UiO vil unngå smøring

Etiske kjørereglar skal losa tilsette forbi forsøk på å påverka innkjøpa ved UiO. Det er prosjektet" Ny anskaffelsesorganisering" ved UiO som har utarbeidd desse reglane.

PÅ TRYGG GRUNN: - Dei som fylgjer desse retningslinjene og sjekklista, vil no vita at dei er på trygg grunn, seier prosjektleiar Marianne Braaten og fagansvarleg Svein-Erik Sørli .
Foto: Ola Sæther

UiO-tilsette må ikkje bruka stillinga si til personleg gevinst, men må ved sine handlemåtar oppretthalda og heva respekten for stillinga si og dermed gi eit godt inntrykk av Universitetet i Oslo. Dette er det første bodet i dei åtte etiske boda som tilsette skal ta omsyn til når dei kjøper varer og tenester på vegner av UiO. Dei andre boda gir gode råd både når det gjeld inhabilitet, omgang og sosialt samvær med forretningskontaktar, gåver og andre ytingar, reiser i tenesta, privat bruk av rammeavtaler, fortruleg og rett informasjon og tvilstilfelle.

Sjekkliste

- Me har også laga ei eiga sjekkliste for gjennomføring av innkjøp på mellom 15 000 og 200 000 kroner. Det er krav om å bruka den for alle innkjøp over 15 000 kroner. Dei innkjøpa som kostar mindre enn det, er det ikkje krav om å bruka sjekklista for, understrekar prosjektleiar Marianne Braaten og fagansvarleg Svein-Erik Sørli i NAO-prosjektet (Prosjekt for ny anskaffelsesorganisering) ved Universitetet i Oslo. I tillegg har prosjektgruppa også arbeidd fram rutinar og rettleiing for kjøp og bruk av eksterne konsulenttenester.

- Lettare å gjera det rette

- Dei som fylgjer dei etiske retningslinjene, sjekklista og retningslinjene for bruk av konsulenttenester, vil no vita at dei gjer det korrekt og vil vanlegvis vera på trygg grunn. Det er viktig at dei alle hugsar på at dei gjer innkjøp på vegner av det offentlege. Viss ikkje dei fylgjer regelverket, kan dei lett hamna i fallgruver utan å vilja det, åtvarar Braaten og Sørli. Det er først og fremst i dei tilfella der Innkjøpsseksjonen i Økonomi- og planavdelinga til UiO ikkje er involvert, desse retningslinjene vil vera til stor hjelp.

- Det har vore viktig for oss å koma med nokre korte og konsise retningslinjer som kan brukast av dei som ein gong i mellom handlar inn varer og tenester for UiO eller som er i kontakt med leverandørar på andre måtar. Det er ikkje naudsynt at dei lærer seg heile regelverket i lova om offentlege innkjøp på rams, seier Braaten og Sørli.

- Dette er altså resultat frå fase I av NAO- prosjektet, der me òg har kursa kontorsjefane rundt på institutta og dei andre einingane ved UiO. Seinare vil me halda kurs for alle dei som har ansvaret for å gjera innkjøp på sin arbeidsplass. Det er som regel på institutta og i fakultetsadministrasjonen at folk gjer innkjøp utan å ha naudsynt spesialkompetanse i dette, fortel dei to.

Mangel på dokumentasjon

Prosjektet har kartlagt korleis ulike einingar i dag arbeidar med innkjøp. Medan nokon gjer innkjøp av dyrt vitskapleg utstyr til store laboratorium, er det andre som stort sett berre handlar inn kontorutstyr.

- Det viser seg at det er stor mangel på dokumentasjon av innkjøp og høve til å fylgja heile innkjøpsprosessen. Alle er ikkje like flinke til å ta vare på tingingar, pakksetlar og kvitteringar, konstaterer dei. Nett no er dei i ferd med å finna ut kor store ressursar som blir brukt på innkjøp av varer og tenester ved UiO.

- Me vil gjerne kartleggja kor lang tid dei tilsette brukar på rutinane for innkjøp. Det vil seia frå planlegging til innkjøp og handsaming av rekningar. Truleg vil det vera mogleg å spara inn ein del ressursbruk på å endra rutinane, trur Braaten.

To hovudmål
Det peikar det seg ut to klare mål for prosjektet.
- For det første skal alle UiO-tilsette gjera innkjøp av varer og tenester korrekt etter dei offentlege krava til dokumentasjon og høvet til å fylgja heile innkjøpsprosessen. Dessutan vil me gjerne ha svar på om me kan gjera innkjøpspraksisen vår betre koordinert og meir effektiv enn i dag, seier dei.

Emneord: Økonomi, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2004 14:10 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere