Ulla-Britt Lilleaas kåra til Årets sosiolog

UiO-forskar Ulla-Britt Lilleaas er kåra til Årets sosiolog 2004 av Norsk sosiologforeining, Austlandsavdelinga. - Eg synest det er svært hyggeleg å bli sett pris på, seier Lilleaas til Uniforum. At ho klarte å få formidla doktoravhandlinga si om tidsklemma til eit stort publikum gjennom den 11 minuttar lange kortfilmen "Tempo" av filmregissør Eva Dahr, er ein del av grunngjevinga for at prisen gjekk til henne.

ÅRETS SOSIOLOG: - Eg synest det er svært hyggeleg å bli sett pris på, seier Ulla-Britt Lilleaas.
Foto: Ola Sæther

- Ein slik heider gir meg både energi og lyst til å halda fram med dette arbeidet. Det var overraskande at valet fall på meg fordi eg aldri har tenkt på meg sjølv som ein sosiolog som fylgjer hovudstraumen. Då eg fekk ein e-post om at dei hadde gitt meg denne æra, trudde eg difor dei spøkte. Seinare gjekk det opp for meg at det var alvor, fortel ho. Premien er eit diplom og ein liten skulptur.

Film om tidsklemma

Det er altså kortfilmen "Tempo" som har opna dørene for sosiologen Ulla-Britt Lilleaas. Det var filmregissøren Eva Dahr som fatta interesse for boka og doktoravhandlinga hennar om kor vanskeleg det var for ein familie å få kvardagen til å gå i hop. Difor foreslo ho overfor Lilleaas at dei laga ein kortfilm om ein familie som blir tatt av tidsklemma.

- Den har no gått som forfilm i heile landet før andre del av spelefilmen om Bridget Jones. Dermed har over 150 000 personar sett den, slår Lilleaas fast.

Skal laga film om menn og helse

Responsen har vore så god at ho og Eva Dahr allereie har fått fullfinansiert ein ny kortfilm med pengar frå stiftinga Helse og rehabilitering.

- Den skal handla om kva forståing menn har av sjukdom og helse. Filmen tar utgangspunkt i ei intervjuundersøking der eg delte menn inn i to grupper. Toppidrettsmenn og menn som hadde hatt hjarteinfarkt. Begge gruppene hadde ofte kontakt med legar, men av ulike grunnar. Den første gruppa fekk skader fordi dei pressa kroppen si yteevne til det ytste medan den andre gruppa fekk hjarteproblem blant anna på grunn av hardt arbeidspress på jobben. Felles for dei to gruppene er dei ikkje likar å snakka om kjensler.

-Hjartepasientane hadde kjent noko uvanleg i brystet, men dei hadde ikkje hatt tid til å gå til lege. Dei hadde hatt for mykje å gjera på jobben, konstaterer ho.

Elefantsyndromet

Lilleaas viser til ein dansk forskar som har sett namn på denne veremåten.

- Jo, han kallar det for elefantsyndromet. Elefantane forsvinn inn i skogen og gøymer seg når dei kjenner at dei skal døy. På same måten går menn lenge og føler smerte før dei går til lege. Kvinnene, derimot, går til lege med ein gong dei kjenner at noko er gale.

- Alle seier at kvinner er mest sjuke, men likevel døyr menn tidlegare. Difor meiner eg det er på høg tid det blir sett i verk forsking på helsa til menn slik som det har vore forska på helsa til kvinner gjennom mange år, synest ho.

Lilleaas har hatt foredrag om menn og helse både i Stortinget og for Aps kvinnegruppe.
- Begge stader viste dei stor interesse for temaet og eg håpar verkeleg styresmaktene vil setja i gang eit forskingsprosjekt på dette temaet. Både Storbritannia og Danmark har gjort det, seier ho.

I 2003 blei sosiologen og forfattaren Sverre Henmo utnemtn til Årets sosiolog.

Emneord: Priser, Forskning Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2005 15:36 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere