Theo van Boven får UiOs menneskerettspris

Nederlendaren Theo van Boven får i morgon onsdag 26. januar utdelt UiOs menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris. Han får prisen for den langvarige innsatsen sin mot tortur, forsvinningar og andre brot på menneskerettane. Prisen blir delt ut i Gamle Festsal i Urbygningen i morgon kl. 17.00.

Theo van Boven er i dag FNs spesialrapportør om tortur. Denne oppgåva går ut på å rapportera til FN om førekomsten av tortur for å kunna setja i verk effektive reaksjonar de tortur skjer, og setja opp retningslinjer for å forhindra tortur i framtida. van Boven er professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Maastricht.

Han har ein omfattande fagleg produksjon bak seg, som starta med avhandlinga hans om framveksten av religions- og trusfridom som menneskerett, men den viktigste innsatsen har han gjort i FN, i Kyrkjenes Verdsråd, og i ei rekkje frivillige organisasjonar. I 1970-åra var han Nederlands representant i FNs menneskerettskommisjon, og der vekte han slik merksemd at FNs generalsekretær utnemnde han til direktør for menneskerettsavdelinga til FNs sekretariat.

Ikkje minst viste han kva som budde i han under åra med dei brutale militærregima i Chile, Argentina og i andre latinamerikanske land. Då gjorde han eit eineståande bidrag i arbeidet med å få FN til å utvikla sin første spesielle rapporteringsmekanisme, arbeidsgruppa om forsvinnningar. Det irriterte USAs nyvalde president, Ronald Reagan så kraftig at han ikkje blei forlengja stillinga si i FN etter at femårsperioden var over. Dessutan har han deltatt aktivt i forhandlingane om statuttane for Den internasjonale straffedomstolen, som blei vedtatt i Roma i 1998.

Det er prorektor Anne-Brit Kolstø som skal dela ut prisen til Theo van Boven. Ho er også leiar av priskomiteen.

Prisutdelinga skjer altså i Universitetets Gamle festsal onsdag 26. januar 2005 kl. 17.00.

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2005 16:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere