Ingen valkomité for rektorvalet enno

Det blir likevel ikkje sett ned nokon eigen valkomité for rektorvalet no. Det er klart etter at Universitetsstyret tysdag 16. november vedtok å utsetja denne saka til etter at Stortinget har vedtatt ny lov om universitet og høgskular. - Det var ei klok avgjerd, synest styremedlem Kristian Gundersen .

STRID: - Det kan bli strid i Stortinget om innhaldet i rektorrolla, trur rektor Arild Underdal.
Foto: Trine Nickelsen

Forslaget gjekk ut på at universitetsdirektøren skulle utnemna ein eigen valkomité for rektorvalet. I komiteen skulle det sitja fire vitskaplege tilsette, to teknisk-administrative tilsette og to studentar.

Hovudansvaret deira skulle bli å syta for at krava til rektorstillinga blei gjort kjente både blant veljarar og moglege kandidatar. Komiteen skulle også få i oppgåve med å presentera kandidatane på ein måte som gir veljarane eit godt grunnlag for å vurdera kvalifikasjonane deira for rolla.

Dessutan kunne komiteen sjølv gå aktivt ut og søkja etter eigna kandidatar. Alle medlemane i komiteen ville nemleg ha fått forslagsrett.

Kan bli strid i Stortinget

Rektor Arild Underdal forstår godt at det var full tilslutnad til forslaget om å utsetja denne saka til etter stortingshandsaminga av den nye lova.

- For å kunna laga ein god skildring av innhaldet i rektorrolla, må me vita om rektor skal ut av Styret og vera dagleg leiar. Det kan det bli strid om i Stortinget. Svaret på det spørsmålet vil ha mykje å seia for innhaldet i rektorstillinga, peikar han på. Etter hans meining er det heller ikkje ei sak som det hastar med å handsama no.

- Saka kom opp no fordi Styret sjølv bad om det i det førre møtet då det blei vedtatt at rektor og prorektor skulle veljast, legg han til.

- Udemokratisk

Styrerepresentant for dei vitskaplege tilsette, Kristian Gundersen hadde på førehand gjort det klart at han var sterkt i mot at det blei sett ned ein slik komité.

- Difor er eg sjølvsagt glad for at det blei vedtatt å utsetja heile saka til etter stortingshandsaminga av den nye lova om universitet og høgskular. Viss forslaget frå universitetsdirektøren hadde blitt vedtatt, kunne denne komiteen ha vurdert alle kandidatar som ville delta i rektorvalet, også dei som folk utanfor komiteen hadde foreslått. Ei slikt styrt val med førehandssensurering av kandidatar, ville ha vore udemokratisk, synest han.

Tidlegare har rektorkandidatane ved UiO lansert seg sjølve og skaffa seg underskrifter frå nok støttespelarar til at dei kunne delta i rektorvalet.

Eksterne rektorkandidatar

Gundersen fryktar også at den nye lova om universitet og høgskular vil opna for tilsetjing av eksterne kandidatar utan professorkompetanse.

- Personleg vil det vera heilt utenkjeleg for meg å stemma på ein rektorkandidat, som ikkje har vist at han eller ho både er ein god forskar og god til å undervisa. I USA er det alltid dei fremste forskarane som blir tilsette som rektorar ved dei mest prestisjefylte universiteta.

- I Noreg ser det ut som om det er ei anna haldning blant dei som tilset toppleiarar innanfor akademia. Difor fryktar eg at det blir lagt mindre og mindre vekt på at ein kandidat til ein leiarstilling i akademia også har ein god fagleg ballast frå forsking og undervisning, seier Gundersen.

Stortingets utdannings- og forskingskomité vil vera ferdig med handsaminga av Ny lov om universitet og høgskular den 8. februar. I løpet av den månaden vil Stortinget ha vedtatt lova som skal erstatta dagens universitetslov. Difor blir det rekna med at det er vald rektor innan utgangen av mai 2005.

Emneord: Rektorvalget, Universitetspolitikk
Publisert 17. nov. 2004 09:59 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere