Isabel Allende:- Kuppet gjorde meg til forfattar

- Kuppet gjorde meg til forfattar. Det fortel den chilenske forfattaren Isabel Allende , som trekte nesten fullt hus i BokCafeen i Storsalen i Chateau Neuf 4. oktober.

FLUKT: - Ingen ville tilsetja ein journalist som ikkje brydde seg om deadline. Difor flykta eg inn i litteraturen, fortel Isabel Allende.
Foto: Ola Sæther

- Overalt der eg går i Oslo, kjenner folk meg igjen. Ja, eg føler meg nesten som ei rockestjerne her, smiler Isabel Allende(62), då me treff henne på Hotel Bristol.

Det er heller ikkje alle forfattarar som klarer å trekkja 1200 personar til Bokbadet på Rockefeller og fire dagar seinare nærmare 600 personar på Chateau Neuf. Og det er ikkje den einaste grunnen til at ho føler seg godt motteken i Noreg.

- Ein dag var det ei vilt framand kvinne som aldri hadde lese nokon av bøkene mine, men som likevel kjende meg igjen, som inviterte meg heim til seg på middag. Ho gjorde det fordi ho var gift med ein musikar. Difor visste ho kor einsamt det kunne vera å bu på hotell. Eg visste ikkje at de nordmenn var slik. Det er meir vanleg at sånt skjer i heimlandet mitt Chile, seier ho.

- 4,5 millionar lesarar

- Men kva er det som får Chiles mest berømte kvinne og ei av verdas mest berømte forfattarar til å tilbringa mest ei veke i eit land med 4,5 millionar innbyggjarar for å fortelja om den siste romanen sin "Mitt oppdiktede land"?

- De er også 4,5 millionar lesarar. Og det er ganske unikt, synest ho.

Isabel Allende slo gjennom med romanen "Åndenes hus" i 1981. 12 år seinare blei den filma med dansken Bille August som regissør. Romanen handla om historia til ein chilensk familie gjennom fleire generasjonar og heilt fram til militærkuppet i Chile 11. september 1973.

Var journalist

- Indirekte var det militærkuppet som gjorde meg til forfattar. Det førte til at eg måtte forlata jobben min som journalist og fjernsynsmedarbeidar i Chiles hovudstad Santiago og dra i eksil til Venezuela der den dåverande mannen min allereie hadde slått seg ned. Ingen ville tilsetja ein journalist som ikkje brydde seg om deadline og andre tidsfristar. Difor flykta eg inn i litteraturen og byrja å skriva.

- Og aller først skreiv eg den romanen som alle av oss har inni seg. Altså romanen om historia til familien min. Denne romanen hadde eg bore på alle åra etter militærkuppet. Difor var det ikkje noko vanskeleg å skriva den boka, seier ho. Den neste boka "Om kjærlighet og skygge" var det ikkje like enkelt å bli ferdig med.

-Kritikarane er vanlegvis svært positive til ein debutroman. Det er først når ein forfattar kjem ut med den andre romanen sin dei kvesser pennen og prøver å ta motet frå forfattaren. Den andre romanen min bygde på ei verkeleg hending i byen Rancagua sør for Santiago. I 1973 forsvann 15 bønder sporlaust, og i 1978 fann dei lika av dei i ei nedlagd gruve. I boka mi er det hovudpersonane som finn desse lika. Eg er godt nøgd med at boka blei filma med Antonio Banderas som den mannlege hovudpersonen og Jennifer Connaly som den kvinnelege hovudpersonen, smiler ho. Til saman har ho skrive 15 bøker, tre av dei har vore barnebøker.

"Paula"

På 1990-talet døydde dottera hennar Paula, berre 28 år gamal, av ein sjukdom som ho ikkje kunne kurerast for. Boka om dottera "Paula" er den boka ho har fått flest reaksjonar på frå lesarane sine.

- Det var ikkje alltid fordi dei hadde opplevd det same som meg, men fordi dei kanskje hadde mista ein god venn, ei mor eller ein far. Men eg mistenkjer mange av dei kvinnelege lesarane for å vera meir interesserte i å koma i kontakt med Ernesto, mannen til Paula, enn å fortelja meg om deira reaksjonar på boka, trur ho. I dag er han gift med ei amerikansk kvinne som arbeider som sekretær på kontoret til Isabel Allende i California der ho bur saman med den amerikanske mannen sin.

- Og den amerikanske kona til sonen min leier stiftinga mi, fortel ho til Uniforum.

- Er det ikkje rart for deg å bu i landet som var ansvarleg for militærkuppet i Chile i 1973?

- Eg kan ikkje skulda det amerikanske folket for det som regjeringa deira og CIA gjorde. Fleirtalet av amerikanarane veit ikkje ein gong kvar Chile ligg på kartet. Når eg fortel dei om militærkuppet, synest også dei at det er forferdeleg tragisk.

- Korleis forklarar du at Chiles tragedie hende 11. september 1973 og USAs store tragedie skjedde 11. september 2001?

- Det einaste eg kan seia er at det er eit historisk karma, seier ho undrande.

- Chile inni meg

Denne månaden kom den siste romanen hennar ut på norsk. Den heiter "Mitt oppdiktede land" og handlar om Chile.

- Romanen handlar om det Chile som eg ber inni meg. Det Chile som eg identifiserer meg med. Den handlar om det vesle, isolerte landet Chile, som har innbyggjarar som trur at dei er verdas mest overlegne folk, samtidig som sanninga er at dei faktisk er svært gjestfrie, vennlege og gåvmilde. Og så handlar boka litt om meg også, vedgår ho.

Zorro

No er ho i ferd med å skriva ein roman om heltefiguren Zorro frå California.

- Sidan Zorro var son av spanske innvandrarar, fann eg ut at eg måtte dra til Barcelona og lesa bøker om kva som skjedde der på 1500-talet. På same måte måtte eg dra til New Orleans i fotefara til sjørøvarane. Det er ein fantastisk spennande tidsperiode, og Zorro er ein heilt utruleg heltefigur. Han er ei blanding av Peter Pan, Robin Hood og Che Guevara.

- Og romanen min blir heilt annleis enn filmen dei held på å laga. Dette er ein oppdragsroman for selskapet som har rettane til Zorro. Difor får eg berre halvparten av den inntekta eg får når eg skriv romanar på eiga hand. Men eg synest det er morosamt, seier Isabel Allende.

Emneord: Internasjonalisering, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2004 10:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere