Frøydis Hertzberg er prorektorkandidat

Rektorkandidat Lars Walløe har fått pedagogikkprofessor Frøydis Hertzberg til å stilla som prorektorkandidat for han under rektorvalet til hausten. Teologiprofessor Turid Karlsen Seim blir også med i teamet til Lars Walløe.

PROREKTORKANDIDAT: Frøydis Hertzberg er prorektorkandidat for Lars Walløe.

Rektorkandidat Lars Walløe måtte ta turen til Birmingham i England for personleg å overtala Frøydis Hertzberg til å seia ja til førespurnaden hans om å bli prorektorkandidat. Ho er der på forskingstermin no.

- Då ho fekk vita at ho skulle vera ein del av eit team der også Turid Karlsen Seim var med, sa ho seg villig til å stilla. Begge desse kvinnene har stått på lista mi lenge, men det var først denne veka at eg fekk positivt svar, seier han til Uniforum på mobiltelefon frå toget i England. Walløe vil truleg også plukka ut ein fjerde person som ein del av rektoratet sitt.

Eit av måla hans er å revidera studiereforma.
- Difor vil eg gi Frøydis Hertzberg ansvaret for revideringa og vidareføringa av studiereforma og internasjonalisering av studium. Turid Karlsen Seim og eg skal ta ansvaret for alt som har å gjera med forsking, fortel han. No er han oppteken av å koma seg heim att og få ferdigstilt plattforma han kjem til å gå til val på. Siste valdagen for rektorvalet er 29. september i år.

Emneord: Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 28. apr. 2005 16:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere