Tusen demonstrerte for frie universitet

Om lag 1000 personar deltok i fakkeltoget mot Kristin Clemets forslag til ny universitets- og høgskulelov onsdag 26. januar. - Dette engasjementet vil gjera inntrykk på alle i komiteen, sa Rolf Reikvam , leiar for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, då han hadde fått overrekt krava frå jussprofessor Henning Jakhelln .

ENGASJERTE: Om lag tusen engasjerte personar demonstrerte i mot Kristin Clemets forslag til ny universitets- og høgskulelov.
Foto: Ola Sæther

Stortingsrepresentant Rolf Reikvam,(SV) oppfordra likevel studentar og tilsette i universitets- og høgskulesektoren til å halda fram med å visa kva dei meiner om dei mest ytterleggåande forslaga fram til komiteen skal leggja fram innstillinga si den 8. februar.

- Eg trur me skal få fleirtal for prinsippet om at hovudmodellen skal vera valt rektor. Dessutan står gratisprinsippet fast. No er me i ferd med å greia ut spørsmålet om sjølvstyret til institusjonane og eg trur fleirtalet vil samla seg om ein bra modell, sa Reikvam til ei lydhøyr forsamling framfor Stortinget.

- Eg gratulerer dykk med eit flott arrangement, men de skulle ha sett i gong med dette like etter at lovforslaget blei sendt til komiteen for eit halvt år sidan. Dersom de står på dei neste ti dagane, så trur eg de kan hala inn sigeren på den same måten som de vann fram i kampen mot forslaget om å gjera universiteta og høgskulane om til stiftingar, irettesette Reikvam.

Bjarne Waaler protesterte

To timar tidlegare samla aksjonen for eit fritt akademia over 700 personar i ein fullsett Universitetets Aula. UiOs gamle rektor, pensjonert medisinprofessor Bjarne Waaler fekk æra av å ta ordet først.

- Fram til i dag har universitetet vore fritt og gebyrfritt. Men no skal styresmaktene atter tre ei ny lov nedover hovudet på oss. Uttrykk som strategisk handlingskraft og direkte styring frå departementet, går igjen i lovforslaget. Den faglege fridomen kan rakna fordi det langsiktige perspektivet blir borte, frykta han.

- Det verste er likevel at universiteta gradvis og stegvis blir omforma til veltrimma og tilpassa utdanningsfabrikkar. For dei som leier an i denne utviklinga er det viktigare at ein rektor er handlekraftig enn at rektor har solid røynsle.

- Ein rektor må framleis få legitimiteten sin gjennom demokratiske val. Difor må Stortinget vedta ei lov som gir oss ein god og demokratisk tufta universitetsinstitusjon, kravde snart 80 år gamle Bjarne Waaler til stor applaus frå publikum. Deretter overlet han talarstolen til ein representant for dei unge, nemleg til Jørn Henriksen, som er leiar for Norsk Studentunion.

- Gratis utdanning

- Skal eineforsytarar framleis få ta høgare utdanning? Ja, skal det vera mogleg for ein gut frå ei fiskarbondeslekt i Lofoten å ta høgare utdanning også i framtida? Då er det viktig at det ikkje blir innført ei ordning med skulepengar for høgare utdanning. Difor er det viktig at me knesett gratisprinsippet i forslaget til ny universitets- og høgskulelov fordi den kanskje vil gjelda i opptil 30 år, understreka Henriksen.

- Rektor som sekretær for styret

Camilla Serck-Hanssen, som er førsteamanuensis i filosofi ved UiO, tok utgangspunkt i kva rolle rektor skal ha.

- Utdannings- og forskingsdepartementet ynskjer ein rektor som er sekretær for eit styre med ein ekstern styreleiar utpeika av departementet. Universiteta må styrast slik at dei best mogleg kan oppfylla kjerneoppgåvene sine som universitet. Og det som er godt for universiteta, er også godt for samfunnet, slo ho fast.

Støtte frå 850 000

Og heile aksjonen fekk klar støtte frå nestleiar i Landsorganisasjonen, Finn-Erik Thoresen.

- De har alle våre 850 000 medlemar i ryggen. For det kan ikkje vera slik at dersom du kan seia marknad, kan du bli moderniseringsminister, og dersom du kan seia fri marknad, kan du bli utdannings- og forskingsminister. LO ynskjer ikkje at de får det dårlegare og at det blir meir liberalisering og meir marknad på universiteta og høgskulane. Dersom blårussen også kjem inn på universiteta og høgskulane, får de verkeleg røyna kva me har å stri med ute på bedriftene, åtvara han.

- Rogan-universitetet

Professor Rune Slagstad ved Institutt for samfunnsforsking, meinte me var på glid frå eit forskings- til eit komplett serviceuniversitet.

- Dette er ei BIsering av universitetet. Studentane og dei tilsette ved HF-fakultetet ved UiO, ville truleg ha kalla det for Rogan-universitetet, sa han.

- Men universiteta tilhøyrer ein klassisk demokratisk tradisjon djupt forankra i folket. Det uroar tilhengjarane av service-universitetet, men det gler alle oss andre, konstaterte han.

- Må spela dobbelt så fort

Antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen vedgjekk at han til dagleg dyrkar ambivalensen.

- No står det derimot så mykje på spel at eg er nøydd til å ta parti. Det handlar ikkje berre om verdiar, men også om definisjonen av kva ein verdi er. McDonaldiseringa er også på veg inn i akademia.

- Ja, av og til får me ein kjensle av at me er musikarar i eit symfoniorkester som blir bedne om å spela dobbelt så fort. Det er for ofte du må ta til takke med Nescafé i staden for ein espresso fordi tida ikkje strekk til.

- For forskarane går dette både på tilliten og sjølvrespekten laus. Personleg har eg større tru på knoppskyting enn på celledeling for å få ein organisme til å veksa, sa han.

- Difor må utdanninga vera gratis, rektor må vera valt, forskinga må vera forskarinitiert og det må vera ein heilskap mellom undervisning og forsking, proklamerte han.

Leiar for Forskarforbundet, Kolbjørn Hagen understreka også kor viktig det var å få oppretthalda prinsippet om at forskaren både hadde rett og plikt til å forska.

- Difor må fordelinga av arbeidstid tildelast kvar einskild forskar og ikkje overlatast til institusjonane. Halvparten av arbeidstida må framleis øyremerkast til forsking, kravde han.

Folkemøtet og fakkeltoget blei organisert av dei største fagforeiningane ved universitet og høgskulane og med støtte frå fleire studentorganisasjonar og politiske parti. Også representantar for universitet og høgskular i resten av landet deltok i aksjonen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2005 20:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere