arne Laukholm for å høyra om det er teknisk mogleg å innføra elektronisk røysting ved UiO.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 4. mai 2005 14:47 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere