UiO-tilsett frå Sri Lanka: - Bygg opp fiskeindustrien først!

Over 30 000 personar mista livet då flodbylgja råka Sri Lanka 2. juledag. - No hastar det å byggja opp igjen fiskeindustrien og annan infrastruktur, seier UiO-tilsett Luxman Rajasingam . Han åtvarar norske styresmakter og hjelpeorganisasjonar mot å lata regjeringa på Sri Lanka få kontroll over naudhjelpa. I dag er FNs generalsekretær Kofi Annan og USAs utanriksminister Colin Powell på Sri Lanka.

MILITÆRHJELP: - Eg fryktar at regjeringa på Sri Lanka vil kanalisera pengane til å styrkja dei militære og andre maktstrukturar i landet, seier Luxman Rajasingam.
Foto: Ola Sæther

Luxman Rajasingam arbeider som IT-ansvarleg ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO. Han er tamil og kjem frå byen Batticaloa, som var ein av dei som blei hardast råka av flodbylgja. Rajasingam mista 16 slektningar og venner i flaumkatastrofen.

- Ein god venn av meg frå Furuset kom til byen Thirukovil-Ampara 1. juledag. Klokka fire om natta (norsk tid) 26. desember blei kona og mora hans tatt av flodbylgja medan han så vidt klarte å sleppa unna. Då den første bylgja trekte seg tilbake, gjekk han ned igjen mot stranda for å sjå etter dei to, men dei var forsvunne.

- Klokka 5 om morgonen (norsk tid) blei eg vekt av at telefonen ringte. Det var han som ville fortelja meg kva som hadde skjedd. Han braut ut i gråt og fortalde meg at både kona og mora var døde. Eg prøvde å trøysta han med å spørja om dei var døde eller berre sakna. Då sa han at dei var sakna. Seinare fann han den døde kroppen til kona medan mora framleis var sakna.

- I byrjinga fatta eg ikkje omfanget av tragedien. Først melde BBC om 150 døde, seinare auka talet til mange tusen. Dei første dødsfalla me fekk melding om sjokkerte oss, etter kvart som me fekk vita om fleire og fleire venner og kjenningar som var døde, reagerte me berre ved å seia " ... også han, ... også ho, ... og dei også"! Luxman Rajasingam var sjokkert, men ynskte å gjera noko for å hjelpa dei flaumråka landsmennene sine.

Sende lastebil med naudhjelp

- Ein venn av meg i Bergen og eg fann ut at med måtte gjera noko. Difor ringte me Colombo-kontoret til eit selskap som eg har eigarinteresser i. Då fekk me tinga ein lastebil som kunne frakta mat og klede til barna. Den brukte to dagar på å koma fram på ein strekning som vanlegvis tar seks timar. Årsaka var at størstedelen av vegnettet var vaska vekk. Likevel var dette ei av dei første hjelpesendingane som kom fram, fortel han.

-Ingen tillit til regjeringa

No er han oppteken av at naudhjelpa kjem fram til dei som treng ho mest.

- Eg har ingen tillit til regjeringa på Sri Lanka. I går gjekk det ut ei melding om at alle flyktningleirar og all naudhjelp skulle gå gjennom dei militære. Den einaste grunnen til det, er at USAs utanriksminister og FNs generalsekretær Kofi Annan kjem til katastrofeområda i dag fredag 7. januar. Difor ynskjer dei å visa at dei gjer noko for folket sitt. Når dei har drege sin veg, spår eg at dei vil forlata området igjen, meiner Rajasingam. Han viser til at heller ikkje andre område av Sri Lanka har fått hjelp frå regjeringa.

- Eg var i kontakt med ein ven i den singalesiske byen Galle, 60 km frå Colombo. Heller ikkje dei hadde fått hjelp av regjeringa. Derimot har hjelpearbeidet fungert bra i dei områda som er kontrollerte av Dei tamilske tigrane, konstaterer han.

Katastrofen har fått både tamilar, singalesarar og muslimar til å ynskja seg fred meir enn nokon gong.

- Dersom det ikkje blir ein fredsavtale no er det fordi regjeringa og andre politikarar ikkje vil det, meiner han.

Fryktar hjelp kan gå til militære

Luxman Rajasingam fryktar difor at den økonomiske hjelpa som Sri Lanka no får frå andre land, skal gå til dei militære og ikkje til dei som treng det mest.

- Fram til no har ikkje regjeringa på Sri Lanka fått lovnader om økonomisk hjelp frå andre land. Dei har heile tida knytt dette til den dagen det blir inngått ein fredsavtale mellom Dei tamilske tigrane og regjeringa. Med så mange pengar som no kjem inn, fryktar eg at dei vil kanalisera pengane til å styrkja dei militære og andre maktstrukturar i landet, seier Rajasingam.

Rådet hans er at både den norske regjeringa og dei norske hjelpeorganisasjonane gir hjelpa direkte til dei naudtrengjande tamilane, muslimane og singalesarane og ikkje via statsapparatet.

- Bygg opp igjen fiskeindustrien

- Etter at den første naudhjelpa er delt ut, er det viktigaste å byggja opp igjen fiskeindustrien i dette området. Sjølv har eg vore medeigar i tre fiskebåtar i desse fiskarlandsbyane. Alle tre forsvann under flodbylgja, ein av dei dukka opp 15 km frå den staden den vanlegvis er fortøydd.

- Difor ser eg positivt på forslaget om å senda norske fiskebåtar på 20 til 30 fot som hjelp til dette området. Det kan vera ei fin byrjing etter at truleg mellom 30 000 og 40 000 fiskebåtar forsvann i flodbylgja. Kjem fisket i gang igjen, vil også resten av infrastrukturen sakte, men sikkert byrja å fungera igjen. Og dermed vil dei også få mat, slår han fast.

Dessutan vil han gjerne gi honnør til den utskjelte norske utanrikstenesta.
- Den norske ambassaden i Colombo var utruleg flinke til å hjelpa vennen min og familien hans etter at han hadde mista alt han eigde. Dei gav han nytt pass, fekk endra billetten utan kostnader, fylgde han og familien til flyplassen og henta han på Gardermoen då han kom tilbake.

- Personleg vil eg takka kollegaene mine ved Senter på teknologi, innovasjon og kultur for den støtta dei har gitt meg i denne situasjonen, fortel han. Til sommaren drar han til Sri Lanka.

- Då er perioden med naudhjelp over og det blir viktig å koma med langsiktig hjelp. Difor oppfordrar eg journalistar til også å dra ned igjen for å finna ut kva som skjer.

Emneord: Flaumkatastrofen i Sør-Asia, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2005 10:54 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere