Mektigaste mann i forskings-Noreg

I november blei Arvid Hallén formelt tilsett som direktør for Noregs forskingsråd. Då hadde 54-åringen frå Osterøy vore konstituert i stillinga sidan Christian Hambro stempla ut for siste gong med ein pensjonsavtale verdt rundt 11 millionar kroner. No er det Hallén som får siste ordet før fire milliardar kroner skal delast ut til forskingsmiljø over heile landet.

KONKURRANSE: -Det må vera konkurranse om pengane slik at staten kan vera sikker på at den får den best moglege forskinga, meiner NFR-direktør Arvid Hallén.
Foto: Ståle Skogstad

Det var ikkje mange som hadde trudd at Arvid Hallén skulle koma tilbake etter at han blei omorganisert vekk som direktør for avdeling for kultur og samfunn og ikkje fekk ei av dei tre stillingane som divisjonsdirektør som blei igjen etter omrokeringane i 2003. Men då toppsjef Christian Hambro sa opp, var det altså sosiologen Arvid Hallén som fekk tilbod om å bli konstituert toppsjef.

Med unison støtte frå dei vel 300 tilsette blei han til slutt også tilsett i fast stilling for seks års åremål som administrerande direktør for Forskingsrådet. Det fekk Dagbladets kommentator Dag Solberg til å kalla han for "the comeback kid".

- Men kva er det som får ein sindig vestlending til å seia ja til ein jobb som garantert vil føra til at han blir hoggestabbe for dei forskarane som ikkje har fått tildelt pengar til prosjekta sine?

- Eg ser på det som ei stegvis utvikling. Først var eg forskar med eiga forskargruppe, deretter blei eg instituttsjef for Norsk institutt for by- og regionsforsking før eg kom til Forskingsrådet som direktør for området for kultur og samfunn i 1995. Då eg fekk tilbod om å bli konstituert direktør, synest eg at det var ei fin utfordring som eg måtte seia ja til, seier Hallén til Uniforum. Han er klar over at han kjem til å bli skjelt ut.

- Avhengige av tillit

- Ja, det er alltid ein fare for det sidan Forskingsrådet heile tida har langt større etterspurnad etter forskingspengar enn det me kan dela ut. Dess viktigare er det å føra ein dialog med forskarane og ha ein avgjerdsprosess som blir oppfatta som god og rettferdig. Me er avhengige av at arbeidet vårt har stor tillit, meiner han.

Både i 2003 og i 2004 fekk Forskingsrådet kritikk for at medlemar av programstyre hadde sete på begge sider av bordet då pengar skulle fordelast til ulike forskingsprosjekt. Avsløringane førte til at Forskingsrådet bad jussprofessor Eivind Smith leia eit utval som på nytt kunne vurdere reglane om habilitet og inhabilitet, også sett i høve til omsynet til fagleg kvalitet i vurderingane. Det kom med forslag til forbetringar i handsaminga av søknader om støtte til forskingsprosjekt for å hindra inhabilitet.

- Strenge habilitetskrav

- Forskingsrådet har tatt det meste av desse råda til fylgje, og me har no fått eit system som når det gjeld habilitetskrav er eit av dei strengaste samanlikna med andre nasjonale forskingsråd. Her må gjera våre eigne røynsler.
- I eit lite land som Noreg, vil det ofte vera slik at dei miljøa som har forskarar som fortener støtte, også har medlemar i dei komiteane som skal vurdera søknadane. Dette problemet kan me til ein viss grad løysa ved å lata forskarar frå utanlandske universitet vurdera mange av desse søknadane. Likevel vil eg seia at det generelt sett har vore lita uro over avgjerdsprosessane våre, understrekar Hallén.

- Må vera konkurranse

Universitetsmiljøa har ofte kritisert Forskingsrådet for å ha kontroll over for mange av forskingsmilliardane og har ynskt at ein større del av dei blir kanalisert direkte til universiteta. NFR-direktøren trur ikkje det er den rette vegen å gå.

- Det må vera konkurranse om desse pengane slik at staten kan vera sikker på at den får den best moglege forskinga. Men likevel er eg meir uroa over at dei beste forskarane ikkje får nok økonomisk armslag til å driva med forskinga si. Difor må eg på NFRs vegner seia meg svært lei for at me har hatt ein for låg prosent av positive svar på søknader til frittståande prosjekt, konstaterer Hallén.

Han ser også mange positive trekk i norsk forsking.
- Det er gledeleg å sjå kor bra mange norske forskarar gjer det på den internasjonale siteringsindeksen over artiklar i vitskaplege tidsskrift. Dette viser at dei beste norske forskarane også kan hevda seg bra internasjonalt, slår han fast.

Vil ha meir forskingspengar

Derimot er han ikkje nøgd med dei offentlege løyvingane til forsking.
- Me er langt frå målet om at me i 2005 skulle å bruka like mykje pengar på forsking som gjennomsnittet i OECD-landa. Forskingsrådet vil halda fast på målet og har difor bede regjeringa om å auka løyvinga til Forskingsrådet med 1,1 milliard kroner på statsbudsjettet for 2006. Og like mykje bør gå direkte til institusjonane. Då vil me vera på rett kurs, meiner han.

Ein av grunnane til at Noreg ikkje når dette målet er at det private næringslivet investerer lite i forsking samanlikna med private aktørar i andre land.

Foreslår nyskapingssenter

- Dette er ein av årsakene til at Forskingsrådet ynskjer å løyva 400 millionar kroner over ein periode på inntil åtte år til ei ordning med nyskapingssenter. Føresetnaden er at dei private partnarane frå næringslivet yter ein like stor sum. Dette blir forskingssenter som kjem til å likna mykje på sentra for framifrå forsking (SFF).

- Den store skilnaden er at desse sentra for forskingsdriven innovasjon skal veljast ut fordi dei arbeider på felt som har særleg stort potensial for næringslivet, medan SFF-ane har skapt generelt betre vilkår for grunnforsking. Forslaget er eitt av Forskingsrådets innspel til den nye forskingsmeldinga, seier Hallén.

Til våren skal det utlysast ein ny søknadsrunde for forskingsmiljø som vil ha status som senter for framifrå forsking.

- Eg ser det som viktig at det blir etablert slike senter innanfor ulike fagområde. Difor er det viktig at dei som skal plukka ut dei best kvalifiserte søkjarane har forskjellig fagbakgrunn og kan vurdera søknadar frå ulike fag på ein rettferdig måte, meiner han.

- Forgjengaren din fekk ein svært god fallskjermsavtale då han gjekk. Har du sytt for å få ein liknande avtale?

- Nei. Eg har tenkt å bli verande i denne stillinga.

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2005 13:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere