Rekrutteringsagentar for UiO

Tolv studentar la i dag ut på ein rekrutteringsturné for Universitetet i Oslo. Dei skal besøkja 65 vidaregåande skular på Austlandet og i Møre og Romsdal. Målet er å få flest mogleg elevar til å velja UiO etter at dei er ferdige med vidaregåande.

VERVAR: Elin Altø, Siri Munkeby og Lisa Vikene vervar studentar for UiO.
Foto: Ola Sæther

- Sett dykk ned to og to og finn ut kva de kan bli om de studerer språk ved UiO. Er de ferdige allereie?
- Ja!
- Kom igjen! Kva forslag har de?
- Tolk!
- Fransk skodespelar!
- Spion!
- Mange takk! Det held førebels.

Åtte av dei tolv rekrutteringsagentane er i gang med å trena seg på kvarandre før dei skal ut og rekruttera nye studentar til universitetet. Rett før jul gjekk desse tolv master- og bachelorstudentane ved UiO gjennom eit fire dagar langt kurs. To av dagane skulle brukast til å gå gjennom UiOs studieprogram, opptaksprosedyrar og Studentsamskipnaden i Oslos tilbod. Kurset skulle gjera dei til framifrå rekrutteringsagentar for UiO.

- Vel heller UiO

- Me ynskjer å bryta ned inntrykket av at dette universitetet er altfor stort og uoversiktleg. Dessutan vil me visa at Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har mange interessante fag studentar kan ta i Oslo i staden for å søkja seg inn på NTNU i Trondheim, seier Tone Venaas Skaugerud, som sjølv er masterstudent i pedagogikk.

Saman med masterstudent i statsvitskap, Siri Munkeby, demonstrerer ho korleis dei skal presentera studietilboda ved UiO til elevar ved dei vidaregåande skulane. Dei synest det er fint å få høve til å reklamera for det universitetet dei sjølve går på.

- Og det er heller ikkje bortkasta, når du tenkjer på at det er ganske studierelevant for oss å få ei slik røynsle, seier dei to. Blant dei tolv rekrutteringsagentane finn ein studentar frå alle fakulteta, bortsett frå fakulteta for medisin, odontologi og jus.

- For oss blir det viktig å få fram at dei som studerer humaniora ikkje berre treng bli lærarar, men også kan få mange andre interessante stillingar. Det er mange elevar i den vidaregåande skulen som ikkje er merksame på alle dei spennande faga som finst her, konstaterer Venaas Skaugerud og Munkeby.

- Imponert

Rekrutteringsagentane er verva av Berit Rødsand, som er ansvarleg for studieinformasjon i Informasjonsavdelinga. Ho har gjort det i nært samarbeid med fakulteta, SiO og Studieavdelinga. Men kurset i presentasjonsteknikk har dei kjøpt frå selskapet Læringsentreprenørene. Kurset blir leia av Pål Tanggard. Han er sjølv tidlegare pedagogikkstudent frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Tanggard viser til at studentane har gått gjennom ulike presentasjonsteknikkar.

- Første dag får dei opplæring i presentasjonsteknikk ved bruk av videoanalyse med tilbakemelding frå kursleiarane og kursdeltakarane. Neste dag skal dei bruka det dei har lært og demonstrera det overfor dei andre på kurset, fortel han.

- Eg er imponert over kor mykje god presentasjon dei klarer å få ut av studieinformasjonen om universitetet. Difor trur eg absolutt dei vil vera i stand til å skapa interesse for dei faga som UiO har i porteføljen sin, meiner han.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 10. jan. 2005 15:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere