Vil utvida Unirand AS

Fem einingar ved UiO bør leggjast inn under Unirand AS i løpet av 2005 medan ti andre einingar må få vurdert ein ny organisasjonsmodell. Norsk senter for menneskerettar er ei av dei einingane som skal vurderast.

VIL UTVIDA: Unirand-direktør Erik Gulbrandsen vil gjerne leggja fleire einingar ved UiO under Unirand AS.

Foto: Ståle Skogstad

Det er ei arbeidsgruppe sett ned av Universitetsdirektøren som tilrår dette. I ei fersk utgreiing tilrår gruppa at Nasjonalt kompetansenettverk for autisme ved Institutt for spesialpedagogikk, Universiteta sine registreringssentralar (UNIREG) og Mikrobiologisk Diagnostisk Service ved Det odontologiske fakultetet blir lagt inn under Unirand AS. Det skal skje innan 1. juli 2005.

Innan 31. desember 2005 skal både Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanninga (ITU) ved UV-fakultetet og Laboratorium for ferskvassøkonomi og innlandsfiske ved Naturhistorisk museum ha gjort det same, om arbeidsgruppa får gjennomslag for innstillinga si. Desse einingane har til saman rundt 32 stillingar.
Arbeidsgruppa har vore leia av fakultetsdirektør Bjørn Hol ved Det medisinske fakultetet.

Kjerneaktivitetar

Oppgåva til gruppa har vore å kartleggja og gjennomgå aktivitetar ved UiO som ikkje kan definerast som kjerneaktivitetar. Gruppa skulle også synleggjera det reelle økonomiske omfanget av desse aktivitetane. Deretter skulle dei vurdera om det finst aktivitetsområde som kunne etablerast i Unirand-systemet, altså i Universitetet i Oslos randsone.

Ein del av desse aktivitetane er i dag organiserte i aksjeselskapet Unirand, som er heileigd av UiO. I dag er Senter for studiar av problemåtferd og innovativ praksis(Åtferdssenteret) og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress organiserte som dotterselskap under Unirand AS.

Statens utleigebygg kan overta

Det som truleg kjem til å vekkja mest ramaskrik er forslaget om at UiO i løpet av våren må setja i verk ei utgreiing av nye organisasjonsmodellar for blant andre USITs utvikling av fellessystem og driftsoppdrag for utdanningssektoren, rekneskaps- og innkjøpstenester og lønn, pasientbehandling og verkstader og dyreavdelingar.

Det kan også koma på tale å sjå nærare på om forvaltinga av universitetsbygningane kan gjerast på ein annan måte enn no. Arbeidsgruppa meiner difor at UiO bør vurdera om drifta av bygningane, som i dag er ansvaret til Teknisk avdeling, skal knytast til Statens utleigebygg AS. Statens utleigebyggs oppgåve er å kjøpa den aktuelle bygningsmassen for vidare utleige til statsinstitusjonar.

Dessutan ber arbeidsgruppa universitetet om å utføra ei nærare vurdering av nye organisatoriske løysingar for forskingsstasjonane, blant andre Finse, Drøbak, Tømte, Isegran, Heimdalen og forskingsskipet Trygve Braarud

Ueinig om Norsk Ordbok

Unirand AS

  • blei etablert i 2002 som aksjeselskap heileigd av UiO
  • direktør: Erik Gulbrandsen
  • eigar, koordinator og rådgjevar for randsoneselskap
  • samarbeidspartnar og rådgjevar for UiO ved etablering av selskap i randsona
  • styre: universitetsdirektør Hanne Harlem, SiO-direktør Lisbeth Dyrberg og SV-dekan Asbjørn Rødseth.

Gruppa foreslår at ei slik utgreiing også må sjå på dagens tilknytingsform for Norsk senter for menneskerettar, Eining for digital dokumentasjon (EDD) og Norsk Ordbok 2014.

Når det gjeld Norsk Ordbok, er ikkje gruppemedlem Ellen Roaldset samd i vurderinga om at denne eininga ikkje held på med ein av UiOs kjerneaktivitetar, og ho understrekar at etableringa av databasen vil vera sentral i den pågåande og framtidige forskinga ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar (Institutt V).

Unifor og museumsbutikkar

Det blir også foreslått at utgreiinga må sjå på nye organisatoriske løysingar for Unifor (Forvaltingsstiftinga for fond og legat ved UiO) og forskjellige museumsaktivitetar. Her tenkjer gruppa i første rekkje på arkeologiske utgravingar etter Kulturminnelova, drift av billettsal og butikkar ved musea og oppgåver i samband med naturforvalting.

Det er rundt 300 stillingar knytte til dei einingane som skal få greidd ut moglege nye organisasjonsmodellar.

Vil sleppa "fly/fugl"

Desse sit i arbeidsgruppa:

Fakultetsdirektør Bjørn Hol, museumsdirektør Elen Roaldset, seniorrådgjevar Per Heitmann, kontorsjef Irene Sandlie, seniorrådgjevar Aslak Tonna og Unirand-direktør Erik Gulbrandsen.
Arbeidsgruppa blei sett ned av universitetsdirektør Hanne Harlem 29. juni 2004.

Når det gjeld aktiviteten "fly/fugl" som arbeider med undersøkingar knytte til kollisjonar mellom fly og fugl, så synest arbeidsgruppa at dette er eit arbeidsområde som ikkje høyrer inn under UiOs struktur. Difor bør det vurderast om det er grunnlag for å vidareføra "fly/fugl" i regi av universitetet. Ein forskar held på med desse undersøkingane på heiltid.

I dag er aktiviteten fullfinansiert av Avinor og Luftforsvarsstaben, og arbeidsgruppa meiner oppdragsgjevarane eventuelt må kunna organisera aktiviteten sjølve.

Innstillinga frå arbeidsgruppa skal handsamast av Universitetsstyret i løpet av våren.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2005 10:59 - Sist endra 20. jan. 2009 14:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere