Reinhaldarane må flytta på seg

Teknisk avdeling har laga ein plan for intern flytting av alle dei 34 UiO-tilsette reinhaldarane. - Dette er omorganisering og difor krev med forhandlingar i samsvar med Hovudavtalen, seier NTL-leiar, Anita Kristoffersen Solhaug . - Formålet er å tilby lettare reinhald til dei reinhaldarane som har behov for tilrettelegging, understrekar teknisk direktør Frode Meinich ved UiO.

NEKTAR Å FLYTTA: Reinhaldarane Paramjeet Kaur og Ellen Marie Johansen ynskjer å jobba i Geitmyrsveien. Bak står Anita K. Solhaug, Trond Thorsrud og Ruth Norseng.
Foto: Ola Sæther

Teknisk avdeling er også fast bestemt på å flytta ni av dei tolv reinhaldarane ved Det odotontolgiske fakultetet i Geitmyrsveien til andre stader på universitetet. I framtida skal nemleg berre fire reinhaldarar frå UiO arbeida der.

- Eit eksternt reingjeringsbyrå skal ta seg av vaskinga i ein av dei to bygningane, opplyser teknisk direktør Frode Meinich ved UiO til Uniforum.

- Dei ni reinhaldarane ynskjer me å flytta til dei andre områda der me skal ha eige reinhald for å auka kapasiteten der. På den måten kan me få færre belastningskader, men me kan også leggja forholda betre til rette for dei som har krav på det på grunn av helsesituasjonen sin, understrekar Meinich. Han viser til at planen for intern flytting av alle dei 34 UiO-tilsette reinhaldarane blei lagt fram etter at NTL hadde oppfordra om det.

-Tilset eigne reinhaldarar!

Etter å ha vore på drøftingsmøte med Teknisk avdeling tysdag 18. januar, garanterer NTL-leiar Anita Kristoffersen Solhaug at dei tillitsvalde vil gjera alt dei kan for at eit eksternt byrå ikkje skal få ansvaret for delar av reinhaldet i Geitmyrsveien.

- Tenestemannslaget vil be Teknisk avdeling om heller å tilsetja eigne reinhaldarar der framfor å lata eit eksternt reingjeringsbyrå overta reinhaldet ved dei odontologiske klinikkane. Viss ikkje konflikten blir løyst, må den løysast av ei ekstern nemnd, slår ho fast.

- Då vil det ikkje skje noko meir i denne saka før til sommaren. NTL håpar at det ikkje er gått prestisje i denne saka for arbeidsgjevar, men at me som partar kan finna fram til løysingar som er til fordel for dei tilsette og arbeidsmiljøet deira, legg ho til.

Den interne flyttinga av reinhaldarane i Geitmyrsveien er altså ein del av ei omfattande flytting av alle dei 34 reinhaldarane som er tilsette ved UiO. Viss ikkje Teknisk avdeling får det til, vil ikkje kabalen for intern flytting av dei andre reinhaldarane heller gå opp.

-Tilbyr lettare reinhald

- Formålet vårt med denne planen, er å tilby lettare reinhald til dei reinhaldarane som har behov for tilrettelegging. Mange av dei har for slitsame arbeidsoppgåver i dag. Dette er inga omorganisering eller omstilling der folk mister jobben eller skal rasjonaliserast bort, presiserer Meinich.

- Tvert imot legg me inn ressursar her ved å leiga inn meir reinhald for å letta belastninga, samtidig som alle eigne tilsette skal halda fram i jobben sin, forklarar han.

I 2004 budsjetterte Teknisk avdeling med 43,20 millionar kroner til innkjøpt reinhald. Samtidig blei det budsjettert med lønskostnader på 14,49 millionar kroner for eigne reinhaldarar, kjenner Uniforum til. To av reinhaldarane frå Geitmyrsveien skal inn i eit nyoppretta serviceteam. - Dette vil gi oss høvet til å tilby variert arbeid til dei som skal utgjera dette teamet og på same tid kan me redusera bruken av eksterne vikarar, seier Meinich.

- Høgare sjukefråvær

Solhaug er ikkje einig i at arbeidsoppgåvene blir lettare for reinhaldarane.

- Det blir utruleg hardt for dei som skal jobba i service-teamet. Dei må på ein ny plass kvar dag og alle veit at det er den første arbeidsveka som er hardast. På den måten kan Teknisk avdeling risikera at sjukefråværet blir enda høgare enn i dag. Det skjer trass i at alle reinhaldarane i Geitmyrsveien helst vil halda fram med å jobba der. Dette er eit nytt døme på den stemoderlege behandlinga av reinhaldarane i Teknisk avdeling. Difor har heller ikkje NTL tillit til leiinga for den avdelinga, peikar ho på.

Solhaug synest også det er rart at Teknisk avdeling først kostar fagbrev på alle reinhaldarane i Geitmyrsveien, og så spreier dei for alle vindar.

- Dei er dessutan spesialistar på hygienisk reinhald. Det er ikkje sikkert at eksterne reingjeringsbyrå har denne kompetansen, seier ho. Solhaug understrekar at NTL har fått full støtte frå Forskarforbundet og Parat (tidl. 2fo) i denne saka.

NTL kalla nyleg inn hovudverneombod ved UiO, Trond Thorsrud, til eit møte for å drøfta situasjonen til reinhaldarane.

- Mi oppgåve blir å sjå til at dei reinhaldarane som har spesielle behov har fått tilrettelagde arbeidsoppgåver. Argumentasjonen for å erstatta reinhaldarane i Geitmyrsveien med reinhaldarar frå eit eksternt byrå, held ikkje mål, seier han til Uniforum.

Undrande

Frode Meinich stillar seg undrande til reaksjonane frå NTL.

- Det ligg ingen skjult agenda bak planen vår om å flytta reinhaldarane internt på universitetet. Faktum er at ein tredel av dei tilsette har krav på tilrettelagt arbeid. Så dersom me ikkje tilbyr dei det, vil me ikkje oppfylla plikta vår. Når me prøver å få det til, endar det altså opp med at fagforeininga protesterer, seier han.

Fakultetsdirektør Anne Elisabeth Wedø på Det odontologiske fakultetet er informert om planane om å flytta på reinhaldarane.

- Eg er opptatt av at reinhaldarane skal takast vare på. Dersom dei finn det betre å jobba andre stader enn i Geitmyrsveien, er det heilt greitt for fakultetet. Det som er viktig for oss er at reinhaldet er gjort mellom klokka 7.00 og 9.00 før pasientane kjem og at dei har kunnskap om reinhald av pasientavdelingar, seier ho.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2005 09:25 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere