Günter Grass har opplesing i Universitetets Aula

Den tyske nobelprisvinnaren i litteratur, Günter Grass , skal lesa frå romanen sin "Mitt århundre" i Universitetets Aula torsdag 13. januar kl. 18.00. Heile opplesinga vil gå føre seg på tysk.

Grass kjem til Noreg i samband med utstillinga "Mitt århundre" i Galleri Würth på Gjelleråsen i Nittedal. Der vil 100 akvarellar som Grass har malt til kvart år i førre hundreår, bli stillte ut. Günther Grass blei fødd i Danzig (Gdansk) i dagens Polen i 1927 og er mest kjent for romanen "Blikktrommen", som også er blitt filma. Han er også kjent som ein aktiv og omstridd samfunnsdebattant både i Tyskland og internasjonalt. I dag blir han rekna som Tysklands beste og mest berømte nolevande forfattar. Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1999.

Studentar og universitetstilsette som vil ha gratisbillettar til opplesinga i Universitetets Aula, må ta kontakt med ekspedisjonskontoret til Institutt IV (Rom 718, Niels Treschows Hus)ved HF-fakultetet innan fredag 7.1.2005 kl. 14.00. Billettane kan hentast på samme stad onsdag 12.1.2005 mellom kl. 09.00 og 15.45.

Emneord: Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Martin Toft
Publisert 4. jan. 2005 14:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere