Dekanane vil utsetja rektorvalet

Alle dei åtte dekanane ved UiO ber no om at både rektorvalet og valet på nytt universitetsstyre blir utsett til hausten. Dei ber difor både rektor Arild Underdal og styret om å forlengja funksjonstida si med eit halvt år. - Viss Styret ber meg om det, held eg gjerne fram fem månadar til, seier Underdal.

UTSET REKTORVALET: Både HF-dekan Bjarne Rogan og dei sju andre dekanane vil utsetja rektorvalet til hausten.
Foto: Ola Sæther

Det var på eit seminar torsdag 20. januar dei åtte dekanane blei einige om å foreslå at både rektorvalet og valet på nytt universitetsstyre blir utsett til hausten.

- Sidan Stortinget ikkje vil få vedtatt noko ny universitets- og høgskulelov før rundt 1. mars, vil me ikkje kunne fastsetja dato for rektorvalet før etter denne datoen. Det trengst jo også tid for at kandidatar skal melda seg, og difor blir det ikkje mogleg å halda noko rektorval før i mai. Og eit val på nytt styre vil dermed ikkje kunne gjennomførast før i juni, meiner HF-dekan Bjarne Rogan, som snakkar på vegner av alle dekanane i denne saka.

Han viser til at det ikkje vil vera mogleg å få til ein brei valkamp der alle kandidatar kan få presentera kva dei står for dersom rektorvalet skal skje i løpet av våren.

- For hektisk

- Vårsemesteret blir altfor hektisk til at det er forsvarleg å gjennomføra ein slik lynrask valkamp i samband med rektorvalet. Me bør også få tid til å granska grundig innhaldet i den nye lova om universitet og høgskular før me set i gang ein valkamp. På den måten vil også ein ny rektor og eit nytt styre få meir legitimitet, understrekar Rogan. Dekanane vil no be om at det blir gjort noko for at ynsket deira blir ein realitet.

- Difor vil me be Universitetsleiinga med Universitetsstyret i brodden om å ta dei naudsynte stega overfor Utdannings- og forskingsdepartementet for at UiO skal få løyve til å forlengja funksjonstida til rektor og Styret med eit halvt år, opplyser HF-dekanen til Uniforum.

Seier ja

Rektor Arild Underdal kjenner til utspelet frå dekanane.

- Ja, eg seier meg villig til å halda fram fem månader til, så sant styret og deretter departementet gjer eit vedtak på at funksjonstida kan forlengjast, seier Underdal.

- Eg ser godt poenget til dekanane om at det blir for kort tid til å driva valkamp sidan styret har vedtatt at dei ikkje vil føregripa Stortingets handsaming av ny lov om universitet og høgskular. Eg er budd på å sitja til etterfylgjaren min er på plass, understrekar han.

- Uheldig

Professor Kjell Lars Berge har deltatt i arbeidet med å få lansert ein rektorkandidat som arbeider for kjerneverdiane til universitetet på ein heilt annan måte enn det dei meiner Arild Underdal har gjort. Han støttar ikkje utspelet frå dekanane.

- Det er uheldig dersom funksjonstida til dagens rektorat blir forlengja. Mange av oss har nemleg ikkje lenger tillit til dagens universitetsleiing. Difor bør rektorval og val på nytt styre gjennomførast etter planen og snarast mogleg, meiner Berge.

- Leiinga på universitetet må handla på grunnlag av eit mandat som er gitt dei av fleirtalet, Me ser dette utspelet som eit forsøk på å forlengja eit regime utan eit mandat som det er konsensus om, legg han til. Men også han ser at det blir knapp tid til både å melda seg som kandidat og til å driva valkamp.

- For oss er det viktigaste å få etablert eit rektorat med legitimitet og autoritet, så difor får me heller godta at det blir ein hektisk valkamp, seier Berge.

- Treng meir tid

Dekan Jon T. Johnsen ved Det juridiske fakultetet var leiar for valstyret under rektorvalet og valet på nytt universitetsstyre i 2001. Han meiner at rektorvalet og valet på nytt styre må haldast til hausten. - Etter mitt syn er det viktig for å ta vare på tilliten til universitetsdemokratiet at me får til ein god valprosess med høg oppslutnad og der alle får den informasjonen dei treng, seier Johnsen.

- Forslaget til ny lov om universitets- og høgskular opnar for at funksjonstida både for rektoratet og styret kan forlengjast. Viss me forlengjer ut året, blir det nok tid til både å lansera rektorkandidatar og til å setja seg inn i kva dei forskjellige kandidatane står for, seier Johnsen.

Han viser til at det også er naudsynt å få diskutert viktige endringar i styringsforma i god tid før vala skal haldast.

- Valkamp og val bør gå føre seg medan universitetet er i full aktivitet. Mai og juni er difor månader som høver svært dårleg fordi studentane er opptekne med eksamen eller borte frå universitetet, slår han fast.

- Etter stortingsvalet

- Ny universitetslov er venta i slutten av februar, Då er det i realiteten berre mars og april igjen som er eigna månader for å halda val i vår. Rektorval, prorektorval og styreval har vanlegvis blitt haldne etter kvarandre i ein periode på eit par månader. Det kan bli behov for å laga supplerande reglar for valet. Det kan ein først gjera når lova blir klar.

- Det har også vore snakk om å utvida rektoratet med ein person til og innføra ei ordning med ekstern styreleiar. Slike saker bør vera avklarte før valprosessen blir sett i gang. Difor meiner eg at me treng mykje meir tid på oss enn det me får dersom vala må haldast i vår, seier jussdekanen.

- No skal det også haldast eit stortingsval til hausten. Trur du ikkje det er uheldig om rektorvalet skjer i same periode?

- Det kan vera eit argument for å leggja valkampen for rektorvalet etter stortingsvalet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2005 10:22 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere